Ord og bilde
som våpen
Under 1. verdskrigen (1914–1918) var det viktig å vise eigne soldatar at fienden var eit dårleg menneske. Då kunne det vere lettare å drepe ein fiende. Vi kallar dette propaganda. Ved hjelp av plakatar vart det lettare å rekruttere soldatar. Landet trong soldatar for å kjempe mot ein «vond» fiende.
📷 Plakat frå 1917 som skulle rekruttere amerikanske soldatar til 1. verdskrigen. Kunstnar: James Montgomery Flagg (1877–1960).
Mørk murvegg
«Stans tyskarane!»
Tyskland kjempa for å gjere Europa til ein militærstat. Der skulle militæret vere dei øvste leiarane. England og andre land ønskte ikkje dette, og kjempa imot. Mot slutten av krigen vart USA òg redd for tyskarane.
📷 Amerikansk propagandaplakat frå 1917 som viser Tyskland som ein galen gorilla som trampar inn i USA.
Kunstnar: Harry Ryle Hopps (1869–1937).
Mørk murvegg
Dolkestøtlegenda
Då Tyskland tapte 1. verdskrigen, trong dei nokon å skulde på. Soldatane måtte ha vorte drepne av forrædarar. Tyske jødar fekk mykje av skulda. Mange av dei hadde ikkje delteke i krigen, og hadde i staden dolka dei tyske soldatane i ryggen. Dette var ikkje sant, men mange trudde på denne forteljinga.
📷 Postkort frå 1919 som viser ein karikert jøde som dolkar ein tysk soldat i ryggen med kniv.
Mørk murvegg
Propaganda retta mot barn
Adolf Hitler og nazistane hata jødane. Dei ønskte å påverke alle tyskarar til det same. Til og med barna vart lærde opp til å hate jødane. Teikninga er frå bildeboka «Stol aldri på revar og jødar». Ho viser tyske barn som les Der Stürmer. Det var ei avis som påverka lesarane til å hate jødane.
Mørk murvegg
Adolf Hitler dyrka som ein gud
I Tyskland før og under 2. verdskrigen vart Adolf Hitler sett opp til som ein gud. Orda hans var lov. Ifølgje nazistane hadde det tyske folket alt å takke Hitler for.
📷 Tysk postkort frå 1938. Saman med frimerke var slike postkort med på å påverke det tyske folket til å støtte nazismen og Adolf Hitler.
Mørk murvegg
Kjemp for Noreg!
Under 2. verdskrigen angreip Tyskland Noreg, og styrte landet i 5 år. Mange nordmenn støtta tyskarane. Dei meinte at norske og tyske soldatar måtte kjempe saman i krigen mot russarane. For å rekruttere soldatar vart det brukt teikningar av vikingar. Det skulle vise at nordmenn var modige og sterke krigarar.
📷 Her ser du framsida på eit propagandahefte frå 1942.
Mørk murvegg
Tyske frimerke
Tyske frimerke under 2. verdskrigen viste ofte motiv av Hitler, og bilde av korleis tyske soldatar vann over fienden. Dette skulle vise at Tyskland var sterke og at Hitler var den største leiaren.
Mørk murvegg
Den kalde krigen
Etter 2. verdskrigen vart USA og Sovjetunionen fiendar. Dei var usamde om politikk og kven som hadde størst makt i verda. USA og Sovjetunionen kom aldri i direkte krig med kvarandre. Dei sende kvarandre truslar om bruk av våpen. Sovjetunionen var det som i dag heiter Russland.
Hollywood laga mange filmar der skurkane som regel var frå Sovjetunionen. Sovjetunionen arrangerte store militærparadar for å vise styrken sin til verda.
📷 Plakat frå 1963 for James Bond-filmen «From Russia with Love».
Mørk murvegg
Militærparade frå Sovjetunionen
Dette var propaganda for å vise USA og resten av verda at Sovjet hadde store militære ressursar.
Mørk murvegg
Koreakrigen
Koreakrigen var ein krig mellom Nord-Korea og Sør-Korea. Nord-Korea fekk hjelp frå Sovjetunionen og Kina. Sør-Korea fekk hjelp frå USA. USA gjorde alt dei kunne for å hindre sovjetisk politikk i andre land. Dei meinte at dette var vondskap sett i system.
Amerikansk teikneserie som viser frykta for kommunismen.
Mørk murvegg
Nordkoreansk heltemot
Propagandafilm frå Nord-Korea som viser at soldatane gjorde ein heltemodig innsats mot USA.
Mørk murvegg
Vietnamkrigen
Dette var ein krig mellom Sør-Vietnam og Nord-Vietnam. USA støtta Sør-Vietnam. Sovjetunionen og Kina støtta Nord-Vietnam. Propaganda vart brukt for å stanse krigen. Det vart òg brukt for å vise at soldatane på begge sider av krigen var sterke og modige.
📷 Frimerke frå Nord-Vietnam som viser at soldatane hadde gode våpen til å stå imot amerikanske flyangrep.
Nixon-propaganda
Medan Vietnamkrigen herjar i 1968, vert denne propagandafilmen brukt til støtte for presidentkandidat Richard Nixon.
Mørk murvegg
Irak-krigen
USA meinte at Irak prøvde å lage atomvåpen. Derfor tok dei bilde som bevis. Bilda vart brukte for å forsvare USAs og Storbritannias angrep på Irak. Etter kvart vart «bevisa» avslørt som juks. Fleire land vart sterkt kritiserte for å delta i krigen.
📷 Britiske aviser var ikkje nådige mot statsministar Tony Blair då løgnene vart avslørte.
Mørk murvegg
Krigen i Afghanistan
Terroristgruppa al-Qaida angreip USA 11. september 2001. Dei styrta to passasjerfly inn i The World Trade Center. USA ville hemne seg, men al-Qaida gøymde seg i Afghanistan. Dermed vart landa angripne for å støtte terroristar. USA dreiv propaganda for å forsvare angrepet sitt på Afghanistan.
📷 Amerikanske soldatar slepper flygeblad over Afghanistan for å få folket over på si side av konflikta.
Amerikanske soldater slipper flyveblader fra fly over Afghanistan.
Krigen i Ukraina
Etter at Russland angreip Ukraina, har Putin ofte vorte framstilt som Hitler. Kunstnaren Patrick Mulder gjekk så langt at han juksa med ei framside frå verdas mest lesne magasin, Time Magazine. Framsida vart publisert på sosiale medium, men var berre juks.
Mørk murvegg
Kjelder:
Bilde- og videorettar:
-
-
James Montgomery Flagg (1917)
-
Getty Images
-
Ukjent kunstner
-
Elvira Bauer (1936)
-
Ukjent kunstner
-
Justismuseet – Det nasjonale museet for politi, rettsvesen og kriminalomsorg / Harald Damsleth (1942)
-
Getty Images / G. Klein (1944)
-
United artist / NTB
-
PASHAvonWIEN – YouTube
-
Ukjent kunstner
-
The Telegraph – YouTube
-
Getty Images
-
Battlefield Sources – YouTube
-
Martin Cleaver / NTB (CC BY-NC 4.0)
-
U.S. Army
-
ABC 10 News – YouTube
-