Musikk kan endra verda

Musikken si rolle i samfunnet går langt tilbake i tid. Han når ut til alle aldrar og samfunnsklasser og har i dag stor reaksjonskraft både politisk og sosialt.

Accessibility icon Musikk kan endra verda

Musikk som samfunnsspegel

Gjennom historia har musikken spegla samfunnet. Artistar og komponistar har brukt den tida dei levde i til å skapa musikk.

Musikk blir brukt både til glede og sorg. Musikk kan også kritisera samfunnet.

Musikken i vikingtida 

Song og musikk spelte ei viktig rolle i vikingtida. Musikken blei brukt til fest, når barna skulle sova, eller når ein skulle utføra tungt arbeid. Musikkinstrument blei til og med brukte i krig.

Me veit ikkje korleis melodiane høyrdest ut. Instrumenta dei spelte på, var bronselurar, beinfløytar og bukkehorn.

📷 Bronselurar funne i Brudevælte i 1797.

Islands kamprop 

Islands fotballag blei hylla i 2016 etter kjempeprestasjonar i EM. Kanskje krafta i dette vikinginspirerte kampropet hjelpte dei på vegen.

Musikk æra Gud og dei kongelege 

I mellomalderen var det ofte kyrkja som brukte song og musikk. Dei brukte latinsk språk i songen, og då forstod ikkje folk flest teksten.

Derfor skapte folk sin eigen musikk, folkemusikken. Kyrkja likte ikkje dette. Musikk skulle æra Gud, og ikkje bli brukt til dans.

Under reformasjonen blei det skrive salmar på folkets eige språk, med melodi frå gamle folkeviser.

Musikken skulle også hylla og underhalda dei kongelege. Dei hadde økonomi til å lønna musikarar og komponistar. Det var eit statussymbol å ha eige orkester og komponistar ved hoffet.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Vegen til å bli «fri» komponist 

På 1600-talet var mange komponistar og musikarar tilsette hos kongen eller i kyrkja. Komponisten måtte laga musikk som biskopen eller kongen ville høyra. Han kunne ikkje skriva kva han sjølv ønskte

På 1700-talet følgde ikkje alle komponistar tradisjonen. No var det ikkje berre til biskopar og kongelege dei skreiv musikk. Komponistane kunne tena pengar ved å skriva musikk til dei rike òg.

Musikkgeniet Wolfgang Amadeus Mozart levde på 1700-talet. Han ønskte å leva som «fri» kunstnar. Han ville laga musikk slik han ønskte, men han møtte stor motstand. Skulle han få lønn, måtte han skriva det kongen eller kyrkja befalte.


Ludwig van Beethoven levde litt seinare enn Mozart.

Han klarte å leva som komponist utan fast arbeidsgivar.
Tilværet som «fri» kunstnar inspirerte mange som ønskte det same. Beethoven vart eit førebilete for mange i tida etter hans død i 1827.
  

📷 Statue av Ludwig van Beethoven i Bonn, Tyskland.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Frå slavesong til rock’n’roll 

På 1600-talet var det behov for billig arbeidskraft i Amerika. Det vart henta slavar frå Afrika. Dei levde under umenneskelege forhold.

Slavane jobba på store plantasjar, la jernbaneskjener eller jobba i gruver.

Sang og musikk hjelpte dei til å organisera arbeidet, og musikken gav dei trøyst.
Slavesongen gav inspirasjon til mange musikkformer, mellom anna rock’n’roll.

Musikk som motivasjon i arbeid 

I denne videoen ser du afro-amerikanske fangar som legg jernbanespor på 1960-talet. Her bruker dei reiskapane til å skapa musikk, slik slavane også gjorde.

Inspirert av slavemusikk 

På 1950- og 1960-talet vart mange artistar inspirerte av afroamerikansk musikk.

Elvis Presley er kjend som kongen av rock and roll. Han var sterk påverka av afroamerikanske rytmar og gospel.

Også Beatles var inspirert av afroamerikansk musikk. Den tidlege musikken deira bar preg av dette.

Aretha Franklin, kjent som The Queen of Soul, var ein av dei viktigaste vokalistane på 1960-talet. Ho blanda gospel, soul og rhythm and blues. Slik skapte ho ein unik stil og inspirerte mange artistar.

