Kvifor feirar vi påske?

Opphavet til påske finn vi i historia om israelsfolket og flukta frå Egypt. I kristendommen har påske blitt ei høgtid der vi feirar at Jesus stod opp frå dei døde. Men påske handlar også om påskeegg, hyttetur, krimbøker og ferie.

Påskebakgrunn med påskeegg
Påskebakgrunn med påskeegg

Fasta

Fasta er tida før påske. I tidligare tider la ein større vekt på fasta enn i vår tid, sjølv om mange framleis fastar. Fasta varte frå oskeonsdag til langfredag. Det er 42 dagar; like lenge som Jesus fasta i ørkenen, ifølgje Det nye testamentet.  

I fasta skulle folk ete lite og tenkje over påskebodskapen. Veka før fasta tok til, kunne dei fråtse og feste. Då var det karneval og fastelavn. Denne tradisjonen er det framleis mange som feirar. 

Fastelavn starta med fleskesøndag der skikken var å fråtse. I vår tid et vi fastelavnsbollar på denne søndagen. Blåmåndag er «dagen derpå», og feitetysdag forklarer seg nesten sjølv. Så kom oskeonsdag, og fasta starta. Då strødde folk oske i håret, og dei vaska seg ikkje før skjærtorsdag i påskeveka.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fastelavnsris
Fastelavnsris

Pesach den jødiske påska 

Pesach er ei av dei viktigaste jødiske høgtidene. Frå dette ordet har vi påske. Pesach er ein åtte dagars fest til minne om då Israelsfolket flykta frå Egypt. Jødane hadde vore slavar der i årevis. Ifølgje 2. Mosebok i Bibelen klarte Moses – med hjelp av Gud å befri dei.  

Før jødane fekk lov til å reise, opplevde Egypt ti landeplager. Ei av dei var at alle førstefødde egyptiske barn vart drepne. Jødane slapp unna ved å stryke blodet frå eit lam rundt dørene sine. Då gjekk Guds dødsengel forbi. 

Eit rituelt måltid

For å feire pesach utfører jødane eit rituelt måltid kalt «seder». Reglane for dette finst i boka «Haggada» som detaljert skildrar flukta frå Egypt. Denne feiringa skal skape kjensla av å vere frie menneske.

Måltidet er fullt av symbol. På ein tallerken ligg det mat som fortel historia om det jødane opplevde i Egypt. Maten skal ikkje etast, men han har symbolsk verdi.

Symbolsk mat

På tallerkenen ligg det blant anna bitre urter som minner om den harde tida i Egypt. Her ligg også lammekjøt som jødane ofra til Gud. Haroset – ei blanding av eple, nøtter, rosiner og krydder – symboliserer mørtelen slavane brukte då dei bygde for egyptarane. Her finn vi også matsa – usyra brød. Jødane rakk ikkje å heve brødet før dei flykta, og brødet vart hardt og tynt. På bordet står også ei flaske med saltvatn som skal symbolisere tårene til jødane.

Forboden mat

Under pesach er det forbode å ete alt som er laga av kveite, rug, bygg, havre og spelt. Dette kallar dei  «hamets». Det er til og med forbode å ha slike matsortar i huset! Ei av dei viktigaste førebuingane til pesach er å fjerne all hamets – brød, kaker og pasta – frå huset.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Flukten fra Egypt
Flukten fra Egypt

Den kristne påska

Påska er den viktigaste og eldste kristne høgtida. Vi feirar påske til minne om Jesu oppstode frå dei døde. Dette er eit drama på liv og død som utspelar seg frå palmesøndag til 1. påskedag.

Dei ulike dagane i påskeveka formidlar kva som hende i Jerusalem for cirka 2000 år sidan. Dette var ei veke som forandra heile historia vår. Vi kallar tida frå palmesøndag til påskeafta «den stille veka». Namnet kjem av at ein tidligare ikkje ringde med kyrkjeklokkene. Ein brukte heller ikkje orgelet under gudstenestene. Ein skulle helst ikkje arbeide, og det skulle vere stilt både ute og inne.

