Maten du et, seier mykje om deg
Maten vi et, fortel oss om kven vi er, og kva tradisjon og kultur vi kjem frå. Mat er ein del av identiteten vår og skaper tilhøyrsel.
Mat er kultur
Har du nokon gang tenkt over at det du et kan seie noko om kven du er? Korleis du et og når du et, kan også seie noko om deg. Kanskje seier det også noko om kva slags kultur og religion du veks opp i?
Perspektiv bilde av et middagsbord
Den norske matkulturen
Består av fire hovudgrupper:
- norsk tradisjonsmat
- samisk tradisjonsmat
- mat frå andre land
- norsk kosthald slik det er i dag, med ei god blanding av alle dei tre gruppene over
Havregrøt med brunost og syltetøy
Norsk tradisjonsmat
Norsk matkultur har røter langt tilbake i tid. Kulturen kom frå havet, fjellet, skogen og vidda. Det tøffe klimaet i Noreg har påverka mattradisjonane våre. Den korte sommaren kravde at maten kunne lagrast for at han skulle halde eit heilt år. Derfor vart han raka, graven, speka, salta og tørka. Mjølka vart til ost og smør. Visste du at mjølk ikkje vart brukt som drikk før på 1900-talet?
Smalahove på det norske matbordet
Samisk tradisjonsmat
Samisk matkultur har mykje til felles med norsk matkultur. Samar òg har lange tradisjonar for å produsere og sanke mat som vi har god tilgang på i Noreg. Men reinsdyret er spesielt viktig i den samiske kulturen og i matlaginga. Andre råvarer er bær, rype, fisk og ein spesiell plante som heiter kvann. Det er viktig å ta vare på alt frå dyret når du først har fått tak i det. Tradisjonsmaten er gjerne rik på protein og feitt. Innmat, margbein og gumppus – som er blodkaker og blodpølser – blir framleis rekna som favorittar i det samiske kjøkkenet.
Blodpølse
Heile verda på eit fat
Når vi tenkjer på ulike land og kulturar, er maten kanskje det første som fell oss inn. Vi forbind Frankrike med fin mat og vin, Italia med pizza og USA med hamburgarar. Dette ser vi på som typiske matrettar for desse landa. Kva som blir tradisjonelle matrettar i eit land, fortel noko om historia, kulturen og kva råvarer som finst der.
English breakfast
India 🇮🇳🥘
India er eit veldig stort land, og det er store variasjonar i maten frå stad til stad. Indiske matrettar har ofte mykje fargar, smak og duft. Indisk matlaging inneheld mange slags krydder. Krydder og urter blir brukte heile, blir malne til pulver eller blir tørka. Maten blir ofte servert på stålfat med små skåler. Indarar et gjerne med høgre handa og med matskei, ikkje med kniv og gaffel. Når ein et med handa, blir det sagt at ein har fullt fokus på måltidet ein puttar i seg.
Krydder
Mexico 🇲🇽🌮
Kva ville fredagskvelden ha vore utan taco? Taco er ein like sjølvsagd matrett for nordmenn som pølse i lompe. Samtidig er taco ein viktig matrett i det meksikanske kjøkkenet. Meksikansk mat er faktisk ein av verdas mest utbreidde matkulturar. Dei mest typiske ingrediensane er avokado, lime, chili, løk og mais.
Meksikansk taco
Ramadan Iftar mat
Mat som politikk
Det ein et, kan vere knytt til meiningar eller eit politisk standpunkt. Nokre vegetarianarar et ikkje kjøt fordi dei ikkje vil at dyr må døy for vår skuld.
Andre er klimaterianarar som ønskjer å redusere karbonutsleppet som er tilknytta maten vår. Dei vel mat som ikkje har vore frakta langt, og dei avgrensar mengda kjøt dei et. Mat som blir laga på gamlemåten, blir stadig meir populært, som til dømes fermenterte grønsaker.
📷 Kimchi er nasjonalretten til Korea, og han består av fermenterte grønsaker.
Kimchi
Ja takk, alt saman!
I Noreg et vi variert, og mange er både tradisjonelle og trendy. Fårikål søndag, kjøtfritt måndag og sushi tysdag. Vi er heldige som har god tilgang på mat, og som kan velje mellom retter frå heile verda. Tenk at nordmenn et mest frosenpizza i heile verda!
- Kva er din favorittmat?
Kjelder:
- Dagbladet (30.08.2021): Corona: Norske pizzatall forbløffer
https://www.dagbladet.no/mat/corona-norske-pizzatall-forbloffer/73403630
- Jødedommen.no (30.08.2021): Hva er kosher?
https://www.xn--jdedommen-l8a.no/kosher/
- Opplysningskontoret for brød og korn (16.07.21): Salt og helse
https://brodogkorn.no/fakta/salt-og-helse/
- Kumra, Niru: indisk mat i Store norske leksikon på snl.no. Henta 30. august 2021.
Henta 11. august 2021 frå https://snl.no/indisk_mat
- Sundland, Kjersti: meksikansk mat i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 30. august 2021 frå https://snl.no/meksikansk_mat
- Matinfo (30.08.2021): Mattrender 2021
https://matinfo.no/blogs/mattrender-2021
- NDLA (29. 08.2021): Tradisjonsmat
https://ndla.no/nb/subject:1:fdefda2a-7d3a-4749-92cf-24ad466a20db/topic:2:186816/topic:2:186456/resource:1:194373
- Vogt, Kari: halal i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 30. august 2021 frå https://snl.no/halal
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
- MENY
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-