Kvifor feirar vi halloween?
Mange gler seg til halloween, men få kjenner det eigentlege opphavet til denne festdagen. Lær om gammal mystikk, overtru og kristne merkedagar.
Kvifor feirar vi halloween?
Halloween stammar frå gamle norrøne og keltiske tradisjonar. Dei første kjende feiringane av halloween skjedde for meir enn 2000 år sidan, då keltarane feira det som vart kalla Samhain. Keltarane budde i Irland og i det nordlege Frankrike. Den gongen var halloween ei feiring av at sommaren var over og at den kalde vinteren var på veg. Etter at avlinga var teken inn, samla druidar landsbybefolkninga og tende eit felles bål. Nokre gongar vart dyr ofra. Alle som deltok i feiringa, kunne ta med seg ein flamme heim til sin eigen eldstad. Gamle tekstar fortel at feiringa varte i tre dagar og tre netter, og alle måtte vere med. Dersom ein ikkje deltok, trudde folk at ein kunne bli straffa av gudane med sjukdom eller død!
Unngå å bli kidnappa!
I norrøn og keltisk tradisjon trudde folk at grensa mellom den fysiske verda og den åndelege verda vart oppløyst denne kvelden, slik at dei døde kom tilbake. Keltarane kledde seg ut som dyr og monster slik at vonde ånder ikkje skulle bli freista til å kidnappe dei.
Dullahan – den skumle ryttaren
Blant de irske keltarane var Dullahan ein skremmande, mytologisk figur som kunne dukke opp. Dullahan var ein hovudlaus ryttar på ein svart hest med flammande auge. Ryttaren hadde hovudet under armen, med auge som bevega seg konstant. Ein sjeldan gong kunne Dullahan vere ei kvinne. Dukka Dullahan opp, var det eit dødsteikn.
Gudinna for frukt og tre
Då romarane erobra dei keltiske områda i år 43 e.Kr., vart den romerske feiringa av Pomona, gudinna for frukt og tre, ein del av feiringa av Samhain. Symbolet for Pomona er eplet. Eple er ofte ein del av halloween-feiringa i dag.
Gamle tradisjonar blir til halloween
På 1000-talet var dei keltiske områda sterkt påverka av kristendommen, og dei gamle keltiske rituala blanda seg med nye kristne tradisjonar. Kyrkja bestemte at 1. november skulle vere allehelgensdag, altså ein dag der ein feira helgenar og martyrar. Allehelgensdag blei feira som Samhain med bål, paradar og utkledning. Feiringa blei kalla All-hallowmas som betyr allehelgensdag, og kvelden før blei kalla All-Hallow Eve, og seinere halloween. Allehelgensdag er no flytta til første søndagen i november.
Trolldom på halloween var farleg
Det var ei vanlig oppfatning at kontakten med ånder og dei døde den 31. oktober gjorde at magi og naturkrefter fekk ein ekstra verknad. Risikoen for å bli dømd for trolldom og brend levande på bål for å ha drive med farleg magi på halloween, var derfor ekstra stor. Rune Blix Hagen, som er historikar og spesialist på hekse- og trolldomsprosessar, fortel at den samiske sjamanen Quiwe Baarsen berre skulle hjelpe lokale fiskarar i Finnmark med å få vind i segla i slutten av oktober i 1627, men det gjekk frykteleg gale. Den magiske datoen gjorde at han mista kontrollen over kreftene sine, det blei eit kraftig uvêr, og fem personar omkom på havet, stod det i dommen. Baarsen blei dømd til døden og brend på bålet som heks.
Halloween på 5 minutt
Halloween kjem til Amerika
Halloween-tradisjonen kom til Amerika med pilegrimane i 1625. Feiringa i dei nordlege koloniane var i starten begrensa, på grunn av dei strenge religiøse reglane, men meir vanleg i dei sørlege koloniane. Etter kvart utvikla det seg ein eigen amerikansk versjon av halloween med song, dans, og spøkelseshistorier. I siste halvdel av 1800-tallet kom det mange immigrantar til Amerika, spesielt frå Irland (på grunn av sveltkatastrofar). Irane, med sine gamle keltiske tradisjonar, gjorde at halloween-feiringa blei populær over heile landet.
Tradisjonene forandrar seg
Etter kvart som halloween-tradisjonane spreidde seg i Amerika med dei nye immigrantene, begynte folk å kle seg ut etter europeisk tradisjon. Folk begynte å gå frå hus til hus og spørje etter mat eller pengar. Også i tidlegare tider var det vanleg å dele ut noko å ete under halloween, eller Samhain. Det var vanlegvis nøtter eller frukt som blei gitt, både til menneske og ånder. I den nye verda blei dette oftare til godteri.
Utkledd jente på Halloween
Først og fremst festdag for barna
Ei anna forandring var at fokuset på spøkelse og trolldom gjekk over til ein nabosamankomst og ei fellesskapsmarkering. Snart blei fest med utkledning, mat og spel, både for barn og vaksne, vanleg i USA. I dag er halloween den nest største festen i USA, etter jul. Butikkar har nok også gjort sitt til at feiringa har blitt så stor. Etter rundt 150 år med halloween-feiring i Amerika kom tradisjonen til Noreg, rundt år 2000. Halloween er framfor alt ein festdag for barna.
Visste du at …
- … den store interessa for Harry Potter og flygande sopelimar kan ha forsterka interessa for halloween i Noreg?
- … ein skal passe seg for svarte kattar på halloween? Hekser kan nemleg gjere seg usynlege ved å gjere seg om til ein svart katt, vert det sagt.
- … graskar ofte blir brukte som pynt på halloween? Dei er enkle å skjere i og er fine å lage lanterner av for å lyse opp i mørkret. Graskar er også knytt til fruktbarheit og atterføding.
Halloween kostar pengar
I 2019 brukte nordmenn 1,2 milliardar kroner på halloween-feiringa. Det utgjer litt over 1300 kroner per person som deltok i feiringa. Pengane gjekk til kostyme, godteri, fest og dekorasjon. I USA brukte dei til saman 80 milliardar på feiringa i 2019.
Kostbar Halloween
Kjelder:
- History (10.10.2020): Halloween
https://www.history.com/topics/halloween/history-of-halloween
- Store norske leksikon (20.08.21): Allehelgensaften
https://snl.no/allehelgensdag
- Forskning (30.10. 2015): Kulturhistorie
https://forskning.no/kulturhistorie-partner-uit-norges-arktiske-universitet/15-ting-du-kanskje-ikke-visste-om-halloween/461901
- Aftenposten (29.10.2019): Økonomi
https://www.aftenposten.no/okonomi/i/50e0qW/vi-bruker-12-milliarder-paa-halloween
Bilet- og videorettar
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
NRK
-