Med ei klype salt
Salt er livsviktig for oss, men vi skal ikkje ha for mykje av det. Salt er eit kjemisk samband mellom natrium og klor, og finst mange stader på jorda. Kan du tenkje deg å ete hardkokt egg utan salt, eller droppe salt på popcornet?
Med ei klype salt
Har du høyrt uttrykket om å ta noko med ei klype salt? Kva betyr det eigentleg?
Språkrådet, som arbeider med språket vårt, forklarer det slik: «Å ta noko med ei klype salt betyr å ikkje ta det heilt bokstaveleg. Å godta noko sjølv om ein skjønner at det er overdrive.»
I matlaging hender det òg at nokon tilset ei klype salt. Kor mykje er eigentleg ei klype salt?
Dame som drysser salt i en bolle med mel
Jente som veier opp mel til baking
Fingre som holder en saltkrystall. Rosa bakgrunn.
Salt – ei lita kjærleikshistorie
Salt er ein kjemisk reaksjon mellom natrium og klor.
Som du ser av biletet, har natrium berre eitt elektron i det ytste skalet. Klor manglar eitt elektron i det ytste skalet sitt. Det gjer at begge ikkje er fornøgde. Dei vil vere perfekte, og då må dei ha fulle elektronskal ytst.
Klor får derfor elektronet frå natrium. På den måten får begge det dei treng, og både klor og natrium blir glade.
Resultatet blir saltet vi bruker kvar einaste dag. Ei lykkeleg historie for oss alle!
Bakgrunn med tekstur av salt
Kuleis i kjeks. Ulike smaker. Blå bakgrunn.
Salt var viktig for samfunnsutvikling
Før i tida var kjøt og fisk ferskvare, og måtte etast rett etter at maten vart fanga. Hadde ein for mykje mat, kunne han fort bli dårleg i varmen. Det var fordi ein ikkje hadde kjøleskap og fryseboksar slik vi har i dag.
Fordi ein måtte fange eller fiske det ein trong kvar dag, måtte ein bu der dyra og fisken var.
Salt gjorde at maten kunne bli salta og tørka. Då kunne dei ta med seg maten når dei reiste andre stader.
Tørfisk til tørk på snor
Saltutvinning fra havet på Kanariøyene. Bildet tatt i solnedgang
Kjelder:
- Helsenorge (16.07.21): Kostråd om salt
https://www.helsenorge.no/kosthold-og-ernaring/kostrad/kostrad-spis-mindre-salt/
- Språkrådet (16.07.21)
https://www.sprakradet.no/svardatabase/sporsmal-og-svar/en-klype-salt/
- Opplysningskontoret for brød og korn (16.07.21): Salt og helse
https://brodogkorn.no/fakta/salt-og-helse/
- Haraldsen, Haakon; Waaler, Bjarne A.; Pedersen, Bjørn: natriumklorid i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 11. august 2021 frå https://snl.no/natriumklorid
Bakgrunn med tekstur av salt
Bilde- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Skolerom / Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-