Kvifor streikar vi?

Våren 2021 streika mange tusen menneske i Noreg. Det var lærarar, helsearbeidarar og andre tilsette i kommunane. Kvifor streika dei eigentleg? Kva for ein rett har nokon til å stanse jobben sin for å streike? Går ikkje dette ut over nokon andre?

Accessibility icon Kvifor streikar vi?

Kva er streik? 

Ordet «streik» kjem frå det engelske ordet «strike» som betyr ‘slå’ eller ‘slå til’. 

Ein streik er at tilsette på ein arbeidsplass stansar arbeidet for ein kort eller lengre periode. Dette fordi det er usemje – ein såkalla tvist – mellom arbeidstakar og arbeidsgivar. Streik er lovleg gjennom arbeidstvistlova § 1. 

Éin arbeidstakar kan ikkje streike når han eller ho vil. Det må vere medlemmar i ei fagforeining som går saman om å streike.  

Verknadene av ein streik kjem an på kva slags yrkesgrupper som streikar. Det er meir alvorleg for samfunnet at en heil brannstasjon blir tatt ut i streik, enn til dømes ein kommunal svømmehall. 

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Storstreik i Oslo 28. januar 2015
Storstreik i Oslo 28. januar 2015

Når fekk vi streikerett?  

Gjennom alle tider har arbeidarar hatt behov for å aksjonere mot arbeidsgivarane. Årsaka kan ha vore løn, rett til ferie eller grådige eigarar som har utnytta arbeidarane sine. 

Under den industrielle revolusjonen på 1700- og 1800-talet var det stort behov for arbeidskraft i fabrikkar og  gruver. Arbeidarane tente lite pengar, mens eigarane ofte vart rike. Tilhøvet mellom arbeidarar og fabrikkeigarar kunne derfor bli vanskeleg.

Streik var forbode fram til slutten av 1800-talet. Då var det fleire og fleire som fekk streikerett. Den første lovlege streiken i Noreg kom i 1889. Då streika jentene på ein fyrstikkfabrikk i Kristiania. Byen heiter Oslo i dag.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Fra fyrstikkarbeiderstreiken i oktober 1889, da jentene ved fyrstikkfabrikkene Bryn og Grønvold la ned arbeidet.
Fra fyrstikkarbeiderstreiken i oktober 1889, da jentene ved fyrstikkfabrikkene Bryn og Grønvold la ned arbeidet.

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!