Læreplantilkobling

Fag

Engelsk

KRLE

Mat og helse

Religion og etikk

Core Kjerneelementer

  • Kjennskap til religioner og livssyn
  • Utforsking av religioner og livssyn med ulike metoder
  • Etisk refleksjon
  • Kunne ta andres perspektiv
  • Kjennskap til religioner og livssyn
  • Utforsking av religioner og livssyn med ulike metoder
  • Helsefremjande kosthald
  • Mat og måltid som identitets- og kulturuttrykk
  • Berekraftige matvanar og berekraftig forbruk
  • Etisk refleksjon

Cogs Tverrfaglig tema

Demokrati og medborgerskap

Folkehelse og livsmestring

Læreplan Kompetansemål

4. trinn
KRLE
  • sammenligne og presentere ulike årstider og høytider i kristendom og andre religions- og livssynstradisjoner, som kulturarv
4. trinn
KRLE
  • bruke enkle fagbegreper i arbeidet med religioner og livssyn
4. trinn
Mat og helse
  • samtale om måltidsskikkar frå norsk og samisk kultur og frå andre kulturar, og om verdien av å ete saman med andre
7. trinn
KRLE
  • beskrive og presentere noen sentrale rituelle praksiser og etiske normer fra østlige og vestlige religioner og livssynstradisjoner
7. trinn
KRLE
  • bruke fagbegreper i arbeidet med religioner og livssyn
7. trinn
Mat og helse
  • lage måltid frå ulike kulturar og fortelje om og utforske korleis sosialt fellesskap og samhandling kan vere med på å styrkje god helse
10. trinn
KRLE
  • utforske og presentere sentrale trekk ved kristendom og andre religions- og livssynstradisjoner og deres utbredelse i dag
10. trinn
KRLE
  • bruke og drøfte fagbegreper om religioner og livssyn
10. trinn
Mat og helse
  • lage mat frå norsk og samisk kultur og frå andre kulturar og samanlikne og utforske råvarer og matlagingsmetodar som blir brukte i ulike matkulturar
10. trinn
Mat og helse
  • vise gjennom matlaging og måltid korleis identitet og fellesskap blir formidla i ulike kulturar
VG3
Religion og etikk
  • presentere og sammenligne noen sentrale trekk ved østlige og vestlige religions- og livssynstradisjoner, inkludert kristendom og islam
VG3
Religion og etikk
  • gjøre rede for og drøfte sentrale fagbegreper knyttet til religioner, filosofi, livssyn og etikk

Maten sin plass i religionane

Mat er viktig i alle dei fem verdsreligionane. Kvar av religionane har tradisjonane sine, og det følgjer strenge reglar med om kva som er lov og ikkje lov. For mange familiar er det viktig å vidareføre desse tradisjonane og reglane til barna sine. Maten speler ei viktig rolle både til kvardag og fest, men aller mest under høgtider. Kva mattradisjonar har den religionen du tilhøyrer?

Accessibility icon Maten sin plass i religionane

Religion og mat

Kunnskap om matvanar i ulike land og kjennskap til religiøse kostomsyn er nødvendig for å kunne lage god mat for alle.

Matvanar er ulike for kvart land, men dei kan òg variere frå landsdel til landsdel. Det gjeld òg ulike reglar og tradisjonar innanfor ulike religionar.

Tradisjonsmat

Hinduistiske mattradisjonar

Kva ein kan og ikkje kan ete, varierer innanfor dei ulike trusretningane i hinduismen. Mange er vegetarianarar, men hinduar kan òg ete kjøt. I dei tilfella der dei et kjøt, føretrekkjer dei at dyra er slakta raskt (jhatka), sidan dei meiner det påfører dyra minst smerte.

I hinduismen står familien sterkt, og måltida er viktige for å samle familien.

Nokre hinduar fastar, som betyr å ikkje ete mat over ei lenger tid eller på spesielle vekedagar. Men alt i alt er mat viktig for hinduar over heile verda.

I India er nærare 80 prosent av befolkninga hinduar, så det indiske kjøkkenet er ein viktig tradisjonsberar.

