Landbruk og fiske er primærnæringar

Kva er eigentleg ei primærnæring? Korleis fungerer landbruket og fiskeindustrien i Noreg, og i andre stader i verda?

Accessibility icon Landbruk og fiske er primærnæringar

Landbruk

Landbruk er ei primærnæring. I landbruket blir det dyrka råvarer som blir brukte til å laga mat. Råvarer er det ein treng for å lage mat du kjøper i butikken. Ei råvare vi produserer mykje av, er korn. For å lage andre ting enn mat treng vi andre råvarer. Det kan vere metall eller olje. Nesten alle land kjøper eller sel råvarer.

Jegerar, sankarar og jordbruk

Dei første menneska dyrka ikkje jorda. Når det vart tomt for mat ein stad, flytta dei til ein ny stad. Menneska var jegerar og sankarar. Dei jakta på dyr og fisk, og dei sanka bær, sopp og fugleegg.

Jordbruksrevolusjon

For omtrent 10 000 år sidan begynte menneske å busetje seg på ein stad. Det skjedde mellom anna ved den store elva Nilen i Afrika. Dei lærte å dyrke jorda slik at dei slapp å flytte rundt for å finne mat. Dette forandra heile måten mennesket levde på, og vi kallar det ein jordbruksrevolusjon.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Hvete
Hvete

Frå sjølvforsyning til handelsjordbruk

Dei fleste var sjølvforsynte med mat fram til 1700-talet. Det meste dei dyrka eller jakta, vart ete av eigen familie.

Utover på 1800-talet fekk vi maskiner og betre reiskapar. Då produserte ein meir enn familien sjølv trong. Dermed kunne ein selje eller byte mat med andre. Dette blir kalla handelsjordbruk.

Grønnsaker
Grønnsaker

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!