Valentinsdagen

Kvifor kjøper vi raude roser, sjokolade og kort den 14. februar? Kva om vi ikkje har nokon å gi ei gåve til? Kva om vi ikkje får?

Et glad par som gir valentines gave til hverandre
Et glad par som gir valentines gave til hverandre

Kjærleikens dag

På kalenderen er den 14. februar merkt av som valentinsdagen. I Sverige kallar dei dagen for Alla hjärtans dag. Det engelske Valentine’s Day er også mykje brukt rundt om i verda. Her i Noreg vart valentinsdagen ein tradisjon frå slutten av 1900-talet. Bakgrunnen for feiringa finn vi i Roma, hovudstaden i Italia.

En mor og datter som lager valentinsdags gaver
En mor og datter som lager valentinsdags gaver

Til ære for Juno

Feiringa av den 14. februar kan stamme frå den romerske Juno-festen for nesten 2000 år sidan. Juno var himmeldronninga og gift med den mektigaste guden, Jupiter. Juno var beskyttar av bryllaup og ekteskap.

Ein annan festival vart også feira i midten av februar. Han vart kalla Lupercalia-festivalen. Då feira ein  kjærleiken og god helse. Desse festene hadde ingenting med kristendom å gjere. Dette likte ikkje paven. Han gjorde den 14. februar om til ei feiring av den kristne Valentinus.

En statue av en kvinne i Roma
En statue av en kvinne i Roma

St. Valentinus

Men kven var denne Valentin? Det veit vi ikkje sikkert. Det levde visstnok to menn som heitte Valentinus på 200-talet e.Kr. Den eine var prest, og den andre var biskop. (Ein biskop er det same som ein kyrkjeleiar.) Begge var helgenar og blei feira den 14. februar.

Ein helgen er ein person som den katolske kyrkja meiner er heilag. Personen har gjort så gode gjerningar at han eller ho står nærmare Gud enn andre. Dei blir sett på som Guds favorittar blant menneska. For å bli helgen må personen ha utført mirakel. Ordet sankt betyr helgen og står føre namnet til personen. I Noreg har vi blant andre St. Olav (Olav den heilage).

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En skygge fra en religiøs leder
En skygge fra en religiøs leder

Lege, prest eller trollmann?

Kan presten og biskopen vere ein og same person? Ei forteljing seier at Valentinus var lege, og at han levde rundt år 268 e.Kr. Valentinus gjorde mange menneske friske. Keisaren i Roma var imponert, men likte ikkje at Valentinus var kristen. Keisaren kravde at Valentinus skulle dyrke dei gamle romerske gudane.

Valentinus heldt fast på trua si og vart skulda for å vere trollmann. Dommaren som leidde rettsaka,  hadde ei dotter som var blind. Med Guds hjelp skal Valentinus ha gitt henne synet tilbake. Mange vart  kristne etter dette. Keisaren vart sint og fekk Valentinus drepen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Bilde av hender med kjetting og i hendene holder han er kors
Bilde av hender med kjetting og i hendene holder han er kors

Par i hjarte

Ei anna forteljing seier at den romerske keisaren kalla inn alle ugifte menn til hæren. Soldatane fekk ikkje lov til å gifte seg. Presten Valentinus heldt likevel fram med å vie soldatar med den dei elska. Då dette vart oppdaga, hamna Valentinus i fangeholet.

Valentinus forelska seg i den blinde dottera til fangevaktaren.  Dei fekk aldri kvarandre. Rett før Valentinus vart drepen den 14. februar, hadde han skrive eit avskjedsbrev til kvinna han elska. Brevet var underteikna «Frå din Valentin».

Rosa bilde med en valentinesdagskort nede i høye hjørne med pynt
Rosa bilde med en valentinesdagskort nede i høye hjørne med pynt

Ei god blanding

Vi veit altså ikkje kven Valentinus var. Kanskje er kjærleikens dag til minne om både Juno, Lupercalia-festivalen og Valentinus?

En skygge fra en religiøs leder
En skygge fra en religiøs leder

Raud einsemd

Ein av tre nordmenn markerer valentinsdagen. Somme bruker dagen til å invitere ein mogleg venn eller kjærast med seg ut.  Andre frir til kjærasten sin. Likevel meiner halve den norske befolkninga at dagen ikkje har noko i vår kalender å gjere.

Er det berre butikkane som ønskjer å tene meir? Eller har dagen noko for seg? Kan valentinsdagen gjere det vanskeleg for dei som IKKJE har ein kjærast? Mange gleder seg og skriv brev, kjøper roser, sjokolade eller ei hjartepute. Men dagen kan også ha nokre negative sider.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kva er lukke? Kva er kjærleik?

Kan markeringa gjere det vanskeleg for dei som er åleine? Er det å ha kjærast det beste for alle? Fleire og fleire bur åleine. Vil det seie at dei er mislukka menneske? Betyr det at alle som lever åleine, også er einsame? Betyr det at dei ikkje har kjærleik i livet?

Bur du åleine, har du truleg større fridom. Fridom er ein av dei viktigaste verdiane i samfunnet vårt. Så kven kan då seie kva lukke er? Handlar kjærleik berre om å elske ein annan? I Bibelen står det at du skal elske nesten din som deg sjølv. Elskar vi ikkje oss sjølve, er det vanskeleg å elske andre. Kan det ikkje då, på den 14. februar, vere lov å kjøpe ein sjokolade og ete han åleine?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En dame sitter alene og koser seg med valentines sjokolade
En dame sitter alene og koser seg med valentines sjokolade

Valentinsdagen i ulike land

Tradisjonane rundt valentinsdagen varierer frå land til land. Her finn du ei liste over romantiske tradisjonar som finst rundt om i verda.

USA

Mange i USA tar det heilt ut når dei skal vise kjærleik til kvarandre. Kvart år bruker amerikanarane 18 milliarder dollar på konfekt, kort, blomstrar og smykke. Kort er den vanlegaste gåva, men ikkje berre for par. Familie, venner og skulebarn skriv også kort med tekst om vennskap.

Peru

I staden for å gi roser er det mange som gir orkidear –  nasjonalblomsten i landet. Denne dagen er det utruleg mange som gifter seg. Då får dei sagt «ja» til kvarandre på verdas mest romantiske dag.

Storbritannia

Som i USA er dette ein viktig dag, men folk tar nok ikkje heilt av slik dei gjer mange stader i USA. Mange gir kvarandre gåver som blomster, sjokolade og smykke. Om kvelden er det vanleg at par går ut og har ein god  middag på byen.

Finland

I Finland handlar denne dagen om vennskap. Om ein  ikkje har ein kjærast, spelar det inga rolle. På finsk blir dagen til og med kalla «vennedagen» – Ystävänpäivä – i staden for valentinsdagen. Den offisielle blomsteren er rosa roser.

Sør-Korea og Japan

I desse landa er det mennene som blir bortskjemde. På valentinsdagen kjøper kvinnene sjokolade til dei som eit teikn på at dei er takksame. Men mennene blir takksame i retur månaden etter.  Den 15. mars er det mennene som gir kake, godteri og blomstrar.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
En hjerteformet åpen konfekteske og røde roser liggende på et trebord.
En hjerteformet åpen konfekteske og røde roser liggende på et trebord.

Kjelder:

  • Skjoldli, Jane: helgen i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. januar 2022 frå https://snl.no/helgen

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images