Eit geni utanom det vanlege
Mange av heltane i vitskapen er kjende for éi fantastisk oppfinning eller oppdaging. Når det gjeld Leonardo da Vinci, veit me ikkje kor me skal byrja. Han var eit geni innan biletkunst, byggjekunst og vitskap. Han hadde mange talent og tørsta etter kunnskap. Dette brukte han på å skapa kunstverk som me framleis har glede av den dag i dag, 500 år etter at han døydde.
Da Vinci-bakgrunn
Barndomen i Vinci
Leonardo blei fødd i Vinci nær Firenze i Italia 15. april 1452. Namnet hans tyder Leonardo frå Vinci. Allereie då han var liten blei han fascinert av naturen, og han viste store teiknetalent. Då Leonardo var 15 år ordna faren lærlingplass til han hos kunstnaren Andrea del Verrocchio. Her lærte han om arkitektur, målarkunst og bilethoggarkunst. Då læretida med Verrocchio var ferdig, byrja Leonardo å måla for seg sjølv. Han flytta til Milano.
Livet til da Vinci
Sjå måleria og oppfinningane som gjorde Leonardo da Vinci verdskjend.
Papirbakgrunn 8
Eit auge for detaljar
Leonardo var alltid nysgjerrig og slutta aldri å læra seg nye ting. Han var fascinert av menneskekroppen og lærte seg matematikk og geometri. Han laga over 7000 sider med teikningar, observasjonar og teoriar. Han laga detaljerte teikningar av alt han fann ut. Vitskapsmenn på tida då Leonardo levde visste ikkje så mykje om kroppen og korleis han verka. Men Leonardo undersøkte døde kroppar for å sjå korleis kroppen fungerte. Han var den første som teikna ein menneske-ryggrad med korrekte bogar. Skissene han laga av muskelsenene (vev som festar musklar til knoklane) og hjarta, er sopass detaljerte at legane er imponerte over dei også i dag.
Papirbakgrunn 8
Det største verket
Det er berre nokre få av måleria til Leonardo da Vinci som er bevarte, men blant dei er to av dei mest kjende måleria i verda – Mona Lisa og Nattverden. Da Vinci brukte skugge og lys på ein underfundig måte, slik at smilet til Mona Lisa ser forskjellig ut frå ulike vinklar. Leonardo jobba med måleriet frå 1503 og fram til han døydde i 1519. Fem hundre år seinare feirar me framleis kunstnaren, oppfinnaren og vitskapsmannen som det gigantiske geniet han var.
Papirbakgrunn 8
Eit tidleg helikopter
Leonardo fann opp mange ting. Han var veldig interessert i å fly, og han teikna fleire forskjellige typar flygemaskinar. Ei av skissene heiter Ornithopter. Det kan likna på fly slik me kjenner dei i dag, berre at det hadde flaksande vengjer. Leonardo brukte fuglar som modell når han skapa flya sine. Han designa også noko som er overraskande likt eit helikopter. Dette kalla han «luftskrue», og maskinen hadde ein propell som snurra akkurat som rotorane på eit helikopter.
Papirbakgrunn 8
Vatnet er livets hjelpemiddel
Leonardo var også veldig interessert i vatn. Han såg på vatnet som «livets hjelpemiddel», og meinte at det verka på den same måten for jorda som blod verka i kroppen. Han forsøkte å laga ein eviggangsmaskin ved å bruka vatn for å få nokre hjul til å snurra rundt.
Leonardo da Vincis vannsystem
Kjelder:
- Spennende vitenskap – Junior (2020)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Free School – Youtube
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Leonardo da Vinci / Louvre Museum
-
Leonardo da Vinci
-
Getty Images
-