Maten du et, seier mykje om deg

Maten vi et, fortel oss om kven vi er, og kva tradisjon og kultur vi kjem frå. Mat er ein del av identiteten vår og skaper tilhøyrsel.

Accessibility icon Maten du et, seier mykje om deg

Mat er kultur

Har du nokon gang tenkt over at det du et, korleis du et det og når du et det, kan seie noko om kven du er og kva slags kultur og kanskje kva slags religion du veks opp i?

Perspektiv bilde av et middagsbord
Perspektiv bilde av et middagsbord

Den norske matkulturen

Består av fire hovudgrupper:
  • norsk tradisjonsmat
  • samisk tradisjonsmat
  • mat frå andre land
  • norsk kosthald slik det er i dag, som er ei god blanding av alle dei tre gruppene over
Havregrøt med brunost og syltetøy
Havregrøt med brunost og syltetøy

Norsk tradisjonsmat

Norsk matkultur har røter langt tilbake i tid. Råvarene kom frå havet, fjellet, skogen og vidda. Det tøffe klimaet i Noreg blir spegla i mattradisjonane våre. Den korte sommaren kravde at maten måtte produserast og bli konservert for at den skulle halde eit heilt år. Maten vart raka, graven, speka, salta og tørka. Mjølka vart til ost og smør. Visste du at mjølk ikkje vart brukt som drikke før på 1900-talet?

Smalahove på det norske matbordet
Smalahove på det norske matbordet

Samisk tradisjonsmat

Samisk matkultur har mykje til felles med norsk matkultur, sidan samane òg har lange tradisjonar for å produsere og sanke mat vi har god tilgang på i Noreg. Men reinsdyret står i ei særstilling i den samiske kulturen og i matlaginga. Andre råvarer er bær, kvann, rype og fisk. Det er viktig å ta vare på alt frå dyret når du først har fått tak i det. Tradisjonskosten er gjerne rik på protein og feitt. Innmat, margbein og gumppus – som er blodkaker og blodpølser – blir framleis rekna som delikatesser i det samiske kjøkkenet.

Blodpølse
Blodpølse

Heile verda på eit fat

Når vi tenkjer på ulike land og kulturar, er maten kanskje det første som fell oss inn. Vi forbind Frankrike med gourmetmat og vin, Italia med pizza og USA med hamburgarar. Dette ser vi på som typiske matrettar for desse landa. Kva som blir tradisjonelle matrettar i eit land, fortel noko om historia, kulturen og tilgangen til råvarer i landet.

England 🏴󠁧󠁢󠁥󠁮󠁧󠁿🍳

England har ei lang historie som verdsherskar og kolonimakt. Dette finn vi også igjen i matfatet deira. Chicken tikka tenkjer mange på som ein indisk rett, men han har sitt opphav i England, akkurat som fish and chips og steak and kidney pie.

English breakfast er ein britisk rett som blir servert over heile landet, med både nasjonale og regionale variasjonar. Retten består vanlegvis av egg, bacon, pølser av svinekjøt, steikt brød, sopp og bønner i tomatsaus. Mange stader får du òg steikte tomatar, steikte poteter og blodpudding som ein del av retten. Dette er typisk pubmat som blir servert heile dagen.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
English breakfast
English breakfast

India 🇮🇳🥘

India er eit enormt land med mange ulike regionar. Det er store variasjonar i maten frå stad til stad. Indiske matretter har ofte mykje fargar, smak og duft. Indisk matlaging inneheld mange slags krydder. Krydder og urter blir brukte heile, blir malne til pulver, blir tørka eller blir blanda med andre krydder for å få eit blandingskrydder. Maten blir ofte servert på stålfat med små skåler. Indarar et gjerne med høgre handa og med matskei, ikkje med kniv og gaffel. Når ein et med handa, gir dette etter tradisjonen eit korrekt fokus og nærvær for måltidet ein puttar i seg.

Krydder
Krydder

Mexico 🇲🇽🌮

Kva ville fredagskvelden ha vore utan taco? Taco er ein like sjølvsagd matrett for nordmenn som pølse i lompe. Samtidig er taco ein tradisjonell og sentral matrett i det meksikanske kjøkkenet. Meksikansk mat er faktisk ein av verdas mest utbreidde matkulturar. Blant dei mest typiske ingrediensane kan vi nemne avokado, lime, chili, løk og mais.

Meksikansk taco
Meksikansk taco

Mat i religion

Mat har vore eit naturleg samlingspunkt til alle tider. Måltidet har derfor òg alltid vore sterkt knytt til religion. Mat er viktig både i religiøse feiringar og i form av reglar for kva ein kan og ikkje kan ete.

Nokre jøder vil til dømes gjerne halde kosher. Det betyr at dei ønsker å følgje jødiske matreglar. Ein kosher-regel er at kjøt og melkehaldig mat aldri blir blanda i éin rett eller blir servert til same måltid.

Truande muslimar vil berre ete det som er halal. Det betyr at maten er lovleg og tillaten å ete. Ifølge muslimsk tru er det til dømes  forbode å ete svinekjøt.

Den kristne matkulturen er ikkje fullt så synleg lenger. Men brød og vin har stor symbolsk betydning i kristendommen, fordi det representerer kroppen og blodet til Jesus.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Ramadan Iftar mat
Ramadan Iftar mat

Mat som politikk

Det ein puttar i seg, kan vera basert på ei overtyding eller eit politisk standpunkt. Nokre vegetarianarar et ikkje kjøt fordi dei ikkje vil at dyr skal døy for vår skuld

Andre er klimaterianarar. Dei vil redusere karbonutsleppet og vel kortreist mat i sesong, et lokalt og reduserer kjøtforbruket. Mat som blir laga på gamlemåten, blir stadig meir populært, som til dømes fermenterte grønsaker i mat som kombucha, kimchi og tempeh.

📷  Kimchi er nasjonalretten til Korea, og han består av fermenterte grønsaker.
Kimchi
Kimchi

Ja takk, alt saman!

I Noreg et vi variert, og mange er både tradisjonelle og trendy. Fårikål søndag, kjøttfritt måndag og sushi tysdag. Vi er heldige som har stabil tilgang på mat og kan velje frå ein internasjonal meny. Vi hentar inspirasjon frå heile matfatet i verda og gjer det til vårt eige. Tenk at nordmenn et mest frosenpizza i heile verda!

  • Kva er din favorittmat? 

Kjelder:

  • Kumra, Niru: indisk mat i Store norske leksikon på snl.no. Henta 30. august 2021. 
    Henta 11. august 2021 frå https://snl.no/indisk_mat
  • Vogt, Kari: halal i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta
    30. august 2021 frå
    https://snl.no/halal

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. MENY
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. Getty Images
    8. Getty Images
    9. Getty Images
    10. Getty Images
    11. Getty Images