Psykt deg med Maria:
Krangling💥🌪
I dei fleste relasjonane våre opplever vi av og til konfliktar. Det kan vera vondt og vanskeleg, og somme gonger utfordrande å løysa på ein god måte. 😩
Misforståingar og usikkerheit
Det hender at vi mistolkar intensjonane og kjenslene andre folk har bak det dei seier og gjer. Desse misforståingane kan ofte handla om vår eiga sjølvkjensle og usikkerheit i relasjonen. Hjernen prøver å få bekrefta dei negative tankane vi kan ha om oss sjølve eller den andre. 👊
For eksempel viss vi trur at nokon ikkje likar oss, kan vi tolka tinga dei seier og gjer, eller måten dei ser på oss på, som om det handlar om oss og at dei prøver å avvisa oss.
Cartoon-bakgrunn
Vanleg med konfliktar
Mellommenneskelege konfliktar oppstår når vi opplever at nokon trør over våre grenser, misforstår oss eller utset oss for noko som strir mot ønska, måla eller behova våre. Og sidan alle menneske er forskjellige og har forskjellige ønske, mål og behov, er det ganske vanleg at menneske hamnar i konfliktar og diskusjonar med kvarandre.
Mørk cartoon-bakgrunn
Cartoon-bakgrunn
Kva er viktigast?
Og viss krangelen eskalerer, spør deg sjølv om det er viktigare for deg å ha rett enn å ha gode relasjonar? Kva sit du att med om du «vinn» ein krangel? Kan den eigentlege vinnaren vera den som gir seg, og seier sorry? ❤️
Lys cartoon-bakgrunn
Tekst og video: Psykolog Maria Abrahamsen Østhassel
Foto: Cecilie Nilsen / Lister24
Illustrasjoner: Getty Images / Shutterstock