Indisk måltid

Vegetarianarar

Omtrent 30 prosent av hinduane i verda er vegetarianarar. For dei er det utenkjeleg å ete kjøt. Haldninga er at ein ikkje skal drepe eit dyr for å mette sin eigen mage. Det finst då så mange herlege frukter og grønsaker ein kan ete.

Vegetarmat i India blir merkt med grønt, og meieriprodukt går inn under vegetarkost. For andre vegetarianarar er dette å rekne som animalsk kost.

På indiske restaurantar vil du oftast finna menyen delt i to; vegetarisk og ikkje vegetarisk. Er du glad i vegetarmat, er eit besøk til India absolutt å tilrå.

Heilage kyr

Hinduar ser på kyr som heilage, og dei et derfor ikkje storfekjøtt. Mjølk, derimot, kan drikkast, og det blir ete masse meieriprodukt.

Sjølv om det vanlegvis er strengt forbode å ete storfekjøt, kan dei aller fattigaste ete det viss dei finn ei daud ku ute i naturen.

Hinduar kan ete kjøt frå sau og kylling.

Varm lunsj

Indarar flest et fleire varme måltid om dagen. Ikkje minst til lunsj. Mange tek med seg mat dei kan varme opp på jobben, og dei deler desse varme rettene med kollegaene sine. I nokre tilfelle endar dei opp med eit stort tapasbord der alle kan forsyne seg.

Andre får levert lunsjboks med varm mat heimanfrå eller frå eit cateringsselskap. Dette konseptet heiter dabbawala.

Te og søtsaker

Indarar har ein særeigen te-kultur. Dagen blir ofte starta med ein kopp chai, som er te med mjølk og krydder. Overalt i indiske storbyar finn du ei bu som sel chai. Snacks og søtsaker blir ofte servert saman med teen.

Det er heilt vanleg å bli tilbode ein kopp chai medan du handlar i ein butikk. Spesielt viss du skal prøve klede.

Indarar feirar fleire festivalar og høgtider i løpet av året, og då står søtsaker ofte øvst på menyen.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Indisk hellig ku

Islamske mattradisjoner

Islam dominerer i eit stort område som spenner frå Marokko i vest til Bangladesh i aust, frå Albania i nord til Zanzibar i sør. Det seier seg sjølv at ikkje alle et det same i desse områda.

Likevel er det nokre reglar for matlaging som er felles for alle. Det er forbode å ete blod, svinekjøt og sjølvdauda dyr. Forboden mat heiter Haram, medan Halal betyr tillaten mat. Dyreartar som er lov å ete, er sau, okse og kylling.

Ramadan er den muslimske fastemånaden. Då lèt ein vere å ete frå soloppgang til solnedgang. Når ramadan er over, feirar ein høgtida Id al-Fitr.

«Kva er lov å ete? Alle gode ting er tillatne.» (Koranen, sure 5,4 og 5,5)

Islamsk mat

Svinekjøt

I den heilage boka til islam, Koranen, er svina det einaste dyret som er strengt forbode å ete. Forbodet er basert på tekstar i Koranen:

 

«Et ikkje sjølvdaude dyr, blod, kjøt av svin og det som er vigd til anna enn Allah, og ikkje dyr daude ved kveling, slag, fall frå ei høgd, spidda av horn, og noko ville dyr har skadd om dei ikkje får avlive det først.» (Koranen, sure 5,3)

 

«Sei:‘I alt som er openbert for meg, finn eg ikkje andre forbod til den som et, enn ikkje å ete sjølvdaude dyr, spilt blod og kjøt av svin.’» (Koranen, sure 6,145)

 

Forbodet mot svinekjøt inneber alle produkt som kan innehalde svin. Svinet blir sett på som ureint, og det blir rekna som helseskadeleg å ete det.

Ramadan

Ramadan er den islamske fastemånaden og ei plikt for alle muslimar. Påbodet om faste er gitt i Koranen, den heilage boka til islam, og fasta varer inntil 30 dagar.

