Kvifor treng vi B-vitamin?

Kvifor treng vi B-vitamin? Kvifor finst det så mange ulike?

Accessibility icon Kvifor treng vi B-vitamin?

Dei viktige B-vitamina

Det finst åtte ulike B-vitamin. Dei er anten vassløyselege eller feittløyselege. Vassløyselege B-vitamin blir lagra dårleg i kroppen. Dei blir raskt skilde ut gjennom urinen. Dei feittløyselege vitamina kan bli lagra i  feittvevet i kroppen i lang tid.

B-vitamina er viktige for helsa vår. Dei aller fleste av desse må vi få i oss gjennom maten vi et.

B1 – tiamin

B1 finn vi i mjølk, korn, svinekjøt og belgfrukter som erter og peanøtter.

Vi treng B1 for at kroppen skal ta til seg næring på ein god måte. Men også for at nervesystemet skal fungere best mogleg.

B2 – riboflavin

B2 finn vi i mjølk, ost, grønsaker, lever, sjampinjongar og mandlar.

Vitaminet bryt ned giftstoff og bidreg til at dei raude blodlekemane fungerer normalt.

B3 – niacin

Det finst rikeleg med B3 i kjøt, grønsaker, nøtter og kornprodukt.

B3 er med på å verne arvestoffet vårt – DNA. Det kan òg minske risikoen for hjartestans. For mykje B3 kan føre til kløe, trøyttleik og problem med tarmane.

B5 – pantotensyre

Dette vitaminet finst i nesten alle matvarer.

B5 hjelper til med å frigjere energi frå maten vi et. Vitaminet bidreg òg til at fordøyinga fungerer bra.

B7 – biotin

B7 blir produsert i kroppen, men vi treng ofte noko ekstra.

Vi finn B7 i gjær, brød, egg, ost, lever, ulike typar kjøt, fisk og grønsaker.

For lite B7 kan føre til hårtap, utslett, dårleg balanse, muskelsmerter, vekttap og krampeanfall.

B9 – folat

Dei som er gravide,treng folat. Det sikrar at fosteret utviklar seg slik det skal. For lite B9 kan i verste fall føre til at fosteret døyr.

B9-mangel kan òg føre til blodmangel.

Vi finn vitaminet i brokkoli, asparges, spinat, appelsinjuice, ris og brød.

B12 – kobalamin

Mangel på dette vitaminet kan føre til store smerter og lammingar i kroppen. B12 er med på å produsere raude blodlekamar.

Dei som ikkje et kjøt, veganarar, kan få i seg for lite B12. Vitaminet finst først og fremst i kjøt, egg, mjølk og ost. Vi finn også B12 i skaldyr.

Kjelder:

Bilde- og videorettar:

  1. Getty images
  2. Getty images
  3. Getty images
  4. Getty images
  5. Getty images
  6. Getty images
  7. Getty images
  8. Getty images