Psykt deg med Maria:

EG er ikkje sint! 🤬 DU ER! 😤

Har du nokon gong vore sint, men skulda andre for å vera den som er sur?

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

EG er ikkje det, men DU ER! 👉

Har du nokon gong hatt ei ubehageleg kjensle og overført henne på andre? Det er noko vi alle gjer av og til. Ofte gjer vi dette med dei som står oss nær.

Det skjer når våre eigne kjensler blir for vanskelege. Då flytter vi heller den vonde kjensla over på dei rundt oss.

Eksempel:
Du spør vennen din på ein sint måte: «Kvifor er du så sur?» Men så er det eigentleg du sjølv som er det. 🤥

Projisering mellom barn
Projisering mellom barn

Begge blir sure 😤

Det kan fort bli veldig dårleg stemning viss ein ikkje kan innrømma at ein har ei negativ kjensle.

Då er vi ikkje ærlege med oss sjølve eller andre. Begge blir opprørte, men det kan vera vanskeleg å forstå det eigentlege problemet. Og ein kan dessverre enda opp med at begge blir sure. 😡

Dårlig stemning mellom barn
Dårlig stemning mellom barn

Legg merke til at du gjer det 👀

Det er vanskeleg å la vera å overføra kjensler. Men vi kan øva oss på å legga merke til at vi gjer det. Og vi kan også hjelpa kvarandre med dette, med ein vennleg tone.

Neste gong nokon skuldar deg for å vera sint, kan du spørja om dei har opplevd noko kjipt. Då er det viktig at du verkeleg ikkje er sint sjølv. Det er også viktig at du svarer på ein vennleg måte.

Kanskje noko plagar dei? Når de finn ut av dette, er det mykje lettare å snakka saman. 🤷

Engstelig barn
Engstelig barn

Ver ærleg 💛

Somme gonger merkar du kanskje at du sjølv overfører ei sint kjensle på andre? Får du til å innrømma at det er feil av deg å seia at den andre er sint? Det kan kjennast som om du tapar. Men det er veldig godt gjort av deg ! Og det vil bety masse for deg og alle rundt deg.

Å vera ærleg er gull for god kommunikasjon. 🏆

Glade barn
Glade barn

Psyktdeg-Maria i Insta-ramme

Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel

Foto: Cecilie Nilsen / Lister24

Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock