Psykt deg med Maria:

Din digitale avatar

Korleis framstiller du deg sjølv i sosiale medium? Er du ærleg? Den digitale avataren din er ein falsk versjon av deg og kan skada deg.🦹‍♀️
Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Berre gode augneblinkar? 📷

Vi liker å dela gode augneblinkar. Fanga eit kyss på ein fjelltopp med kjærasten før ein set seg ned og surmular, trøytt og gretten. Ta eit oppstilt bilde av gjengen som smiler, vel vitande om at det er noko uoppgjort i lufta som vil bli ein krangel i løpet av kvelden. Og selfiane liknar ikkje på det telefonen ser igjennom FaceID.😛

Par som tar selfie
Par som tar selfie

Er det deg? 🤳🏼

Er det du legg ut på sosiale medium, eit representativt bilde av deg? Er det slik du er og ser ut i det verkelege livet, sånn stort sett? Eller er det rigga, filtrert, reformulert, redigert og tatt frå den riktige vinkelen i den riktige augneblinken? 🤡

Jente tar selfie
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Virtuell karakter 👽

Når det gradvis blir bygt opp ein virtuell karakter som ikkje liknar den du eigentleg er, kan det få negative konsekvensar for den psykiske helsa di (og andre som samanliknar seg med ho). Når avataren din får positiv stadfesting og blir likt, kan du byrja å verdsetja denne versjonen av deg meir enn den verkelege versjonen. 😣

Vanskelegare å vera seg sjølv

Avstanden som oppstår mellom det falske sjølvet og ditt faktiske sjølv kan føra til låg sjølvkjensle og sosial angst. Det kan bli vanskelegare å vera seg sjølv i møte med andre som etter kvart kjenner deg betre som avataren du har presentert.🎭
Trist selfie-jente
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Tips!

Bruker du lang tid på det du postar (rigging/opptak av film og bilde)? Redigerer du bilda mykje? Bruker du lang tid på å formulera deg? Når du perfeksjonerer avataren din, skadar du det verkelege sjølvet ditt i det som er sjølvet sin ekte og ufiltrerte natur.🥇
1. Bli bevisst på din eigen sosiale mediebruk og ta kontroll over han! 🏇

2. Prøv å redusera avstanden mellom avataren din og ditt faktiske sjølv. 👩👸

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ungdommer med mobil
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjonar: Getty Images / Shutterstock