Ein rik kultur
Velstanden i Mesopotamia auka fordi produksjonen av mat blei organisert. Det gjorde at innbyggjararne lærte seg nye ting fort. Religion var også viktig i Mesopotamia. Det knytte saman heile folket. Religion gav dei eit felles sett med levereglar. Kongen var avhengig av velvilje frå gudane.
Ny teknologi
Innbyggjarane i Mesopotamia fann opp nye våpen og verktøy. Dei temde dyr og studerte stjernehimmelen og månen. Dei første spora etter vognhjulet er funne i Mesopotamia. Kileskrifta blei funne opp. Skrifta blei skriven på leirtavler og heldt seg veldig lenge. Kileskrifta gjorde at ein lettare kunne føra vidare tradisjonar.
Da Vinci-bakgrunn
Velstand førte til utvikling
Elvene gjorde at Mesopotamia ofte blei ramma av både overfløyming og turkeperiodar. Men innbyggjarane bygde dike for å sikra avlingane mot overfløyming. Slik gjekk dei aldri tomme for mat. Det gjorde at innbyggjararne hadde det bra.
⬅ Båt på elva Eufrat i det som i dag er Syria.
Det første samfunnshuset?
No var menneska i stand til å kontrollera naturen. Dei kunne laga store bygningar. Dei første byggverka som blei bygde, var templa. Desse blei kalla zigguratar. Eit tempel var eit viktig senter i oldtida. Her kunne ein løysa problem saman. Templa var heilage for folket.
Da Vinci-bakgrunn
Sumer
Sumer låg heilt sør i Mesopotamia. I dag heiter området Kuwait og sør-Irak. Sumer blei grunnlagt rundt år 4500 f.Kr. Her finn me restar av den første kjende byen i verda. Denne byen heitte Uruk.
Assyria
Assyria var eit kongedøme i oldtida. Det låg nord i Mesopotamia. I dag heiter det Irak, Syria og Tyrkia. Assyrarane var dyktige på teknologi. Dei blei også veldig gode på krigføring. Difor blei det assyriske kongedømet større. Assyria var eit mektig kongedøme frå cirka år 2000–900 f.Kr.
Babylon
Babylon var hovudstaden i oldtidsriket Babylonia. Hovudstaden låg midt i Mesopotamia. Babylon låg i det som i dag er Irak. Kong Hammurabi kom til makta på 1790-talet f.Kr. Han gjorde Babylon til eit sterkt sentrum for heile Mesopotamia.
⬅ Ruinane av Babylon.
Kjelder:
- Andersen, Øivind: oldtiden i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. november 2020 frå https://snl.no/oldtiden
- Barstad, Hans M.: kileskrift i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. november 2020 frå http://snl.no/kileskrift
- Groth, Bente; Barstad, Hans M.: Mesopotamia i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. november 2020 frå https://snl.no/Mesopotamia
- Historie Junior (2016)
Orage Forlag AS
- Historie (2016): Vår fortid – slik har den påvirket oss
Orage Forlag AS
- Sommerfelt, Axel; Schackt, Jon: sivilisasjon i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. november 2020 frå https://snl.no/sivilisasjon
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Fæ (CC BY-SA 3.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Shutterstock
-
Dr. Osama Shukir Muhammed Amin (CC BY-SA 4.0)
-
Getty Images
-
Getty Images
-