Kvifor legg påskeharen egg?

Kvifor har haren og kyllingen blitt symbol for påske? Korleis feira ein påske i tidlegare tider? Kva slags tradisjonar har vi no? Kva skjer utanfor Det kvite hus kvar påske?

Accessibility icon Kvifor legg påskeharen egg?

Påskeharen

Harepusen har for mange blitt eit symbol på påske. Han legg egga sine i alle regnbogens fargar og gøymer dei rundt i hus og hage. På påskeaftan er det om å gjere å finne så mange egg som mogleg. 

Påskeharen dukkar første gongen opp i ein tysk tekst frå 1600-talet. Truleg er påskeharen eldre enn dette. 

Men kvifor legg påskeharen egg?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor legg påskeharen egg?

Det er fleire teoriar om kvifor haren legg egg til påske. Vi veit ikkje heilt kva som stemmer.

Frå fugl til hare

På tysk heiter påske «Ostern», og på engelsk «easter». Namna kjem frå den greske gudinna Ostara. I ein gresk myte høyrer me om då Ostara hjelpte fuglen Lepus etter at jegeren Orion hadde knust alle egga hennar. Ostara gjorde Lepus om til ein hare for å sleppa unna jegeren. Men Lepus sakna å kunna leggja egg, så det fekk ho lov til éin gong i året: Til påske!

Altfor mange egg

I europeiske land på 1700-talet leita barn etter påskeegg rundt omkring på tunet, på låven og i hagen. Det var så mange egg at barna lurte på kvar alle desse egga kom frå.  

For å gi barna ei forklaring var det nokre som fortalde historia om påskeharen. Det var jo ikkje mogleg at høner kunne leggje så mange egg.

Den eigentlege grunnen var at det hadde vore faste fram til påske, og i fasta var det ikkje lov å eta egg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Påskeharen i Noreg

Mange trur at tradisjonen med påskeharen kom frå USA. Amerikanske firma som laga leikar og godteri tente masse pengar på «Easter Bunny» utover på 1900-talet.

Men i Noreg leika barna med påskeharar allereie på slutten av 1800-talet.

Eggrulling utanfor Det kvite huset

I USA og andre land er det tradisjon for å «rulla» egg 2. påskedag. Dette er til minne om steinen framfor grava til Jesus som vart rulla bort.  

Eggrulling utanfor Det kvite huset i 1929.  ⮕

Fleire tusen barn kjem til Det kvite hus for å delta på dette saman med presidentfamilien og Easter Bunny. Her rullar dei egg på graset med ei stor skei. 

Første gong dei hadde denne feiringa, var i 1878. Sidan har dette vore ein fast tradisjon som berre blir avlyst ved veldig dårleg vêr. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Påskekyllingen

I Norden er påskekyllingen svært populær. I USA og Europa elles er påskeharen meir vanleg.

Kyllingen og egget er symbol på eit nytt liv. Den vesle kyllingen bryt seg ut av egget, akkurat som Jesus som braut seg ut av grava 1. påskedag.

Til påske pyntar vi med kyllingar. Vi finn dei på pappegg, serviettar og som figurar i alle størrelsar. 

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Påskekylling
Påskekylling

Offerlam

I 1. Mosebok kan vi lese om då israelsfolket var slavar i Egypt. Moses klarte, med hjelp frå Gud, å redde dei ut. Farao ville ikkje sleppe dei, og Gud straffa egyptarane. 

For at dødsengelen skulle vita kvar det budde jødar, måtte dei stryka blod frå eit lam rundt alle dørkarmar for å verna seg.

Pesach

Under pesach, den jødiske påska, ofra jødane lam i tempelet i Jerusalem. Etter at tempelet brann ned i år 70 e.Kr., stoppa jødane denne tradisjonen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Saueflokk på vei til slakting
Saueflokk på vei til slakting

Påskeheks

Påskeheksa er mest vanleg i Sverige og Finland. På langfredag var beskyttelsen til Gud på sitt lågaste. Då passa heksene på å herje med folk. For å beskytte seg brann folk store bål.

Svensk og finsk påske er svært annleis enn i Noreg. Dei et meir fisk, og barna kler seg ut som hekser og går frå hus til hus for å få godteri. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Heks
Heks

Påska i tal

Påske er viktig for dei fleste. Halvparten av oss reiser på hytta i påska. Over 1 million følgjer påskenøttene på NRK og ser påskekrim på TV. Det blir selt masse krimbøker og quizbøker.

Påska er ei kristen høgtid, men berre fire prosent av oss går i kyrkja. Påska er ei bevegeleg høgtid, og 1. påskedag kan falle på 35 ulike datoar. I påska et vi 24 millionar egg og 300 tonn bacon. Vi et tre Kvikk Lunsj kvar, og vi et ein appelsin dagleg.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Påskeøya 

Påskeøya ligg i Stillehavet. Den er mest kjend for dei 887 statuane av stein kalla moai. 

Dei første frå Europa kom dit 1. påskedag, 1772, og derfor blir den kalla Påskeøya. Dei som bur der, kallar den Mata-ki-te-Rangi. Det betyr Auge mot himmelen.

På 1200-talet flytta dei første menneska til Påskeøya, mest sannsynleg frå Asia. 

Den norske arkeologen Thor Heyerdahl, trudde dei første menneskja kom dit frå Amerika, men det stemmer nok ikkje. I dag bur det berre nokre hundre menneskjer på øya.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Thuesen, Nils Petter; Thorsby, Erik Stein: Påskeøya i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 24. februar 2021 frå https://snl.no/påskeøya

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. The White House Historical Association / The Obama White House YouTube
    6. Øisteins Blyant YouTube
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images