London før bybrannen
I 1666 brann London by ned. Brannen øydela over 13 000 hus. Byen slik han var då blei heilt borte. Museum of London har laga eit kart over gamle London i Minecraft. Kartet viser deg korleis byen såg ut før. Kanskje du får lyst til å lage din eigen gammaldagse by?
Det fins tre ulike kart. Eitt av karta er frå før brannen. Det andre er frå under brannen. Og det tredje er frå etter brannen. Alle kan lastast ned frå Museum of London. Her er nokre av bygga.
Tudorhus
I Minecraft byggjer ein ofte hus med rette og fine veggar. Men gammaldagse hus såg ikkje sånn ut. I staden stakk delar av huset ut her og der. Det ser ein veldig godt i dette artige byggverket.
Dette huset er frå Tudor-perioden. I denne perioden bygde ein ofte hus med mørke trebjelkar og kvite veggar. Dette er eit bygg som krev mykje planlegging og nøye arbeid. Men når du er ferdig, er det nok verdt det.
Bryggehus
Å bu nede ved vatnet var litt annleis i 1666 enn i dag. Den gongen var bryggene fulle av store skip som kom med varer frå heile verda.
I dag ønskjer ein som oftast å bu ved vatnet på grunn av utsikta. Desse bryggehusa viser korleis ein kunne lage hus rett over vatnet. Med hjelp av støtter kan ein halde husa oppe.
Tørrhamn
For over 350 år sidan brukte ein også store maskinar for å løfte ting. I desse tørrhamnene vart store skip bygde. Dei er fulle av gammaldagse kraner laga av tre. Ser du at hamna søkk litt ned i bakken? Dette er for at arbeidarar skal kunne byggje skipskroget nede ved vasshøgda. Når dei er ferdige, vert portane opna, og vatnet ber den nybygde båten av garde.
Steinport
I gamle dagar ville ein somme gonger stengje andre ute frå byen sin. Då bygde ein gjerne ein stor og skummel steinport. Denne enorme porten vart bygd ekstra stor. Det var for å vise at dette er ein by ein ikkje skal tulle med. Den vanlege utgåva av Minecraft har ikkje akkurat denne typen stein. Men det er nok annan stein der til at du heilt fint kan byggje din eigen port.
Bruer
Bruer fins det mange av i verdas største byar. Så kvifor ikkje lage ei flott bru i din eigen by? Sjekk denne London-brua!
Tower of London
Tower of London vart bygd i 1078. Men bygget har ikkje alltid sett slik ut. Det har blitt endra fleire gongar gjennom historia. Det er eit svært typisk historisk landemerke (eit bygg ein lett kjenner igjen). Det er ikkje så vanskeleg å byggje i Minecraft-verda. Noko av det kulaste med dette bygget er kanskje dei handlaga trea inne i gardsrommet.
Rundtur i gamle London by
Kjelder:
- Minecraft (2018): Byer og byggverk
Orage Forlag AS
- Wikipedia (12.9.2020): Bybrannen i London 1666
https://no.wikipedia.org/wiki/Bybrannen_i_London_1666
Bilde- og videorettar:
-
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Ukjent
-
Wizard Keen – YouTube
-