Kvinnedagen – kvifor det?
Synest du at gutar og jenter burde ha like stor fridom og like mange moglegheiter her i livet? Sjølvsagt – dumt spørsmål. Men sånn har det ikkje alltid vore.
Kvinnedag tog for markering av 8. mars i Oslo 2018
Litt historie
I gamle dagar, nærare bestemt på 1800-talet, skjedde det store endringar i Europa. Folk begynte å få det betre på mange måtar, både på grunn av at teknologien utvikla seg, og fordi nye idear om sosial rettferd og likskap voks seg sterkare.
Men det handla framleis berre om likskap mellom menn. Kvinner var slett ikkje rekna med som fullverdige samfunnsborgarar. Dei var umyndige. Jenter tilhøyrde fedrane sine, seinare blei dei overførte til ein ektemann og var underlagde han. Kvinna si oppgåve var å passa huset, føda barn og elles sjå søt ut. Dei fleste jenter fekk ikkje lov til å ta høgare utdanning eller jobba etter at dei blei gifte, og ingen kvinner fekk stemma ved politiske val. Det var i grunn veldig lite dei fekk bestemma i det hele tatt.
Gammelt papir bakgrunn
Vi protesterer!
Stadig fleire kvinner syntest det var urettferdig at kvinner og menn blei behandla forskjellig. I England begynte nokre kvinner å samla seg for å protestera. Dei ønskte stemmerett på lik linje med mennene. Dei ønskte òg å bestemma meir over eige liv, som f.eks kven dei skulle gifta seg med. Kvinnene hadde sett i gang ei rørsle. Dei sette seg sjølve i fare når dei deltok i protestane. I England blei mange arresterte og behandla veldig dårleg av politiet.
Gammelt papir bakgrunn
Kvinner i kamp
Rundt om i verda, særleg i Europa og USA, spreidde kvinnerørsla seg. Dei ønskte å delta i politikken og elles i samfunnet. Kvinner jobba i fabrikkar på same måte som menn, men dei fekk mykje dårlegare lønn. Dei hadde ikkje statsborgarskap eller pass, ingen bestemmelsesrett over eige liv. No forlangte dei plutseleg å bli behandla som menneske, dei òg. Ikkje rart at mange menn skalv i buksene! Kven skal ta seg av middag og ungar viss damene stikk, liksom?
Gammelt papir bakgrunn
Kvinnedagen blir stifta
Den første internasjonale kvinnedagen blei innstifta i København i Danmark i 1910. Sidan har dagen blitt markert over heile verda med demonstrasjonstog, talar og appellar. I Noreg blei kvinnedagen første gong markert i 1915 med eit tog i Oslo. Kampsakene har gjennom tidene handla om alt frå rett til lik utdanning og likelønn til sjølvbestemt abort og vern mot vald.
Kvinnedag tog i Spania i 2019
Stemmerett, jippi!
Det begynte med at dei kravde stemmerett – ein grunnleggande menneskerett, ville vi seia no. Og kvinner fekk stemmeretten sin etter kvart, men ikkje utan lange og bitre kranglar med mennene som sat med makta. I 1913 fekk norske kvinner stemmerett på like vilkår som menn. Då hadde kvinnerørsla kjempa i gatene for dette i over 30 år. Det var litt av ei bragd, for Noreg var eit av dei første landa i verda som innførte allmenn stemmerett for kvinner.
Stortingsvalg, muligens Drammen, Buskerud, 1909. Ved dette valget kunne kvinner fra borgerskapet og middelklassen avgi stemme for første gang
Gutt og jente kledd opp i kostyme som fee og ridder
Feminismen i dag
#metoo-rørsla i 2017 bles nytt liv i kvinnekampen. Ho viste at kvinner og jenter over heile verda opplevde seksuell trakassering på arbeidsplassen og andre stader. Emneknaggen oppstod spontant, og enormt mange kvinner stod fram og fortalde om dei vonde erfaringane sine. Dette skapte ei ny bølgje av medvit rundt kvinner sine rettar – altså feminisme.
Illustrasjon av multietniske kvinner som i profil ser fra venstre mot høyre.
Amanda Gorman fremfører diktet «The Hill We Climb» under president innsettelsen av President Joe Biden, 2021
Kjelder:
- Lønnå, Elisabeth: kvinnebevegelsens historie i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 26. januar 2021 frå https://snl.no/kvinnebevegelsens_historie
- Lønnå, Elisabeth: stemmerett for kvinner i Norge i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 26. januar 2021 frå https://snl.no/stemmerett_for_kvinner_i_Norge
- Lønnå, Elisabeth: Kvinnedagen – 8. mars i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 25. januar 2021 frå https://snl.no/Kvinnedagen_-_8._mars
- United Nations (26.01.2021): History of Women’s Day
https://www.un.org/en/observances/womens-day
Bilet- og videorettar:
-
-
Morten F (CC BY 2.0) / UN Woman – YouTube
-
Getty Images / Henry Robert Morland
-
Getty Images / Ukjent
-
Ukjent / Getty Images
-
Garabata (CC BY 3.0)
-
Anders Beer Wilse / Norsk Folkemuseum
-
Getty Images / Finansforbundet – YouTube
-
Getty Images
-
Carlos M. Vazquez II (CC BY 2.0)
-