Psykt deg med Maria:

Alle ser på meg! 🙈

Har du nokon gong snubla på gata? Kjendest det då som om alle såg på deg? Var du redd alle kanskje syntest du var klønete?

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

I søkelyset

Vi menneske kan av og til tru at andre legg merke til oss mykje meir enn dei eigentleg gjer. Dette blir kalla spotlight-effekten. Spotlight er engelsk og betyr søkelys.

Vi har nemleg lett for å føla at vi heile tida er i eit søkelys, og at «alle» rundt oss heile tida legg merke til feila eller manglane våre.

Gutt i søkelyset
Gutt i søkelyset

Ein publikumsfantasi 🎤

Spotlight-effekten kan på norsk beskrivast som ein publikumsfantasi. Kjensla av at ein står på ei scene. Som om du var i sentrum av alle si merksemd.

Denne kjensla blir sterkare og kjem oftare i puberteten. Det er fordi vi då lærer oss å sjå andre sine perspektiv. Derfor blir vi òg opptatte av korleis vi verkar for andre.

Behovet for å verka på ein måte som gjer at vi blir likt av alle, kan då bli veldig sterkt og gjera nokre meir usikre. Dette blir heldigvis som oftast betre med alderen. Vi lærer gjennom erfaring at denne tanken ikkje stemmer.

Gutt på scene
Gutt på scene

Vanskelegast med angst 😥

Denne opplevinga kan vera mykje verre for menneske med sosial angst. Dei er ofte veldig redde for kontakt med andre menneske. Kjensla av konstant søkelys kan gjera det vanskeleg for dei å ha det bra rundt andre menneske.

Gutt med angst
Gutt med angst

Slik kan du overvinna spotlight-effekten:

Tips #1 

Prøv å forstå kor sterkt du trur på at andre menneske legg merke til deg til kvar tid. Samtidig kan det vera nyttig å forstå noko som blir kalla «illusjonen av å vera gjennomsiktig». Det betyr at folk har lett for å tru at tankane og kjenslene deira er synlege for andre, noko dei verkeleg ikkje er.

Tips #2

Forsøk å retta merksemda utover. Legg merke til korleis andre reagerer på deg. Då vil du fokusera mindre på ubehaget, samtidig som du ser kor lite andre menneske faktisk legg merke til deg. Når du ser at folk faktisk er opptatte i sine eigne situasjonar, blir det lettare å forstå at søkelyset ikkje er retta mot deg. Og feila dine er ikkje så tydelege for andre som du trur.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjonar: Getty Images