Hjernen reagerer
Kva skjer i hovudet ditt når du høyrer på favorittmusikken din? Hjernen er eit komplekst organ som reagerer på underlege måtar når han høyrer musikk. Forskarar har komme langt med å finne ut korleis og kvifor musikk kan få hjernen til å reagere som han gjer.
Ein spesiell del av hjernen
Ein ting vi har funne ut på denne måten, er at snakking og musikk ikkje går føre seg på same stad i hjernen. Viss ein får ein hjerneskade som gjer at det er vanskeleg å snakke, er det ikkje alltid slik at det også er vanskeleg å syngje ein song. Det verkar ganske merkeleg for oss, men det er slik hjernen verkar. For folk som stammar, kan det ofte vere lettare å syngje det dei har å seie.
Å vere tonedøv
Du har sikkert høyrt nokon bli kalla «umusikalsk» eller «tonedøv» som ei fornærming. Men det er faktisk ganske vanleg å ha problem med å forstå melodiar. Ved å skanne hjernen til folk kan vi sjå at nokon har mindre kvit materie der som hjernen forstår musikk. Heldigvis betyr ikkje det at dei ikkje kan vere like glade i musikk som andre, dei har berre lett for å blande tonane. Denne biten av hjernen utviklar seg gjennom heile oppveksten. Ein kan altså ikkje vite om nokon er tonedøve før dei har blitt vaksne.
Kvifor trampar vi takten til musikk?
Når ein høyrer ein kraftig rytme, hender det at ein får ein trong til å klappe eller trampe i takt. Før så trudde ein at det kom av at ein berre etterlikna måten ein spelar musikk på. I seinare tid har vi oppdaga at det å trampe eller klappe hjelper hjernen med å forstå musikken betre.
Kva gjer ein song fengande?
Iblant kan ein song feste seg på hjernen, og vi klarer ikkje slutte å syngje eller tenkje på han. Forskarar synest dette er veldig interessant. Nokre songar har lettare for å feste seg enn andre, men det finst ingen enkel formel som viser oss kva som er fengande. VI ser likevel nokre mønster. Fengande songar har ofte korte vers som går igjen og igjen. Det hjelper også om ein har knytt noko spesielt til songen. For eksempel kan det vere at han liknar på noko anna du har høyrt, eller at han har ein tekst du kjenner deg att i. Difor er det også slik at ein song som du synest er fengande, ikkje festar seg hos ein annan person.
Når tok vi til å spele musikk?
Menneske har skapt musikk i titusenvis av år. Dei eldste kjende instrumenta er 42 000 år gamle. Dette er fløyter av bein og elfenbein som blei funne i ei hòle i Tyskland. Ein trur at musikk eksisterte lenge før dette òg. Ein kan jo lage melodiar med stemma. Vi trur at det å lage musikk saman hjelpte dei første menneska til å danne sosiale band. Det kan ha gitt forfedrane våre eit overtak på andre artar, som neandertalarane.
Hjernen blir påverka av musikk
Bilet- og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Thinkstock Photos
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Thinkstock Photos
-
Getty Images
-
Thinkstock Photos
-
Thinkstock Photos
-
Getty Images
-
NRK
-