Lucy – bestemora til menneskeslekta 

Møt Lucy, den tre millionar år gamle apen som gjekk på to bein. Då forskarar fann Lucy på 1970-talet, forandra ho heile oppfatninga vår av utviklinga til mennesket. På den tida var ho det eldste og best bevarte eksemplaret av ein menneskeliknande art som nokon gong var funne. Utrulege 40 prosent av skjelettet hennar hadde vorte bevart i Afarsenkinga i Etiopia, og det kunne fortelje ei forbløffande historie.

Lucy var eit eksemplar av arten Australopithecus afarensis, og ho levde for meir enn tre millionar år sidan. Slitemerke på visdomstennene hennar viser at ho var fullvaksen då ho døydde, men ho må ha vakse opp raskt. Ho var truleg berre rundt 12 år gammal og vog ikkje meir enn 29 kilo, omtrent halvparten så mykje som ei moderne menneskekvinne.

Hjernen hennar var berre rundt ein tredel så stor som vår, og ansiktet hennar var apeliknande, med ein kraftig kjeve. Ho hadde krumma fingrar, og merke på overarmsknokkelen viser at ho hadde sterke musklar. Begge delar tyder på at ho var flink til å klatre.

Men til forskjell frå dei apane som lever i dag, gjekk Lucy på to bein. Lumbalvirvlene hennar, altså dei ryggvirvlane som sit ved korsryggen, var krumma innover, slik som våre. Bekkenet hennar var breitt, og ho hadde valgus-kne. Det betyr at knea hennar var bøygde litt innover, noko som gjorde det enklare for henne å balansere fordi føtene i større grad var plasserte under kroppen.

Skjelettet til Lucy har endra oppfatninga vår av utviklinga til mennesket. Det er spesielt to eigenskapar som skil det moderne mennesket frå andre apar: Den store hjernen vår, og evna til å gå på to bein. Kva for ein av desse to eigenskapane som vart utvikla først, hadde lenge vore eit mysterium, men Lucy gav oss svaret.

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt
Ape, Lucy

Slik fann vi Lucy

I Hadar i Etiopia levde det menneske i oldtida, og på grunn av erosjon blei leivningane deira avdekte.  Den 2. november 1974 var paleoantropologen dr. Donald Johanson der saman med studenten sin, Tom Gray. Dei to hadde vore ute på ein tur i området, og bestemte seg for å gå tilbake til bilen sin. Medan dei gjekk, oppdaga dei eit olbogebein som stakk opp av jorda. I nærleiken fann dei delar av ribbein, ein hovudskalle, eit lårbein, eit bekken og ein kjeve. Det tok fleire vekers omhyggjeleg arbeid å finne alle knoklane, men til slutt hadde dei funne nesten eit halvt skjelett.

Den kvelden dei gjorde dette utrulege funnet, høyrde Johanson og teamet hans på Beatles-songen «Lucy in the Sky with Diamonds» på kassettspelaren sin. Songen gav dei inspirasjon til å gi det berømte fossilet namnet Lucy.

Korleis døydde ho?

Det er uvisst korleis Lucy døydde, men antropolog John Kappelman og kollegaene hans trur at ho antakeleg fall frå eit tre. Ho har brot i armane som liknar dei vi ser når apar tek seg for med armane for å dempe eit fall. Ifølgje rekonstruksjonen til Kappelman fall Lucy frå omtrent 15 meters høgd og trefte bakken med beina først.

Ho braut begge anklane og knea, før ho ramla framover på dei utstrekte armane sine og skadde bekkenet, handledda, ribbeina og hovudskallen. Problemet med teorien er at han er vanskeleg å bevise. Ifølgje andre forskarar kan skadane på skjelettet hennar òg ha oppstått etter at ho døydde.

⬅  Ein rekonstruksjon av skjelettet til Lucy ved Cleveland Museum of Natural History.

Lucy sitt skjelett

Leivningane til Lucy  gir oss ein peikepinn når det gjeld korleis Lucy levde.


1. Vaksentenner
Visdomstennene til Lucy hadde komme opp før ho døydde, noko som tyder på at ho var fullt utvikla.


2. 3,18 millionar år gammal
Forskarane rekna seg fram til alderen til Lucy ved å sjå på steinane som låg rundt knoklane hennar.

3. Éin person
Viss leivningane hadde tilhøyrt fleire individ, ville ein truleg ha funne to av enkelte knoklar, men kvar bit var unik.


4. Åt plantar
Den kjegleforma brystkassa til Lucy  kan tyde på at ho hadde stor mage, og derfor åt mest tungt fordøyelege plantar.


5. Biten av eit rovdyr
Vi veit ikkje sikkert korleis Lucy døydde, men ho har eit bitemerke frå ei rovdyrtann i bekkenet.

6. Ho gjekk oppreist
Vinkelen på låret til Lucy, den vesle beinranda ved kneet og forma på bekkenet avslører at ho gjekk oppreist.


7. Hokjønn
Lengda på lårbeinet til Lucy fortel oss at ho var ein dryg meter høg, og derfor var ho truleg kvinne.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Knoklende til Lucy
Knoklende til Lucy

Kjelder:

  • Historien om mennesket (2020)
    Orage Forlag AS

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Ukjent
    3. Ukjent
    4. Ukjent