Kva er sinne?

Sinne er ei av dei eldste og mest primitive kjenslene vi har. Det var ein reaksjon som skulle hjelpa oss å overleva under vanskelege forhold. For mange tusen år sidan var sinne ein livsnødvendig reaksjon. Ein trong sinne for å sikra seg mat, ly og etterkommarar. Sinne var ein ettertrakta styrke. Særleg kvinnene såg sinne som noko positivt hos dei mannlege paringspartnarane sine.

 

Hjernen reagerer

No til dags er vi ikkje så ofte trua på livet. Likevel reagerer hjernen framleis på visse situasjonar, som til dømes urettferdig behandling. Når nokon skrik til deg, eller sender deg eit sint blikk, slår amygdala i hjernen alarm. Då sender hjernen hormon ut i kroppen, slik at ein er betre i stand til å forsvara seg fysisk.

Forskjell på gutar og jenter

Gutar og jenter opplever som regel sinne ulikt. Jenter blir ofte gradvis sinte. Det tar òg ofte tid for jenter å roa seg ned. Gutar blir oftare bråsinte. Sinnet går ofte fortare over for gutar. Gutar har ein større amygdala enn jenter. Det er truleg derfor det finst fleire sinte menn enn kvinner.

Kjensler fortel deg noko

Sinne blir sett på som ei negativ kraft. Forskarar seier vi treng sinne for å setja eigne grenser. Det hjelper oss til å behalda vennskapsband og kjærleiksband. Og viss vi godtar sinnet, går det fortare over. Kva hjelper når kjensler gjer vondt?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Skilje mellom sinne og aggresjon

Sinne er ei kjensle på lik linje med andre kjensler. Viss vi oppfører oss sinte, altså viss vi handlar i sinne, kallar vi det aggresjon. Vi oppdrar små barn til at det ikkje er lov å slå, sparka eller bita når ein kjenner seg sint.

Å sortera kjensler

Også vaksne må øva på å sortera og godta vonde kjensler. Ingen kan velja bort kjensla av sinne. Det er viktig å ikkje gøyma ho vekk heller. Men vaksne skal ikkje bli så sinte at dei blir valdelege. Ein skal ikkje vera valdeleg, ikkje i prat og ikkje i handlingar.

Snakk med nokon om det!

Det er alltid lurt å snakka med ein venn om kjensler og tankar. Du kan òg snakka med helsesjukepleiaren på skulen din. Du kan òg ringa anonymt til 116 111. Det er ein alarmtelefon for barn og unge.

Kjelder:

  • Kroppen i arbeid (2020)
    Orage forlag AS

Bilde- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images / Livetogsånn YouTube
    5. Kjetil Ree (CC BY-SA 2.0
    6. Getty Images
    7. Getty Images