Psykt deg med Maria:

Din digitale avatar

Er du ærleg i sosiale medium? Eller er det ein uekte versjon du viser fram der? Ein falsk digital avatar kan faktisk skada deg.🦹‍♀️
Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Berre gode augneblinkar? 📷

Vi liker å dela gode augneblinkar. Leggja ut eit bilde av eit kyss på ein fjelltopp med kjærasten. I verkelegheita sette vi oss kanskje ned for å surmula etterpå?

Eller kanskje vi legg ut eit bilde av vennegjengen som smiler? På bildet ser ein ikkje at vi krangla heile kvelden før, og at det framleis er dårleg stemning.

Selfiane våre liknar heller ikkje på det vi ser i spegelen.😛

Par som tar selfie
Par som tar selfie

Er det deg? 🤳🏼

Er det du legg ut på sosiale medium, eit ekte bilde av deg? Er det slik du er og ser ut i det verkelege livet, sånn stort sett? Eller er det filtrert, redigert? Og tatt frå den riktige vinkelen i den riktige augneblinken? 🤡

Jente tar selfie
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Virtuell karakter 👽

Gradvis kan det byggast opp ein virtuell karakter som ikkje liknar den du eigentleg er. Det kan ha negativ effekt på den psykiske helsa di. Også andre som samanliknar seg med den falske versjonen av deg, kan ta skade.

Når avataren din får positiv stadfesting og likes, påverkar det sjølvbildet ditt. Etter kvart kan det henda du liker den virtuelle versjonen betre enn den verkelege versjonen.😣

Vanskelegare å vera seg sjølv

Viss det falske sjølvet og ditt faktiske sjølv er veldig ulike kvarandre, kan du få låg sjølvkjensle og slita med sosial angst. Det kan bli vanskelegare å vera seg sjølv med menneske som har følgt deg på sosiale medium og dermed trur du er som avataren du har presentert.🎭
Trist selfie-jente
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Tips!

Bruker du lang tid på det du legg ut? Poserer du på ulike måtar? Redigerer du bilda mykje? Bruker du lang tid på å skriva teksten? Ein perfekt avatar skadar det verkelege og ufiltrerte sjølvet ditt.🥇
1. Bli bevisst på korleis du brukar sosiale medium, og ta kontroll over det! 🏇

2. Prøv å gjera avataren din og det faktiske sjølvet ditt så like som mogleg. 👩👸

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Ungdommer med mobil
Papirbakgrunn
Papirbakgrunn

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjonar: Getty Images / Shutterstock