Under ramadan kan ein ikkje ete eller drikke frå daggry til solnedgang. Sjølve orda ramadan betyr «stor heite». Det kan bety at ramadan brenn bort alt det vonde vi har inni oss. Ramadan er til minne om då Koranen vart openberra for profeten Muhammed. Det står om dette i Koranen:

 

«I månaden ramadan, kor Koranen vart openberr som leiing for menneska…» (Koranen, sure 2.185).

Etter ramadan er det ein stor fest som blir kalla Id al-Fitr, og då blir det servert festmat og mykje søtsaker.

Id al-Fitr

Under høgtida Id al-Fitr blir det ete veldig mykje god mat. Då er det verkeleg feststemning, etter nesten 30 dagar med faste. Nokre av rettene som blir etne er:

Biryani

Dette er for mange ein obligatorisk risrett. Biryani består av ris, krydder og kjøt eller grønsaker. Sjå oppskrift på https://www.nrk.no/mat/biryani-med-kylling-1.12924355

Dolma

Dolma består av vinblad som blir fylte med kjøt, ris og krydder og blir rulla saman og kokte. Sjå oppskrift på https://www.nrk.no/mat/sur-dolma-1.14571599

Samosa

Dette er trekantforma, frityrsteikte paiar som ofte er fylte med søtpotet, torsk og erter. Sjå oppskrift på https://www.nrk.no/mat/samosa-med-yoghurtsaus-1.12911402

Halal

Halal er eit arabisk ord som betyr tillate. Muslimar kan berre ete mat som er halal. Dyreartar som kan etast er sau, lam, okse, kalv, fisk og kylling. Det er òg tillate å ete alle typar frukt, grønsaker, korn og urter.

Det er krav til korleis dyra skal slaktast for at det skal vere halal. Dyret må slaktast raskt slik at dyret blir tømt for blod. Muslimar kan ikkje ete blod.

I Koranen er det fleire krav som må oppfyllast ved slakting:

  • Dyret må ikkje vere sjalvdauda
  • Dyret må vere tømt for blod
  • Dyret skal bli slakta i Allahs namn av ein muslim
  • Dyret skal ikkje bli utsett for unødvendig smerte
  • Dyret skal ikkje bli slakta synleg for andre dyr
Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Halal

Jødiske mattradisjonar

Truande jødar et kosher. Det er hebraisk og betyr passande. Kosher beskriv dermed den maten som er passande for ein jøde å ete.

Reglane for kva jødar kan ete, kjem frå Toraen – dei fem Mosebøkene i Bibelen. Her blir det skilt mellom kva som er lov å ete – kosher, og kva som ikkje er lov å ete – treif.

Ifølgje første Mosebok sa Gud at menneska skulle vere vegetarianarar. Men i tredje Mosebok seier Gud at jødane kan ete visse dyr, men ikkje alle.

Jødane skal vise respekt for dyret dei et og slakta dyra så varsamt som mogleg. Kven som helst kan ikkje slakte dyr, det må vere ein kvalifisert schæchter.

Jødisk mat

Kosher

Etter at eit dyr er slakta etter lova, startar tillaginga av maten. I eit kosher-kjøkken må det skiljast tydeleg mellom mjølk og kjøt. Både råvarer og kjøkkenutstyr må haldast frå kvarandre. I praksis betyr dette at ein oftast har dobbelt opp av tallerkenar, bestikk og kjelar.

Mange jødiske heimar har to oppvaskkummar, ein til kjøt og ein til mjølk. Dei merkjer bestikket dei et kjøt med og har eit ekstra sett med korger til oppvaskmaskina. Nokre kan til og med ha to kjøleskap!

Purim-festen

Om våren feirar jødar heilagdagen Purim. Då kler dei seg ut, kjem saman for å ete og drikke og gir kvarandre gåver. Men kanskje det viktigaste er å lese Esters bok frå Bibelen. Historia seier at dronning Ester redda jødane frå ein massakre langt tilbake i tid.

Etter at ein har lese Esters bok under kveldsgudstenesta, kjem forsamlinga saman og et kjeks som heiter Hamentaschen. Dei er forma som ein trekant og fylte med valmuefrø, syltetøy eller Nugatti.

