Psykt deg med Maria:

EG er ikkje sint! 🤬 DU ER! 😤

Har du nokon gong vore sint, men skulda andre for å vera den som er sur?

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

EG er ikkje det, men DU ER! 👉

Har du nokon gong hatt ein ubehageleg tanke eller ei ubehageleg kjensle, og overført denne på på andre? Dette kallar vi projisering, og det er noko vi alle gjer av og til. Ofte gjer vi dette med dei som står oss nær.

Det skjer typisk når våre eigne kjensler blir for vanskelege. Då flytter vi heller ubehaget over på dei rundt oss.

Eit typisk eksempel er at du spør vennen din på ein krass måte: «Kvifor er du så sur?». Men så er det eigentleg du sjølv som er det. 🤥

Projisering mellom barn
Projisering mellom barn

Begge blir sure 😤

Når ein ikkje klarer eller vil erkjenna den negative kjensla, men heller dyttar henne over på andre, kan det fort bli unødvendig dårleg stemning.

Då er vi ikkje ærlege med oss sjølve eller andre. Begge merkar uroa, men det kan vera vanskeleg å forstå det eigentlege problemet. Og ein kan dessverre enda opp med at begge blir sure. 😡

Dårlig stemning mellom barn
Dårlig stemning mellom barn

Bli medviten om at du gjer det 👀

Det er vanskeleg å la vera å projisera. Men vi kan øva oss på å bli merksame på at vi gjer det og når vi gjer det. Og vi kan også hjelpa kvarandre med dette (med ein vennleg tone).

Viss du blir skulda for å vera sint, utan at du faktisk er det, så kan du spørja vedkommande på ein vennleg måte om det har skjedd noko kjipt. Kanskje er det noko som plagar dei? Viss ein får svar, kan ein så prøva å finna ut av årsaka til kjensla saman. 🤷

Engstelig barn
Engstelig barn

Å vera oppriktig er nøkkelen 💛

Når du merkar at du sjølv overfører kjensler på andre – eller projiserer – kan du velja å erkjenna dine eigne kjensler. Får du til å innrømma at du feilaktig overførte dei på mottakaren? Det kan kjennast som om du  tapar, men det er veldig godt gjort av deg, og det vil bety masse for relasjonane dine.

Å vera oppriktig er gull for god kommunikasjon. 🏆

Glade barn
Glade barn

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock