Hjernen reagerer 

Kva skjer i hovudet ditt når du yrer favorittmusikken din? Hjernen er eit komplekst organ som reagerer underlege måtar når han yrer musikk. Forskarar har komme langt med å finne ut korleis og kvifor musikk kan hjernen til å reagere som han gjer.

Korleis hjernen vår analyserer lyd 

Når du høyrer musikk, prøver hjernen først å omarbeide hovudtrekka ved lyden. Han finn ut om tonar er høge eller låge, kor lenge dei varer, og kor sterke dei er. byrjar han forstå melodien, og at ulike instrument spelar forskjellige ting. Etterpå samanliknar han musikken med det som ligg lagra i minnet – er dette noko du har høyrt før? Kva kjende du sist gong du høyrde det? Til slutt får du eit resultat. Viss du ikkje likar songen, skrur du han kanskje av. Viss du likar han, kan det hende du får lyst til å danse.

Det er nyttig å undersøkje hjernen 

Dersom hjernen er skadd, er det nokre delar av han som fungerer dårlegare. Det kan hjelpe oss å lære om korleis menneske reagerer når dei høyrer musikk. Viss ein spelar musikk for ein person som har ein skade ein spesiell stad i hjernen, ser ein kanskje at dei reagerer på ein annan måte. Vi kan sjå desse reaksjonane på eit fMRI-bilete, som ein tar ved å skanne hjernen. Hjernen med den skadde biten har problem med ting som ein frisk hjerne klarer fint. Då veit vi kva akkurat den biten av hjernen gjer hos friske menneske. 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!