Nobels fredspris

Sidan 1895 har Nobels fredspris vore delt ut. Grunnleggaren, Alfred Nobel, ønskte å gi ei påskjøning til dei som arbeidde med fred i verda. Prisen blir delt ut i Oslo, og er ei dei viktigaste prisutdelingane i verda.

Accessibility icon Nobels fredspris

Nobels fredspris

I ei perfekt verd ville vi alltid hatt fred. Men mellom menneske vil det alltid oppstå konfliktar og krig. Heldigvis er det mange som jobbar for fred. Ein av dei var svensken Alfred Nobel.

Alfred Nobel

Alfred Nobel fann opp dynamitten i 1866. Han blei veldig rik av dette. Overalt der det blei laga vegar og tunnelar, trong ein dynamitt for å sprenga bort fjellet. I ein periode var det berre Alfred Nobel som kunne laga og selja dynamitt. Vi kallar det å ha patent på noko.

Før han døydde, bestemte Nobel kven som skulle arva rikdommen hans. Han skreiv eit testamente. Han ville blant anna heidra dei som arbeidde for fred. Sidan 1895 har Nobels fredspris blitt delt ut.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Alfred Nobel
Alfred Nobel

Blir delt ut i Oslo  

Nobelprisen for fred blir delt ut av Den Norske Nobelkomite. Prisutdelinga går føre seg i Oslo rådhus på Nobels dødsdag den 10. desember. 

Papirbakgrunn 8
Papirbakgrunn 8

Kvifor blir prisen delt ut i Oslo?

Alfred Nobel gav inga forklaring på kvifor fredsprisen skulle delast ut i Noreg. Vi må derfor gjetta oss til kvifor.

📷  I 2009 tok USAs president Barack Obama i mot fredsprisen.

Tidlegare direktør ved Det Norske Nobelinstitutt, Geir Lundestad, skreiv om dette i ein artikkel: «Det er mogleg Nobel meinte at Noreg var meir opptekne av fred og demokrati enn Sverige.» 

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Obama mottar Nobels fredspris
Obama mottar Nobels fredspris

Korleis vinna fredsprisen?

For å vinna fredsprisen må ein jobba aktivt for fred. Ofte er det veldig vanskeleg, men ein må aldri gi opp. Ein må jobba for å ha færre våpen og soldatar i verda. Heile verda må samarbeida for å få til fred. Nokre vinnarar har arbeidd for fred på andre måtar. Blant dei kan nemnast FNs klimapanel og Al Gore – dei gjorde ein innsats for klimaet.

📷  Al Gore og leiaren for FNs klimapanel, Rajendra Pachauri, tok imot fredsprisen i 2007.
Al Gore og lederen for FNs klimapanel, Rajendra Pachauri, tok imot Nobels fredspris i 2007
Al Gore og lederen for FNs klimapanel, Rajendra Pachauri, tok imot Nobels fredspris i 2007

Tidlegare vinnarar

Mange kjende namn står på lista over fredsprisvinnarar. Her er eit lite utval: Theodore Roosevelt (1906), Fridtjof Nansen (1922), Martin Luther King jr. (1964), Mor Teresa (1979), Nelson Mandela (1993), Malala Yousafzai (2014).

Fredsprisvinnarar måla på veggsegment etter Berlinmuren. Men vent no litt – mannen i midten, Mahatma Gandhi, vann aldri fredsprisen sjølv om han blei nominert fleire gonger.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Fredsprisvinnere malt på veggsegmenter etter Berlin-muren
Fredsprisvinnere malt på veggsegmenter etter Berlin-muren

Kjelder:

Bilet- og videorettar:

    1. Getty Images
    2. Ukjent
    3. Erik Lindberg
    4. Utenriksdepartementet
    5. AFP
    6. Victor Landeta 
    7. Youtube – Nobel Peace Center