Ord og bilde
som våpen

Under 1. verdskrigen (1914–1918) forstod militære leiarar at propaganda betydde vel så mykje som  soldatane sin innsats på slagmarka. Dei forsto at bevisst påverknad med ord og bilde forma bestemte haldningar og oppfatningar av fienden. Det var viktig for rekrutteringa av soldatar.

📷  Plakat frå 1917 som skulle rekruttere amerikanske soldatar til 1. verdskrigen. Kunstnar: James Montgomery Flagg (1877–1960).
Plakat med teksten "I want you for U.S.A. Army" og bilde av Uncel Sam som peker mot deg, som ble brukt for å rekruttere amerikanske soldater under 1. verdenskrig.
Mørk murvegg
Mørk murvegg

«Stans tyskarane!»

England pøste ut propaganda til dei landa som ikkje deltok i 1. verdskrigen. Desse landa fekk skrekkhistorier om den tyske krigføringa. England og deira allierte kjempa ein krig for å «gjere slutt på alle krigar». Derfor var det viktig å få støtte frå flest mogleg for å kjempe mot ønsket til tyskarane om gjere Europa til ein militærstat. Mot slutten av krigen vart USA òg redd for at Tyskland skulle okkupere dei.

📷  Amerikansk propagandaplakat frå 1917 som viser Tyskland som ein galen gorilla som trampar inn i USA.
Kunstnar: Harry Ryle Hopps (1869–1937).
Plakat fra 1917 der Tyskland fremstilles som en gal gorilla med en halvnaken kvinne i den ene armen, og en bloddryppende klubbe i den andre.
Mørk murvegg
Mørk murvegg

Dolkestøtlegenda

Dolkestøtlegenda oppstod i Tyskland etter 1. verdskrigen. Hausten 1918 fortalde tysk propaganda at tyskarane ville vinne krigen, men krigen vart tapt berre ein månad seinare. Befolkninga forstod ikkje korleis Tyskland kunne tape og fekk behov for å finne nokre syndebukkar. Den tyske hæren måtte ha vorte forrådt, og tyske jødar fekk mykje av skulda. Mange av dei hadde ikkje delteke i krigen, og vart sett på som forrædarar som dolka dei tyske soldatane i ryggen. Dette brukte nazistane for å byggje opp under hatet mot jødane fram mot 2. verdskrigen.

📷  Postkort frå 1919 som viser ein karikert jøde som dolkar ein tysk soldat i ryggen med kniv.

 

Tegning av en tysk soldat fra 2. verdenskrig som blir dolket i ryggen av en jøde.
Mørk murvegg
Mørk murvegg

Propaganda retta mot barn

Adolf Hitler og nazistane viste eit voldsomt hat mot jødane. Mellom 1. og 2. verdenskrigen dreiv dei med antisemittisk propaganda. Nazistane påverka òg barn gjennom bøker. Teikninga er frå bildeboka «Stol aldri på revar og jødar» frå 1936. Ho viser jødiske menn i karikert naziversjon og tyske barn som les Der Stürmer. Det var eit propagandablad som formidla eit ekstremt jødehat.

Barn leser fra en avis om jødehat mens noen karikerte jøder står og snakker sammen.
Mørk murvegg
Mørk murvegg

Adolf Hitler dyrka som ein gud

Etter at nazistane tok over styringa i Tyskland i 1933 vart Adolf Hitler ein opphøgd førar. Han vart dyrka som ein gud, og orda hans var lov. Ifølgje propagandaen hadde det tyske folket alt å takke Hitler for.

📷  Tysk postkort frå 1938. Saman med frimerke var slike postkort med på å påverke det tyske folket til å støtte nazismen og Adolf Hitler.
Hitler i sentrum av Tyskland i 1938.
Mørk murvegg
Mørk murvegg

Kjemp for Noreg!

Det norske partiet Nasjonal Samling var nazistisk og meinte at Noreg og Tyskland måtte stå saman mot erkefienden, Sovjetunionen. Derfor ønskte dei å verve norske ungdommar til å kjempe på tysk side under 2. verdskrigen. Nasjonal Samling brukte ofte motiv frå vikingtida for å vise at nordmenn stamma frå modige og sterke krigarar.

📷  Her ser du framsida på eit propagandahefte frå 1942.
Forsiden av norsk propagandahefte fra 2. verdenskrig
Mørk murvegg
Mørk murvegg

Tyske frimerke

Frimerka i Det tredje riket gir oss ei unik moglegheit til å forstå meir av  sjølvbildet til nazistane og korleis dei ønskte å bli oppfatta av verda. Propagandamerka viser ofte motiv av Adolf Hitler, nazipartiet og militære sigrar.

Tyske frimerker fra 2. verdenskrig
Mørk murvegg
Mørk murvegg

Den kalde krigen

Den kalde krigen var for det meste ein propagandakrig mellom USA og Sovjetunionen for å vinne makt i verda etter 2. verdskrigen. USA og Sovjetunionen kom aldri i direkte krig med kvarandre, men dei sende kvarandre truslar om bruk av våpen.

