Psykt deg med Maria:

EG er ikkje sint! 🤬 DU ER! 😤

Viss det kokar litt i toppen – har du nokon gong skulda andre for å vera den som er sur?

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

EG er ikkje det, men DU ER! 👉

Projisering er noko vi alle gjer av og til. Det betyr at vi overfører eigne ubehagelege tankar, hendingar eller kjensler på andre. Ofte gjer vi dette med dei som står oss nær.

Det skjer typisk når våre eigne kjensler blir for vanskelege å handtera. Mange tar då i bruk denne umedvitne forsvarsmekanismen, der ein lesser ubehaget over på dei rundt oss. Eit typisk eksempel er at du spør vennen din på ein krass måte: «kvifor er du så sur?», når det eigentleg er du sjølv som er det. 🤥

Projisering mellom barn
Projisering mellom barn

Begge blir sure 😤

Når ein ikkje er villig til å erkjenna den negative kjensla, og heller dyttar henne over på andre, kan det fort bli ei kjelde til unødvendig dårleg stemning.

På denne måten er vi ikkje oppriktige og ærlege verken med oss sjølve eller andre. Begge merkar uroa, men det kan vera vanskeleg å setja fingeren på problemet, og på kva som er den eigentlege utløysande faktoren for den negative kjensla. Og ein kan dessverre enda opp med at begge blir sure. 😡

Dårlig stemning mellom barn
Dårlig stemning mellom barn

Bli medviten om at du gjer det 👀

Det er vanskeleg å la vera å projisera. Men vi kan øva oss på å bli merksame på at vi gjer det og når vi gjer det. Og vi kan også hjelpa kvarandre med dette (med ein vennleg tone). Viss du blir skulda for å vera sint, utan at du faktisk er det, så kan du spørja på ein måte som viser at du føler med vedkommande og ikkje dømmer, om det har skjedd noko kjipt, eller om det er noko som plagar dei. Vi kan då prøva å finna ut av kjelda til kjensla saman. 🤷

Engstelig barn
Engstelig barn

Å vera oppriktig er nøkkelen 💛

Når du merkar at du sjølv projiserer, kan du velja å erkjenna dine eigne kjensler, og å innrømma at du feilaktig overførte dei på mottakaren. For mange kan det kjennast som eit slags nederlag der og då, men det er ei stor investering i relasjonen på sikt.

Å vera oppriktig er gull for god kommunikasjon. 🏆

Glade barn
Glade barn

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock