Psykt deg med Maria:

Alle ser på meg! 🙈

Har du nokon gong snubla på gata? Kjendest det då som om alle såg på deg? Tenkte du at alle syntest du var klønete?

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

I søkelyset

Vi menneske kan av og til tru at andre legg merke til oss mykje meir enn dei eigentleg gjer.

Vi har nemleg lett for å føla at vi heile tida er i eit søkelys. Vi trur at «alle» rundt oss heile tida legg merke til feila eller manglane våre.

Gutt i søkelyset
Gutt i søkelyset

Ein publikumsfantasi 🎤

Denne kjensla kan beskrivast som ein publikumsfantasi. Kjensla av at ein står på ei scene og alle rundt er som eit publikum.

Denne kjensla blir sterkare og kjem oftare i puberteten. Då lærer vi nemleg å sjå korleis andre opplever ting. Derfor blir vi òg opptatte av korleis andre ser oss.

Vi vil gjerne vera på ein måte som gjer at vi blir likt av alle. Det kan gjera nokre meir usikre.

Dette blir ofte betre når vi blir eldre. Vi lærer at dei rundt oss ikkje ser så nøye på oss som vi først trudde.

Gutt på scene
Gutt på scene

Vanskeleg å ha det bra 😥

For menneske med sosial angst kan denne effekten vera mykje verre, og det kan gjera det vanskeleg for dei å vera komfortable rundt andre menneske.

Gutt med angst
Gutt med angst

Slik kan du overvinna spotlight-effekten:

Tips #1 

Prøv å forstå kor sterkt du sjølv trur på at andre menneske legg merke til deg.

Samtidig er det viktig å forstå at tankane og kjenslene dine ikkje er synlege for andre. Det er til dømes ikkje synleg for andre at du blir flau. Det er det berre du som veit. Men kanskje du lèt det bli synleg viss du trur alle følgjer med?

Tips #2

Følg med på andre. Legg merke til korleis dei reagerer på deg. Då vil du ikkje tenka så mykje på ditt eige ubehag. Samtidig ser du kor lite andre menneske faktisk legg merke til deg. Du ser at folk er opptatte med sine eigne ting. Då blir det lettare å forstå at du ikkje har eit publikum rundt deg. Og feila dine er ikkje like tydelege for andre som du trur.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjonar: Getty Images