Hollywood laga mange filmar der skurkane som regel var frå Sovjetunionen. Dermed vart filmindustrien ein del av propagandakrigen. Sovjetunionen derimot arrangerte store militærparadar for å vise styrken sin til verda.

📷  Plakat frå 1963 for James Bond-filmen «From Russia with Love».
Plakat av James Bond-filmen «From Russia with Love»
Mørk murvegg
Mørk murvegg

Militærparade frå Sovjetunionen

Dette var propaganda for å vise USA og resten av verda at Sovjet hadde store militære ressursar.

Mørk murvegg
Mørk murvegg

Koreakrigen

Koreakrigen var ein krig mellom Nord-Korea og Sør-Korea og var den første store krigen etter 2. verdskrigen. Nord-Korea var kommunistisk og vart støtta av Sovjetunionen og Kina. Sør-Korea var meir vestleg orientert og vart støtta av USA og FN. USA gjorde alt dei kunne for å hindre at kommunismen spreidde seg rundt i verda. Dei meinte at kommunismen var vondskap sett i system. Krigen endte med våpenkvile.

📷  Framside på ein amerikansk teikneserie som viser frykta for kommunismen. 
Propagandaplakat mot kommunisme
Mørk murvegg
Mørk murvegg

Nordkoreansk heltemot

Propagandafilm frå Nord-Korea som viser at soldatane gjorde ein heltemodig innsats mot USA.

Mørk murvegg
Mørk murvegg

Vietnamkrigen

Krigen mellom Sør-Vietnam og Nord-Vietnam gjekk føre seg i åra 1957-1975. Utover på 1960-talet deltok USA på Sør-Vietnams side, og Sovjetunionen og Kina støtta Nord-Vietnam. Propaganda vart brukt for å stanse krigen. Det vart òg brukt for å vise at kampmoralen var stor hos soldatane på begge sider av krigen.

📷  Frimerke frå Nord-Vietnam som viser at soldatane hadde gode våpen til å stå imot amerikanske flyangrep.

 

Frimerke fra Vietnamkrigen som viser Nord-koreansk soldat som skyter ned et amerikansk fly.

Nixon-propaganda

Medan Vietnamkrigen herjar i 1968, blir denne propagandafilmen brukt til støtte for presidentkandidat Richard Nixon.

 

Mørk murvegg
Mørk murvegg

Irak-krigen

Militære spionbilde frå USA vart presenterte for FN som bevis på at Irak planla å produsere atomvåpen. Bilda vart brukte for å forsvare USAs og Storbritannias angrep på Irak i 2003. Etter kvart vart «bevisa» avslørte som propaganda. Fleire land vart sterkt kritiserte for å delta i krigen.

📷  Britiske aviser var ikkje nådige mot statsminister Tony Blair då løgnene vart avslørte.
Britiske avisforsider kritiserer den britiske statsministeren for å delta i Irak-krigen.
Mørk murvegg
Mørk murvegg

Krigen i Afghanistan

Bakgrunnen for at USA angreip Afghanistan i 2001 var terrorangrepa mot USA 11. september same året. Angrepet vart utført av terrornettverket al-Qaida. Taliban-regimet i Afghanistan let al-Qaida bruke landet som skjulestad, og vart vurdert som medansvarleg. Målet med krigen til amerikanarane var å ramme al-Qaida og Taliban. USA dreiv massiv propaganda for å legitimere angrepet sitt på Afghanistan.

📷  Amerikanske soldatar slepper flygelad over Afghanistan for å få folket over på si side av konflikta.
Amerikanske soldater slipper flyveblader fra fly over Afghanistan.
Amerikanske soldater slipper flyveblader fra fly over Afghanistan.

Krigen i Ukraina

Etter at Russland angreip Ukraina har den russiske presidenten, Vladimir Putin, ofte vorte framstilt i media som Adolf Hitler. Den grafiske kunstnaren Patrick Mulder gjekk så langt at han manipulerte ei framside frå verdas mest lesne magasin, Time Magazine. Framsida vart publisert på sosiale medium, men var ei «fake» framside.

Mørk murvegg
Mørk murvegg

Kjelder:

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Bilde- og videorettar:

    1. James Montgomery Flagg (1917)
    2. Getty Images
    3. Ukjent kunstner
    4. Elvira Bauer (1936)
    5. Ukjent kunstner
    6. Justismuseet – Det nasjonale museet for politi, rettsvesen og kriminalomsorg / Harald Damsleth (1942)
    7. Getty Images / G. Klein (1944)
    8. United artist / NTB
    9. PASHAvonWIEN – YouTube
    10. Ukjent kunstner
    11. The Telegraph – YouTube
    12. Getty Images
    13. Battlefield Sources – YouTube
    14. Martin Cleaver / NTB (CC BY-NC 4.0)
    15. U.S. Army
    16. ABC 10 News – YouTube