Refleksjonstekst med tankestopp:
Porno
Kva tenkjer du på viss eg seier porno? Sexy undertøy, veltrente og nakne kroppar og spennande stillingar? Eller urealistisk sex, utnytting, overgrep og manipulering?
Porno kan vere spennande og fint, men det kan også vere ubehageleg, krenkande og unaturleg.
Tankestopp: Kva er det første du tenkjer på når du høyrer ordet porno?

Kva er porno?
Porno, eller pornografi, er seksualiserte bilde, videoar, filmar og spel som skal gjere oss seksuelt opphissa eller tente.
I dag dukkar porno opp på skjermen sjølv om ein ikkje aktivt oppsøkjer det.
Det kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal forhalde seg til all den pornoen som ligg så lett tilgjengeleg.

En person som ser på porno på PC.
Porno – forferdeleg grusomt eller fantastisk vidunderleg?
Folk er ofte anten superpositive til porno og synest det er viktig og frigjerande, eller negative og meiner all den «forferdelege» pornoen, der barn og vaksne blir utnytta til det grovaste, bør forbydast.
Tankestopp: Er røyndommen så svart-kvit? Er porno berre negativt eller berre positivt?


Ungdom og porno
For nokre unge er det heilt uaktuelt å sjå på porno. Andre blir inspirerte, får nye idear og kan få ei betre forståing av eigen seksualitet.
I dag har dei fleste ungdommar kjennskap til, eller erfaring med pornografi. Mange får eit meir eller mindre ufrivillig møte med porno på smarttelefonen sin. Trur du alle ungdommar ser på porno?



Illustrert figur med flere tankebobler over hodet

Vil du vite meir, eller treng du nokon å snakke med?
Ta gjerne kontakt med helsesjukepleiar på skulen din eller med den lokale helsestasjonen din. På ung.no finn du ei liste over gratis chat- og telefontenester der du kan ta kontakt. Du kan vere anonym, og det kostar ingenting.
