Responsen frå hjernen 

Kva skjer i hovudet ditt når du yrer favorittmusikken din? Hjernen er kompleks, og det er også musikken, så det å framprovosere den nevrologiske responsen på melodiar er litt av ei utfordring. Men forskarar verda over har arbeidd med å avmystifisere dei vitskapelege sidene ved han.

Lyden blir analysert 

Dei første av komponentane i musikken som blir prosesserte i hjernen, er dei grunnleggjande lydane – tonehøgd, varigheit og volum. Deretter hentar hjernen ut melodien og skil mellom dei ulike instrumenta. Så blir denne informasjonen samanlikna med minna, slik at det blir avgjort om dei innkomande lydane er kjende, og dei tilkopla kjenslene blir henta fram. Alt i alt gir prosessen ein respons, anten det er å slå av songen eller å byrje å danse. Og om du beveger deg, blir dette mata inn i hjernen att, noko som påverkar opplevinga endå meir.

Nyttig ved hjerneundersøking 

Noko av kompleksiteten ved responsen til hjernen blir tydelegare hos menneske med skade på hjernen. Ved å undersøkje kva som skjer med evna til å prosessere musikk etter at hjernen er blitt skadd på bestemte stader, og ved å observere korleis denne blir betra når hjernen blir lækt, kan forskarar byrje forstå kva delar av hjernen som er involverte. Til dette tek ein i bruk avansert biletteknologi som funksjonelle MRi-skannarar (fMRI), som kan overvake ulike delar hjernen og responsen deira på musikk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Ønsker du å lese hele artikkelen?

Ved å logge inn får du full tilgang til artikkelen, samt Lærerrommet med engasjerende læringsstier og oppgaver du kan bruke i undervisningen.

Logg inn med Feide

Ønsker du å prøve ut fullversjonen av Skolerom?
Kontakt oss her!