Det er òg tradisjon å gi mat til familie, venner, sjuke og fattige. Det vanlegaste er at ein gir søtsaker, bakverk og vin. Det skal vere minst to ulike sortar mat. Maten blir lagd i pynta korger som blir kalla Mishloach manot.

Pesach

Pesach blir rekna som den viktigaste heilagdagen for jødane. Dagen blir feira om våren, for då kjem naturen ut av vinterdvalen, og ein sår ny avling. I gammal tid feira ein pesach ved å samle seg i tempelet i Jerusalem. Sjølv om pesach ofte blir kalla «jødisk påske», er det ein tradisjon som starta lenge før kristendommen.

Ifølgje Bibelen var jødane slavar for faraoane i Egypt. Pesach blir feira til minne om korleis Moses, med Guds hjelp, redda jødane ut av fangenskap. Kvar generasjon er forplikta til å vidareføre denne feiringa til barna sine.

For å oppfylle dette påbodet utfører ein eit rituelt måltid – seder – heime med familien. Her blir det laga mat som skal symbolisere historia til jødane. Noko av maten blir eten, medan andre rettar berre er symbolikk. Måltidet kan ta fleire timar, og heile historia om frigjeringa til jødane frå Egypt blir fortald med hjelp av maten.

Sabbats-måltidet

I jødedommen blir det feira sabbat kvar veke. Ordet kjem av det hebraiske ordet schabbath som betyr kvile. Sabbaten varer frå solnedgang fredag til solnedgang laurdag. Før familien et, blir maten velsigna og sabbatslysa blir tende. Den eldste mannen i huset velsignar vinen – kiddush, og skjer sabbatsbrødet – challah.

Måltidsfellesskapet er heilagt for ein jødisk familie. Då et dei fletta brød, fisk, suppe, kylling og dessert utan meieriprodukt.

Etter tradisjonen sluttar sabbaten når tre stjerner viser seg på himmelen laurdag.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Purim

Buddhistiske mattradisjonar

Buddhismen er oppteken av å gjere minst mogleg skade på menneske og natur. Mange lever som vegetarianarar, men det er ikkje noko krav. Buddhismen er ein religion der livet går i ulike stadium, sidan du får meir og meir innsikt i ditt eige liv. I dei ulike stadia gjeld ulike reglar, også når det gjeld kva du kan ete eller ikkje.

For å leve er vi nøydde til å ete mat, og då blir det kravd at nokon må ta liv av dyr og plantar. Eit viktig prinsipp er at vi gjer det for å livnære oss og ikkje av andre egoistiske årsaker.

Buddhistar ønskjer å vere klare over den skaden dei gjer i naturen og prøve å avgrense skadane. Vi skal ikkje setje større fotavtrykk etter oss i naturen enn nødvendig.

I buddhismen er det mange som lever som munkar. Desse munkane lever etter eigne reglar når det gjeld livsførsel og følgjer strenge matreglar. Dei kan til dømes ikkje ete etter kl. 12.

Buddhistisk munk

Vegetarianarar

Buddhistar er ofte vegetarianarar. Kor strengt dette blir etterlevd, avheng av kva stadium ein er på i religionen. Buddhas lære handlar mykje om å finne ein middelveg i livet, der ein viser og praktiserer godheit og kjærleik mot alt rundt seg. Når ein oppnår større forståing for dette, kan ein komme over i eit nytt stadium.

Aukande stadium medfører strengare matreglar. På det andre stadiet kan ein ikkje drepe for å skaffe seg mat, men kan ta imot kjøt i gåve frå andre. På det tredje stadiet må ein leve vegetarisk.

Vesak

Vesak er ein festdag til minne om dagen då Buddha vart fødd, dagen då han fekk si oppvakning, og dagen då han døydde. Desse tre hendingane skal ha skjedd på same datoen.

Høgtida er ei fargerik og glad feiring. Heimane blir vaska og pynta, og mange vitjar lokale tempel for å gi mat til munkane.