Jesus inntog i Jerusalem
Papir bakgrunn
Papir bakgrunn

Palmesøndag 

Israel og hovudstaden Jerusalem var okkupert av romarane. Det jødiske folket begynte å bli lei av dette, og ønskte fridom. Profetar som levde mange hundre år før Jesus vart fødd, hadde fortalt om at ein frelsar skulle komme. Dei visste berre ikkje når.

Jesus og disiplane hans skulle feire den jødiske påskehøgtida i Jerusalem. Då dei nærma seg byen, bad Jesus to av disiplane om å finne eit esel. Dette gjer Jesus for å oppfylle ein gamal profeti: «Sjå, kongen din kjem til deg, rettferdig og rik på siger, fattig er han og rir på eit esel, på ein eselfole.»

Ridande på veg inn mot Jerusalem blir Jesus hylla av folket som vifter med palmegreiner og ropar «hosianna». Det betyr ‘frels oss’. Tradisjonen med palmegreiner er det framleis mange kyrkjer som brukar. Palmesøndag skal vere ein festdag, og bibeltekstane fortel at Jesus vart hylla som ein konge.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Palmesøndag
Palmesøndag
Papir bakgrunn
Papir bakgrunn

Langfredag

Gjennom heile livet forstod Jesus at han hadde ei viktig oppgåve: Menneska synda mot Gud, og derfor måtte Jesus døy for å frelse menneska frå synd og fortaping. Som lamma i Egypt måtte han døy for at jødane skulle sleppe unna dødsengelen.

Blant dei som bestemte i Jerusalem vart Jesus sett på som ein farleg mann. Ein som fekk med seg folket til å gå mot dei som herska. Derfor tok dei han til fange og let han døy på eit kors. Han opplevde langvarig smerte, og derfor heiter det langfredag.

I kyrkja på denne dagen er det ikkje orgelmusikk, og det er lite pynt. Det skal vere ein sørgjedag, og bibeltekstar om Jesu liding og død skal lesast høgt. Nokre går i prosesjon med kors, og andre lar seg pine akkurat som Jesus.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Jesus på korset
Jesus på korset

Påskeaftan

Påskeaftan er påskas julaftan. Då et vi ofte litt ekstra god mat, og kosar oss med påskeegg. Tradisjonen seier at påskeharen legg desse egga, og vi må ofte leite etter dei. Når vi finn dei, kan vi kose oss med sjokolade, marsipan og andre godsaker.

I kyrkja feirar ein ofte med gudsteneste på kvelden eller natta. Kyrkja er ofte heilt mørk, og kyrkjelyden syng påskesalmar. Når soloppgangen kjem, tenner ein lysa, og oppstodefesten kan begynne. Denne natta følgjer vi Jesus frå døden til livet. Frå mørkret til lyset. I Bibelen vert Jesus kalla «verdas lys».

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Påskeegg fylt med godteri
Påskeegg fylt med godteri

1. påskedag

Hadde Jesus berre døydd, så hadde det mest sannsynlig ikkje vore noko som heiter kristendom. For det som skjedde 1. påskedag er heilt avgjerande for at vi feirar påske og har ein religion.

Etter at han døydde, vart han lagt i ei grav. Tre dagar etter det var det nokre kvinner som skulle stelle den døde, men då var grava tom. Jesus hadde stått opp igjen frå dei døde. Dette er den hendinga som gjer at kristendommen har blitt den største religionen i verda.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Jesu oppstandelse
Jesu oppstandelse

Sola dansa

For nokre hundre år sidan var det mange som gjekk til ein fjelltopp på 1. påskedag for å sjå «sola danse». Folk trudde også på trollkjerringar. Ein skulle helst ikkje klippe negler, for avfallet kunne brukast av den vonde.

Pisking 

På langfredag kunne barn og husdyr bli piska før ein åt gubbegraut laga av sildevatn og rugmjøl. Ein skulle også pine seg sjølv med harde arbeidsoppgåver, eller ein skulle gå med sand i skorne.

