Politiker med bensinpumpe
Korleis er økonomien
i Noreg organisert?
Politikarane våre bestemmer kva samfunnet treng, og korleis det skal bli betalt. Alle som jobbar, må derfor betale noko av lønna si som skatt. Vi betaler òg avgifter når vi kjøper bensin eller mat. Alle desse pengane blir brukte til å byggje skular, vegar og sjukehus.
Ein del av pengane kjem òg frå oljefondet. I Noreg tener vi veldig mykje pengar på olje, og vi set av noko til sparing i dette fondet. Då har vi pengar når vi treng noko ekstra.
Illustrasjon av en graf med mat rundt
Vi handlar med heile verda
Noreg sel og kjøper varer over heile verda. Prisane i Noreg blir derfor bestemte av kva som skjer i resten av verda. Dei siste åra har klimaendringar, pandemi og krig påverka prisane.
Et kart med masse streker gjennom land
Bilde av en trestamme med mønster fra barkbiller
En graf som går nedover med corona ikon rundt
Krigen i Ukraina
Krigen i Ukraina frå februar 2022 har ført til prisauke på mat og olje. Mykje at dette kjem av at Russland er ein stor eksportør av olje, og at Ukraina produserer store mengder korn.
En traktor sår på jordet i solnedgangen
Illustrasjon av en pakke fra Russland som en hånd aviser
Men … straumen lagar vi vel sjølve?
Noreg produserer mykje straum, men vi beheld ikkje alt sjølve. Mykje av straumen blir selt mellom anna til Sverige, Danmark og Tyskland. Ei avtale med desse landa gjer at mellom anna straumprisane ikkje skal vere for høge.
Når straumprisene i det siste har blitt så høge i store delar av Noreg, var det fordi fleire ting skjer på ein gong.
Elektrisk strøm fra solceller, vindmøller og vannkraft.
Færre kolkraftverk og krig i Europa
Mange europeiske land byter ut kol med vind- og vasskraft for å produsere straum. På grunn av lite vind og nedbør har dei produsert mindre enn normalt. Krigen i Ukraina har gjort at Russland ikkje leverer like mykje gass til Europa som før. Gass blir mellom anna brukt til oppvarming og matlaging. Men behovet for straum blir større og større.
Kullkraft verk som slipper ut damp i solnedgangen
Bilde av kalde Lofoten med hav, fjell og hytter
Kan vi ikkje berre
bruke meir oljepengar?
Noreg er eit av verdas rikaste land, og vi har mange pengar i oljefondet. Viss politikarane hadde delt fondet på alle innbyggjarane, så hadde kvar av oss fått over 1 million kroner – kvifor kan dei ikkje berre gjere det?
Bilde av Stortinget i Oslo, Norge
En gutt som fyller bensin/diesel
Oljefondet er sparebøssa vår
Blir vi rikare av å ta ut meir pengar frå oljefondet? Der og då kanskje, men pengane mistar jo raskt verdi. Di meir pengar vi har, dess høgare blir prisen på varene vi kjøper. Er det noko poeng med mykje pengar i lommeboka, då?
En sparegris med lilla bakgrunn
Illustrasjon av ett helikopter som slipper ut penger til folk
Fanga i ein vond sirkel?
Ein låg og jamn inflasjon gjer ikkje så mykje skade for økonomien. Men under koronapandemien har mange land brukt ekstra mykje pengar for å hjelpe innbyggjarane. Dette har ført til ein høg og rask inflasjon. Målet må vere å snu dette slik at vi får ein sunn og god økonomi.
Blå mystisk sirkel
Kva no?
Prisen på matvarer, tømmer, straum og bensin blir altså styrt av det som skjer i verda. Politikarane kan ikkje berre setje ned prisane eller bruke meir oljepengar. Det må meir langsiktige løysingar til.
Så kva tenkjer du? Kva kan vi gjere for å bidra til at prisane går ned?
Hvitt spørsmålstegn på blå bakgrunn.
Kjelder:
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images / NASA Climate Change – YouTube
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-