Psykt deg med Maria:

Din digitale avatar

Er du ærleg i sosiale medium? Eller er det ein uekte versjon du viser fram der? Ein falsk digital avatar kan faktisk skada deg.🦹‍♀️
Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Berre gode augneblinkar? 📷

Vi liker å dela hyggelege stunder. Leggja ut eit nydeleg bilde av eit kyss med kjærasten. Men i verkelegheita var vi kanskje sure på kvarandre?

Eller kanskje vi legg ut eit hyggeleg bilde av vennegjengen? På bildet ser ein ikkje at det er dårleg stemning på grunn av ein tidlegare krangel.

Selfiane våre liknar heller ikkje på det vi ser i spegelen.😛

Par som tar selfie
Par som tar selfie

Er det deg? 🤳🏼

Liknar det du legg ut på sosiale medium, på verkelege deg? Er det slik du er? Ser du slik ut i det verkelege livet? Eller er det filtrert og redigert? 🤡

Jente tar selfie
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Virtuell karakter 👽

Etter kvart kan det byggast opp ein avatar som ikkje liknar den du eigentleg er. Dette kan ha negativ effekt på den psykiske helsa di. Det kan òg skada andre som samanliknar seg med denne uekte versjonen av deg.

Sjølvbildet ditt blir påverka når avataren din får likes og hyggelege kommentarar. Plutseleg kan det henda du liker den falske versjonen betre enn den ekte versjonen.😣

Vanskelegare å vera seg sjølv

Det kan vera skadeleg viss det falske sjølvet og ditt faktiske sjølv er veldig ulike kvarandre. Du kan få låg sjølvkjensle og slita med sosial angst. Viss folk trur du er som avataren din, kan det bli mykje vanskelegare å vera seg sjølv. 🎭
Trist selfie-jente
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Tips!

Bruker du lang tid på det du legg ut? Poserer du på ulike måtar? Redigerer du bilda mykje? Bruker du lang tid på å skriva teksten? Ein perfekt avatar skadar det uperfekte sjølvet ditt.🥇
1. Ta kontroll over din eigen bruk av sosiale medium! 🏇

2. Prøv å gjera avataren din og det faktiske sjølvet ditt så like som mogleg. 👩👸

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ungdommer med mobil
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjonar: Getty Images / Shutterstock