Eggeplomme og dåp

Når folk åt egg, spådde dei i eggeplomma. Di større plomme, di betre ville året bli. På skjærtorsdag var det vanleg å døype og namngi nyfødde husdyr.

Halv stong og geværskot

Dei som hadde flaggstong, firte flagget på halv stong langfredag. Påskehelga vart ofte skoten inn med gevær for å beskytte seg mot det vonde.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Eggeplomme på en gul bakgrunn
Eggeplomme på en gul bakgrunn

Påske no

Mange i vår moderne tid feirar framleis påske med gudstenester, salmesong, korsvandringar eller påskelam. For andre handlar påske om hyttetur, Kvikk Lunsj, egg, skismøring, appelsinar, late fridagar og påskekrim.

Tradisjonen med påskekrim starta i 1923. Nordahl Grieg og Nils Lie lanserte kriminalromanen «Bergenstoget plyndret i natt». Annonsen var å finne på førstesida i Aftenposten ei veke før palmesøndag. Folk trudde det var ei nyheitsoverskrift, og la ikkje merke til det vesle merket «avert.» nederst i annonsen, som fortalde at dette var ein reklame.

Dermed fekk folk ein tradisjon for å lese krimbøker i påskeferien. Nordmenn er blant dei mest lesande når det gjeld krim, og vi har mange krimforfattarar som sel bra både i Noreg og i utlandet.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Et barn som detektiv
Et barn som detektiv

Kvifor er påska gul?

Påskefargen er gul, men kvifor? Når påska kjem, går det mot vår og lysare tider. Sola står høgare på himmelen, og naturen vaknar på nytt. Egg er symbolet på nytt liv, og eggeplomma er gul.

Vi pyntar med påskeliljer, et appelsinar, drikk Solo og et gul marsipan.

Påskekylling
Påskekylling

Korleis reknar ein ut når påska er?

Første påskedag er første søndag etter første fullmåne etter vårjamdøgn. Det vil seie at det er like mange timar med og utan sollys. Vårjamdøgn ligg alltid mellom 20. og 21. mars. Påska kan derfor finne stad i perioden mellom 22. mars og 25. april.

Dame som markerer i en kalender
Dame som markerer i en kalender

Påska i kunsten

I vestleg kunst er Jesu lidingshistorie svært sentral. I mellomalderen var motiv frå påskehistoria mest vanleg. Det kan vi sjå i gamle kyrkjer der alteret ofte var prega av Jesus på korset. Han er ofte framstilt som ein ung mann med skjegg og langt, brunt hår, men det finst andre motiv av han også.

Det er ikkje berre dødsaugneblinken som vert framstilt. Mange har også måla den oppstadne Jesus, nattverden, skjærtorsdag og svikaren Judas. Påska har svært mange sentrale hendingar frå livet til Jesus, så det er heilt naturleg at kunstnarane vart inspirert av dette.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nattverden, Leonardo da Vinci
Nattverden, Leonardo da Vinci

Kjelder:

  • God påske – familieboken fra fastelavn til vår (1988)
    Sigrun Nygaard
    Moriggi / H. Aschehoug & Co.
  • Stordalen, Terje; Thorbjørnsrud, Berit S.; Stensvold, Anne; Barstad, Hans M.; Kværne, Per; Winje, Geir: Påske i Store norske leksikon på snl.no. Hentet 23. februar 2021 fra https://snl.no/påske
Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. James Tissot
    4. The Musée Condé, Chantilly / Getty Images
    5. Meister der Palastkapelle in Palermo / NRK
    6. NRK TV / Getty Images
    7. Gabriel Wüger / Getty Images
    8. Getty Images
    9. Alexander Andreyevich Ivanov / The Church of Jesus Christ of Latter-day Saints – YouTube
    10. Getty Images
    11. Getty Images
    12. Getty Images
    13. Getty Images
    14. Leonardo da Vinci