Trollmannen Tesla

Nikola Tesla var ein dyktig oppfinnar som ofte vert kalla «vestens trollmann». Han viste oss kva moglegheiter straum gjev oss i kvardagen. Han er aller mest kjend for å finna opp vekselstraum. Det er den straumen som kjem ut av stikkontaktane heime hos deg og sørgjer for at det er lys i huset. Når du pluggar inn støvsugaren eller ladar mobilen, så send ein takk til Tesla!

Portrett av Nikola Tesla
Portrett av Nikola Tesla

Fødd i Kroatia

Tesla vart fødd i 1856 i den vesle landsbyen Smiljan i det som no heiter Kroatia. På den tida var det ein del av Austerrike. I 1875 byrja han å studera for å verta ingeniør, og det var då han byrja å forska på vekselstraum.

Då Tesla var ferdig med studia, vart han sjefsingeniør i det nasjonale telefonselskapet til Ungarn. Seinare byrja han å jobba for Thomas Edison – mannen som utvikla lyspæra. Tesla jobba først i Paris, og seinare flytta han til USA.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Nikola Tesla med utstyret hans
Nikola Tesla med utstyret hans

Kva er straum?

Straum er når elektron flyttar på seg i ein leidning. Det finst to typar straum, likestraum og vekselstraum.

Likestraum er ein jamn straum av elektron gjennom eit apparat. Litt som ei elv som heile tida renn forbi. Når du brukar eit batteri, går det likestraum ut frå minus-sida, og gjennom apparatet ditt. Straumen endar til slutt opp på pluss-sida.

Vekselstraum er når elektrona pumpar fram og tilbake i leidningen. Denne typen straum er lettare å senda over store avstandar. Difor er det vekselstraum som kjem ut av stikkontakten i veggen.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Straumkrigen

Thomas Edison meinte at likestraum var best, medan Nikola Tesla syntest vekselstraum var best. Tesla ville ikkje jobba for Edison meir, og det var starten på ein bitter kamp mellom dei to.

I årevis hadde Edison laga oppfinningar som trong likestraum. Man han sleit med å levera straum til kundane som ville bruka tinga hans. For at kraftverket skulle senda likestraum som var sterk nok til å vera nyttig, måtte maskinen som laga straum vera i nærleiken av kundane. Det var dyrt og vanskeleg, særleg på landet.

Tesla utvikla eit system som kunne senda kjempesterk straum over store avstandar utan at leidningane vart varme. Dette er det vi kallar høgspentleidningar. Ute hos kundane trengte ein berre å ha små apparat som gjorde straum med høg spenning om til låg spenning. Desse apparata vert kalla transformatorar.

Tesla vann til slutt «straumkrigen». I dag er det ingen som har likestraum i stikkontakten sin, det vert berre brukt i apparat som går på batteri. Det er ingen tvil om at vekselstraumen er ei av dei viktigaste oppfinningane i historia.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Måleeininga tesla

Seinare i livet jobba Nikola Tesla med å senda straum gjennom lufta, heilt utan leidningar. I tillegg jobba han mange andre oppfinningar, og det var han som oppdaga er jorda er magnetisk. Difor fekk han ei måleeining kalla opp etter seg. Når vi vil vita kor sterk ein magnet er, så måler vi magnetfeltet i tesla.

Kloden med Magnetiske felt
Kloden med Magnetiske felt

Kjelder:

  • Ny vitenskap: Historie Junior, (2016)
    Orage Forlag AS