Refleksjonstekst med tankestopp:
Porno
Kva er porno for deg? Sexy undertøy og spennande stillingar? Eller utnytting og overgrep? Porno kan vere spennande og fint, men det kan òg vere ubehageleg og krenkjande.
Tankestopp: Kva er det første du tenkjer på når du høyrer ordet porno?

Kva er porno?
Porno er seksualiserte bilde, filmar og spel som skal gjere oss seksuelt opphissa.
I dag dukkar porno opp på skjermen sjølv om vi ikkje oppsøkjer det.
Det kan vere vanskeleg å forhalde seg til all den pornoen som ligg så lett tilgjengeleg.

En person som ser på porno på PC.
Porno – forferdeleg grusomt eller fantastisk vidunderleg?
Somme er superpositive til porno og synest det er heilt topp. Andre er negative og meiner porno er forferdeleg og bør forbydast.
Tankestopp: Er røyndommen så svart-kvit? Er porno berre negativt eller berre positivt?


Ungdom og porno
Nokre ser aldri på porno fordi dei ikkje liker det. Andre blir inspirerte og får ei betre forståing av eigen seksualitet når dei ser porno.
I dag har dei fleste kjennskap til, eller erfaring med, pornografi, og mange får eit meir eller mindre ufrivillig møte med porno på smarttelefonen sin.



Illustrert figur med flere tankebobler over hodet

Vil du vite meir, eller treng du nokon å snakke med?
Ta gjerne kontakt med helsesjukepleiar på skulen din eller med den lokale helsestasjonen din. På ung.no finn du ei liste over gratis chat- og telefontenester der du kan ta kontakt. Du kan vere anonym, og det kostar ingenting.
