Slik fann vi Lucy
I Hadar i Etiopia levde det menneske i oldtida. Den 2. november 1974 var paleoantropologen dr. Donald Johanson der saman med studenten sin, Tom Gray. Dei to hadde vore ute på ein tur i området, og bestemte seg for å gå tilbake til bilen sin. Medan dei gjekk, oppdaga dei eit olbogebein som stakk opp av jorda. I nærleiken fann dei delar av ribbein, ein hovudskalle, eit lårbein, eit bekken og ein kjeve. Det tok fleire vekers omhyggjeleg arbeid å finne alle knoklane, men til slutt hadde dei funne nesten eit halvt skjelett.
Den kvelden dei gjorde dette utrulege funnet, høyrde Johanson og teamet hans på Beatles-songen «Lucy in the Sky with Diamonds» på kassettspelaren sin. Songen gav dei inspirasjon til å gi det berømte fossilet namnet Lucy.
Korleis døydde ho?
Det er uvisst korleis Lucy døydde, men antropolog John Kappelman og kollegaene hans trur at ho antakeleg fall frå eit tre. Ho har brot i armane som liknar dei vi ser når apar tek seg for med armane for å dempe eit fall. Ifølgje Kappelman fall Lucy frå omtrent 15 meters høgd og trefte bakken med beina først.
Ho braut begge anklane og knea, før ho ramla framover på dei utstrekte armane sine og skadde bekkenet, handledda, ribbeina og hovudskallen. Problemet med teorien er at han er vanskeleg å bevise. Andre meiner at skadane på skjelettet hennar kan ha oppstått etter at ho døydde.
⬅ Ein rekonstruksjon av skjelettet til Lucy ved Cleveland Museum of Natural History.
Knoklende til Lucy
Kjelder:
- Historien om mennesket (2020)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-