Orkanar

Orkanar, som også er kalla syklonar og tyfonar, er kvervlande toreskyer som vert danna over det varme vatnet i tropiske hav. Dei aukar i styrke undervegs, og dei kan verta kolossalt sterke stormar med kraftig vind, piskande regn og smadrande bølgjer.

Orkan på vei mot Amerika

Visste du at …

i 2005 tok orkanen Katrina livet av meir enn 1800 menneske i USA? Byen New Orleans vart særleg hardt ramma.

i 2012 vart austkysten av USA treft av orkanen Sandy? Stormen gjorde skade for milliardar av kroner.

orkanen Andrew i 1992 feide over Bahamas og USA? Vindhastigheita nådde opp i over 280 km i timen og førte til store skadar.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Stormflo

Stormflo er det mest øydeleggjande nivået i ein orkan. Det oppstår når virvelvinden i orkanen lyfter havflata opp til ei forhøging. Viss ho treff land, kan ho skapa enorme øydeleggingar. Orkanar øydelegg bygningar og skadar strender, vegar og bruer ved kysten.

Seilbåter strandet på grunn av Hurricane Irma Key West

Orkanen Katrina

23. august 2005 kom orkanen Katrina over søraustre Bahamas. Seks dagar seinare, trefte han sydaustkysten av USA. Stormfloa førte til overfløymingar spesielt i byen New Orleans, kor dika som skulle verna byen svikta. Katrina vert rekna som den dyraste orkanen i moderne tid, og kosta totalt 1833 menneskeliv, og enorm materiell skade.

Orkan Katrina ødeleggelse

Menneskeleg påverknad

Forskarar er no einige om at styrken på orkanane har auka, og at dette sannsynlegvis vil fortsetja under ei global oppvarming.

– Tendensen er klar. Når det vert varmare, så er det større risiko for at den amerikanske kysten vert ramma av store værfenomen, seier Aslak Grinsted, klimaforskar ved Universitetet i København.

Han har forska på samanhengen mellom tropiske orkanar, stormfloer og den globale oppvarminga. Resultata hans viser at temperaturstiginga gjev betrakteleg auke i sjansa for ekstremvær.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Store bølger

Tornadoar

Tornadoar er torevær som oppstår over land når varm og kald luft krasjar. Dei dannar høge vindsøyler som går frå bakken og opp til ei toresky.

Tornado

Visste du at ... 

tornadoen har ein «snabel»? Denne snabelen samlar opp, kvervlar rundt, og knuser mykje av det han treff.

 jo varmare lufta er, jo større vert den vertikale rørsla som «startar opp» tornadoen?

ein tornado lagar mykje lyd, og du vil kunna høyre at han dundrar, brakar og susar?

tornadoar kan ta mange ulike former? Dei største er dei som oftast står for mest øydelegging. I gjennomsnitt tek tornadoar 60-80 menneskeliv kvart år i USA.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt
Stormskyer

Storm i Noreg