Noreg i raudt, kvitt og blått!

Kva er det med den fargerike kluten vi har festa på ei stong og vaiar rundt med?

Dame på toppen av et fjell med det norske flagget

Lang historie

Kinesarane er dei første vi veit om som brukte flagg. Det var nesten 2000 år sidan. Ein mann heldt eit kvitt silketørkle framfor seg for å vise at han hadde grunnlagt eit mektig rike. Etter det vart kinesiske flagg ofte pryda med fuglar, tigrar og drakar. Så spreidde dei første flagga seg til India, og deretter til resten av verda.

Det første kinesiske flaget (1889-1912)
Papir bakgrunn
Papir bakgrunn

Krigføring

Flagg viste seg å vere veldig effektivt i krig. Med dei kunne ein gi signal til kvarandre på lange avstandar. Kongane hadde sine eigne merke på flagga. På slagmarka var det ofte eit poeng å ta flagget til fienden. Det kunne bety at ein hadde vunne slaget. Å vifte med kvitt flagg betyr at ein overgir seg.

Heising av flagget i Iwo Jima, 1945
Heising av flagget i Iwo Jima, 1945

Kvar nasjon sitt flagg

I Europa vart flagga viktige på 1700-talet. Flagget var noko som landa kunne samle seg om. Eit vaiande flagg med den unike kombinasjonen sin av fargar og mønster var eit lett synleg symbol på landet.

Den franske revolusjon
Papir bakgrunn
Papir bakgrunn

Eit sterkt symbol

For at flagget skal vera enkelt å kjenna igjen må fargane vere klare og mønsteret enkelt. Derfor er det sjeldan tekst eller bokstavar på flagg. Eit flagg skal vise kva landet synest er viktig eller set pris på.

Det pakistanske flagget er grønt, med ein halvmåne og ei stjerne. Farge og symbol representerer islam.

Det britiske flagget er forma av tre kors som er lagde oppå kvarandre. Det symboliserer at England, Skottland og Irland er kristne land.

Det pakistanske flagget
Papir bakgrunn
Papir bakgrunn

Det første norske flagget

Då Noreg vart ein sjølvstendig stat i 1814, hadde Noreg vore styrt av Danmark i over 400 år. Det einaste flagget dei visste om, var det danske. Men Noreg hadde eit nasjonalsymbol – «Den norske løva». Det symbolet hadde vore brukt i Noreg på 1500-talet.

Løva var eit gammalt symbol på kongemakt i Europa. Det nye Noreg fekk eit flagg som var heilt likt det danske, men med ei gul løve øvst i hjørnet. I dag er løva eit symbol for mellom anna Stortinget, regjeringa og politiet.

Det første norske flagget i 1814
Papir bakgrunn
Papir bakgrunn

Flagget vårt i dag

Det danske flagget er blant verdas eldste. Etter eit slag mellom danskar og estarar på 1200-talet, kom flagget dalande ned frå himmelen. Og danskane tok det med seg vidare.

Folk i Noreg ønskte etter kvart eit eige flagg. Det kom fleire forslag til korleis det kunne sjå ut. I 1821 vart det bestemt at det skulle vere raudt, kvitt og blått med kors. Slik vi kjenner det i dag. Det betyr at flagget har 200-årsjubileum i 2021! Hurra! Det er vel verdt å flagge for.

Norges flagg godkjent av Karl Johan i 1821
Papir bakgrunn
Papir bakgrunn

Reglar for flagg

Når du held i det norske flagget, kan du ikkje gjere kva som helst med det. Det er nokre reglar du må følgje. Flagget skal alltid haldast høgt, og aldri kome i bakken. Det må behandlast med respekt.

I Noreg har vi mange flaggdagar. Det kan vere 17. mai eller bursdagen til kongen. Då skal det flaggast frå alle offentlege bygningar. Det kan vere rådhus, Stortinget eller skular. Flaggdagane finn du i ein kalender. Når du har bursdag, kan det hende at familien flaggar. Det er ikkje ein regel. Det er meir som eit hyggeleg signal til folk i nabolaget.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Det norske flagget heist
Det norske flagget heist

17. mai-flagget

Kva hadde 17. mai-feiringa vore utan flagget? Gater fulle av glade barn som vaiar med flagget, er sjølve symbolet på 17. mai. Noreg feirar nasjonaldagen sin som ingen andre. Dei fleste andre land har militærparadar på nasjonaldagen.

Det har ikkje alltid vore lov til å feire 17. mai. Det var ulovleg under andre verdskrigen. Ein kunne bli arrestert eller drepen av nazistane viss ein heldt i eit norsk flagg. Då Noreg igjen var eit fritt land i 1945, tok 17. mai-feiringa heilt av.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
17. mai tog, 2016
17. mai tog, 2016

Kjensler i eit flagg

Dette flagget har folk kjempa for med livet som innsats. Det er så mykje meir enn ein tøybit. Det set i gang kjensler hos oss, som glede, sorg og stoltheit. Flagget knyter oss saman som folk. Overalt i verda kan vi kjenne igjen flagget vårt. Då føler vi oss som heime igjen. Andre menneske frå andre land har det sikkert på same måten med nasjonalflagget sitt.

Norske flagget som flagrer bak en båt
Norske flagget som flagrer bak en båt

Sjørøvarflagget 

Ein gong var sjørøvarflagget eit frykta symbol ute på havet. Det betydde bråk, og sjømenn var redde for liva sine. No blir sjørøvarflagget mest brukt i karneval. Og ingen er så redde for det lenger.

Jolly roger - sjørøverflagg
Papir bakgrunn
Papir bakgrunn

Sørstatsflagget

Dette flagget vart brukt av dei som hadde slavar i USA på 1800-talet. Det har vekt vonde kjensler, særleg for etterkommarane av slavane – afroamerikanarane. For dei symboliserer flagget rasisme.

Etter mange demonstrasjonar i USA har dette sørstatsflagget blitt fjerna som offentleg flagg. Nokre gongar må ein forandre på flaggreglane. Bruken av flagget skal jo ikkje skade nokon!

Sørstatsflagget
Papir bakgrunn
Papir bakgrunn

Kjelder:

 

Bilet- og videorettar:

    1. Sodacan / Getty Images
    2. Joe Rosenthal / GuessIt – YouTube
    3. Eugène Delacroix / Getty Images
    4. Zscout370 / Getty Images
    5. Kaptein Jens Petter Stibolt, Riksarkivet (CC BY-SA 4.0) / Getty Images
    6. Kongelige resolusjoner, Riksarkivet (CC BY-SA 4.0) / Getty Images
    7. TimOve (CC BY 2.0)
    8. Petter Hebæk (CC BY 2.0)
    9. mroach (CC BY-SA 2.0) / Getty Images
    10. Liftarn (CC BY 2.5) / Getty Images
    11. William Porcher Miles