Denne perioden markerer ei tid med stor kulturell og musikalsk utveksling. Dette la grunnlaget for mange av dagens populære sjangrar.

Politisk engasjement i musikken 

Utover på 1900-talet gjorde elgitarar og mikrofonar at rockemusikken vart meir og meir høglydt. Tekstane vart meir og meir politiske.

Afro-amerikanske artistar song om rasisme og like rettar for alle.

På 1960-talet vart musikken brukt til å kritisera statsleiarar, krig og forskjellsbehandling av folk.

Bob Dylan vart ein av dei viktigaste protestsongarane med songen sin «Blowin’ in the Wind» frå 1964

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Punk

På 1970-talet utmerkte punkmusikken seg. Artistane hadde ein heilt spesiell stil og hårfrisyrar, og dei skreik ut om rettferd og dårlege politikarar.

Rockelegenda Bruce Springsteen song om å vera frå arbeidarklassen.

På 1980-talet brukte artistar populariteten sin til å samla inn pengar til svoltkatastrofar i Afrika. Bodskapen om solidaritet nådde ut som aldri før.

«We are the world» frå 1985 samla inn pengar til svoltramma barn i Afrika. 45 amerikanske artistar deltok.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Rap-musikk 

På 1990-talet og 2000-talet skapte rap-musikken eit stort samfunnsengasjement. Artistar rappa om miljø, rasisme, klima og sosial angst.

Desse artistene har ein stor skare av tilhengarar blant unge fans, og dei har enorm påverknadskraft. 

Politiske songar 

Bono, frå det irske bandet U2, sa ein gong at musikk kan endra verda fordi han kan endra menneske.

Her er nokre fleire eksempel på politiske songar som har gjort ei endring.

I Noreg blei Ole Paus sin song «Mitt lille land» brukt som ein solidaritetssong etter terrorangrepet på Utøya og regjeringskvartalet i Oslo 22. juli 2011. 

Lady Gaga laga ein monsterhit i 2010 med låten «Born This Way». Bodskapen er å ha respekt for menneske slik dei er. 

Sommaren 2020 vart George Floyd drepne av politiet. Dette starta Black Lives Matter-rørsla, og rapparen Dax skreiv ein låt om det.

11. september 2001 blei to passasjerfly styrte inn i World Trade Center i New York. USA starta krig mot islamsk terrorisme. Det britiske bandet Green Day kritiserte USAs handlingar med låten «American Idiot».

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Musikk som endra livet 

Nokre gonger opplever vi musikk som noko av det viktigaste i livet. Somme ofrar nærast livet sitt for musikken. Han blir til inspirasjon for å halda ut, eller for å engasjera seg i politikk eller solidaritet.

I 2015 skreiv Kendrick Lamar låten «Alright». Låten tar eit oppgjer med rasismen i USA. Han har blitt brukt under demonstrasjonar mot politiet sin brutalitet.  

I 1944 overlever ein polsk jøde fordi han kan spela piano. Wladyslaw Szpilman får hjelp av ein tysk offiser viss han lovar å spela Frederic Chopin. 

Ein av dei største katastrofane i verda til sjøs var då Titanic forliste i 1912. Medan skipet sokk, og passasjerane kjempa for livet, spelte orkesteret ein salme for å halda motet oppe.

 

Etter at den norske artisten TIX ønskte å ta sitt eige liv, skreiv han songen «Jeg vil ikke leve». Han håpar songen kan hjelpa andre som slit med livet sitt. 

Forrige avsnitt

1 / 5

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Ruud, Even: musikk i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. februar 2021 frå https://snl.no/musikk
  • Ruud, Even: rock i Store norske leksikon på snl.no.
    Henta 11. februar 2021 frå https://snl.no/rock

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Ukjent
    3. BeanymanSports – YouTube
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. David Hoffman – YouTube
    8. Ukjent
    9. Ukjent (CC BY 2.0) / Tristan Rovan – YouTube
    10. Getty Images / Oxygene 80 – YouTube
    11. EJ Hersom / DOD News Features (CC BY 2.0)
    12. Peter Neill (CC BY 2.0) / Nichlas Andre – YouTube / LadyGagaVEVO – YouTube / Rap City – YouTube / Green Day – YouTube
    13. Ukjent / KendrickLamarVEVO – YouTube / Bechir Houman – YouTube / Janie94 – YouTube / TIXVEVO – YouTube