Det å gi til andre er eit viktig prinsipp i buddhismen. Ingen skal måtte leve i svolt eller fattigdom.

Buddha stir fry med åtte grønsaker

Dette er ei oppskrift frå Yonghegong- klosteret i Beijing. Klosteret er nok mest kjent for den største utskorne Buddhastatuen i verda.

Retten har fått namnet sitt fordi han inneheld åtte ulike grønsaker. Talet åtte er det talet på vegar i buddhismen som fører til opplysning og indre fred.

Stir fry er ein kinesisk teknikk der maten blir kokt i ei wokpanne med masse olje. Har du lyst til å prøve deg på denne retten, finn du oppskrifta på https://millasmat.com/middag/buddah-stir-fry-med-groennsaker

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kristne mattradisjonar

I kristendommen er all mat tillate å ete, men det kan variere frå land til land og i ulike trusretningar. Blant ortodokse kristne og katolikkar er det mange som fastar, men den tradisjonen har ikkje den protestantiske kyrkja. Men dette bestemmer kvar enkelt. Somme vel å vere vegetarianar for å skåne dyra, medan andre et akkurat det dei vil.

Då kristendommen etablerte seg rundt tidsrekninga vår, var dei opptekne av å skilje seg ut blant dei andre religionane. Det var viktig å ha eit avslappa forhold til mat og drikke.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Barn spiser kalkun

Hausttakkefest

Hausttakkefest er ei gudsteneste der ein takkar for årets grøde. Då blir det sett fram frukt, grønsaker, brød, kornaks og mykje anna for å visa takksemd for alt det gode vi har å ete. Denne dagen har vorte feira i kyrkja sidan 1899.

Nattverd

Nattverden er eit symbolsk måltid som er ein viktig del av den kristne gudstenesta. Under nattverden et kristne brød og drikk vin. I protestantiske kyrkjer er dette symbol på Jesu kropp og blod.

 

Utgangspunktet for nattverden er historia om då Jesus og disiplane åt det siste måltidet saman, før Jesus vart teken til fange. I kristen tru får ein tilgiving for det galne ein gjer gjennom nattverden, og det blir gjort til minne om Jesus.

Dei første kristne

Paulus meinte at kristne ikkje trong å forhalde seg til gamle jødiske og romerske matreglar. Han oppmoda dei til å ha eit avslappa forhold til mat og drikke.

Han meinte at matreglar var påbod frå menneske og ikkje frå Gud.

I brevet til kolossarane skreiv Paulus blant anna: ”Så lat då ingen dømma dykk når det gjeld mat og drikke, høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar.” (Kol 2, 16)

Julemat

Kristne et mykje god mat til jul, og feiringa er ganske lik over det meste av verda. Den største forskjellen er nok at ortodokse kristne og katolikkar har ein fasteperiode i samband med jul. Protestantiske kristne har ikkje den tradisjonen.

I Noreg er det vanleg å ete torsk, svineribbe, kalkun eller pinnekjøt på julaftan. I tillegg til julekaker, riskrem, moltekrem, klementinar og marsipan. Vi sparer ikkje på noko som helst når årets største høgtid kjem.

For dei som ikkje har pengar til festmat, er det mange organisasjonar som bidreg med mat, gåver og selskap.

Katolikkane kjem frå mange ulike land, så der vil tradisjonane variere ein god del.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Nattverd

Kjelder:

  • Kværne, Per; Jacobsen Knut A.: Hinduisme i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M09 22 frå
    https://snl.no/hinduisme
  • Cohen, Katrine Jutrem; Groth, Bente: Sabbat Store norske leksikon på snl.no
    Henta 2021 M09 23 frå https://snl.no/sabbat
  • Thomassen, Merete; Rasmussen, Tarald: Nattverd Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 2021 M09 24 frå
    https://snl.no/nattverd
Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

  1. Getty Images
  2. Getty Images
  3. Getty Images
  4. Getty Images
  5. Getty Images
  6. Getty Images
  7. Getty Images
  8. Getty Images
  9. Getty Images
  10. Getty Images
  11. Getty Images
Close Icon

Loading...