Byen som ein trygg stad 

Den eigentlege årsaka til at byane i Mesopotamia oppstod, er usikker. Men me veit at då zigguratane, det vil seie templa, blei bygde, blei det skapa ein møteplass der folk kom for å tilbe gudane sine, men templa blei også eit møtepunkt for sosial omgang og handel, og ein stad der nye tankar og idear blei utveksla. Mesopotamia var avhengig av handel for å skaffa seg nødvendige råvarer. Ein fast marknadsplass sørgde for eit trygt livsgrunnlag for fleire. Det braut stadig ut krig og konfliktar med nabostatane, og dei krangla gjerne om område og rettar til naturressursane. Dermed fekk byane etter kvart ein høg bymur, og dette var også ein tryggleik for innbyggjarane. 

Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Verdsbyen

Hovudstaden i Mesopotamia var blant dei viktigaste byane i Midtausten i tusenåra før Kristus. Babylon tyder «porten til gud». Leiarane i Mesopotamia var blant dei første som byrja med byplanlegging, og me veit at Babylon blei bygd etter ein strengt regulert plan.

Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!