Kvifor feirar vi halloween?

Mange gler seg til halloween, men få kjenner det eigentlege opphavet til denne festdagen. Lær om gammal mystikk, overtru og kristne merkedagar.

Accessibility icon Kvifor feirar vi halloween?

Kvifor feirar vi halloween?

Halloween kjem frå ulike urgamle hausttakketradisjonar, som den norrøne og den keltiske. Dei første kjende feiringane av halloween går meir enn 2000 år tilbake i tid, då keltarane feira Samhain. Keltarane budde i Irland, Storbritannia og det nordlege Frankrike. Den gongen var halloween ei feiring av avlinga, at sommaren var over og at den kalde vinteren var på veg. Etter at avlinga var teken inn, samla druidar folket i landsbyen og tende eit felles bål. Nokre gongar blei dyr ofra. Alle som deltok i feiringa, kunne ta med seg ein flamme heim til sin eigen eldstad. Gamle tekstar fortel at feiringa varte i tre dagar og tre netter, og at ho var obligatorisk. Dersom ein ikkje deltok, trudde ein at ein kunne bli straffa av gudane med sjukdom eller død!

Ikkje bli kidnappa!

I norrøn og keltisk tradisjon trudde ein at grensa mellom den fysiske verda og den åndelege verda forsvann denne kvelden, slik at dei døde kom tilbake. Keltarane kledde seg ut i kostyme som dyr og monster slik at vonde ånder ikkje skulle bli freista til å kidnappa dei.

Dullahan – den skumle ryttaren

Blant dei irske keltarane var Dullahan ein skremmande, mytologisk figur som kunne dukke opp. Dullahan var ein hovudlaus ryttar på ein svart hest med flammande auge. Ryttaren hadde hovudet under armen, med auge som bevega seg konstant. Ein sjeldan gong kunne Dullahan vere ei kvinne. Dukka Dullahan opp, var det eit teikn på at døden nærma seg.

Gudinna for frukt og tre

Då det romerske imperiet erobra dei fleste keltiske områda i år 43 e. Kr., blei den romerske feiringa av Pomona, gudinna for frukt og tre, ein del av feiringa av Samhain. Symbolet til Pomona er eplet. Eple er ofte ein del av halloween-feiringa i dag.

Gamle tradisjonar blir til halloween

På 1000-talet var dei keltiske områda sterkt påverka av kristendommen, og dei gamle keltiske rituala blanda seg med nye kristne tradisjonar. Kyrkja bestemte at 1. november skulle vere allehelgensdag, dagen ein mintest døde slektningar og venner med lys og blomstrar. Allehelgensdag blei feira som Samhain med bål, paradar og utkledning. Feiringa blei kalla All-hallowmas som tyder allehelgensdag, og kvelden før blei kalla All-Hallow Eve, og seinere halloween. Allehelgensdag er no flytta til første søndag i november.

Trolldom på halloween var farleg

Det var ei vanleg oppfatning at kontakten med ånder og dei døde den 31. oktober gjorde at magi og naturkrefter fekk ein ekstra verknad. Risikoen for å bli dømt for trolldom og brend levande på bål for å ha drive med farleg magi på halloween, var difor ekstra stor. Rune Blix Hagen, som er historikar og spesialist på hekse- og trolldomsprosessar, fortel at den samiske sjamanen Quiwe Baarsen berre skulle hjelpe lokale fiskarar i Finnmark med å få vind i segla i slutten av oktober i 1627, men det gjekk frykteleg gale. Den magiske datoen gjorde at han mista kontrollen over kreftene sine, det blei eit kraftig uvêr, og fem personar omkom på havet, stod det i dommen. Baarsen blei dømd til døden og brend på bålet som heks.

Halloween på 5 minutt 

Halloween kjem til Amerika

Halloween-tradisjonen kom til Amerika saman med pilegrimane i 1625. Feiringa i dei nordlege koloniane var i starten avgrensa på grunn av dei strenge religiøse reglane, men meir vanleg i dei sørlege koloniane. Etter kvart utvikla det seg ein eigen amerikansk versjon av halloween med song og dans og spøkelseshistorier. I siste halvdel av 1800-talet kom det mange immigrantar til Amerika, spesielt frå Irland (på grunn av svoltkatastrofar). Irane, med sine gamle keltiske tradisjonar, bidrog til at halloween-feiringa blei populær over heile landet.

Tradisjonane forandrar seg

Etter kvart som halloween-tradisjonane spreidde seg i Amerika med dei nye immigrantane, byrja ein å kle seg ut etter europeisk tradisjon. Ein byrja å gå frå hus til hus og spørje etter mat eller pengar. Også i dei tidlegare tidene var det vanleg å dele ut noko å ete under halloween, eller Samhain. Det var vanlegvis nøtter eller frukt som blei gitt, både til menneske og ånder. I den nye verda blei dette oftare til godteri.

Utkledd jente på Halloween
Utkledd jente på Halloween

Først og fremst festdag for barna

Ei anna forandring var at fokuset rundt spøkelse og trolldom gjekk over til ein samankomst mellom naboar og markering av fellesskapet. Snart blei fest med utkledning, mat og spel, både for barn og vaksne, vanleg i USA. I dag er halloween den største festen etter jul. Butikkar har nok også bidrege til at feiringa har blitt så stor. Etter rundt 150 år med halloween-feiring i Amerika kom tradisjonen til Noreg, rundt år 2000. Halloween er framom alt ein festdag for barna.

Visste du at …

  • … den store interessa for Harry Potter og flygande sopelimar kan ha forsterka interessa for halloween i Noreg?
  • … ein skal passe seg for svarte kattar på halloween? Hekser kan nemleg gjera seg usynlege ved å gjere seg om til ein svart katt, blir det sagt.
  • … graskar ofte blir brukte som pynt på halloween? Dei er enkle å skjere i og er fine å lage lanterner av for å lyse opp i mørkret. Graskar er også knytte til fruktbarheit og atterføding.

Halloween kostar pengar

I 2019 brukte nordmenn 1,2 milliardar kroner på halloween-feiringa. Det utgjer litt over 1300 kroner per person som deltok i feiringa. Pengane gjekk til kostyme, godteri, fest og dekorasjonar. I USA brukte dei til saman 80 milliardar på feiringa i 2019. I år er det grunn til å tru at pengebruken går litt ned på grunn av koronapandemien.

Kostbar halloween 

Bilet- og videorettar

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. NRK
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. NRK