Psykt deg med Maria:

Alle ser på meg! 🙈

Har du nokon gong snubla på gata? Kjendest det då som om alle såg på deg? Tenkte du at alle syntest du var klønete?

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

I søkelyset

Spotlight-effekten er eit omgrep som blir brukt om tendensen vi har til å overvurdera kor mykje andre legg merke til oss. Vi har nemleg lett for å tru eller føla at det er retta eit søkelys mot oss til kvar tid, som framhevar alle feila eller manglane våre, slik at «alle» legg merke til dei.

Gutt i søkelyset
Gutt i søkelyset

Ein publikumsfantasi 🎤

Spotlight-effekten kan på norsk beskrivast som ein publikumsfantasi. Kjensla av at ein står på ei scene, og alle ser på deg forventningsfullt eller med dømmande blikk. Som om du var i sentrum av alle si merksemd.

Denne kjensla blir sterkare og kjem oftare i puberteten. Det er fordi hjernen då i større grad kan ta andre sitt perspektiv – eller sjå seg sjølv utanfrå – og ein blir derfor opptatt av korleis ein verkar for andre. Behovet for å verka «riktig» og på ein måte som blir likt av alle, kan då bli veldig sterkt og gjera at ein blir meir usikker. Dette fenomenet avtek som regel med alderen, då ein gjennom modning og erfaring lærer seg at denne tanken ikkje stemmer.

Gutt på scene
Gutt på scene

Vanskelegast med angst 😥

For menneske med sosial angst kan denne effekten vera mykje verre, og det kan gjera det vanskeleg for dei å vera komfortable rundt andre menneske.

Gutt med angst
Gutt med angst

Slik kan du overvinna spotlight-effekten:

Tips #1 

Ein måte ein kan jobba med å overvinna spotlight-effekten på, er å bli bevisst over kor sterk di eiga tru er på at andre menneske legg merke til og evaluerer deg til kvar tid. Samtidig kan det vera nyttig å forstå eit konsept som forskarar har kalla «illusjonen av å vera gjennomsiktig». Med dette meiner dei at folk har ein tendens til å tru at den indre tilstanden deira (altså tankar og kjensler) er synleg for andre, noko han verkeleg ikkje er.

Tips #2

Forsøk å retta merksemda utover og legga merke til korleis andre reagerer på deg. Dette kan hjelpa deg å redusera fokuset som går innover i angsten, samtidig som du vil legga merke til kor lite andre menneske faktisk legg merke til deg. Når du først kan sjå at folk faktisk er opptatte i sine eigne situasjonar, vil det bli lettare å ta innover seg at søkelyset ikkje er retta mot deg og såleis heller ikkje framhevar feila dine.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjonar: Getty Images