litteraturhistorie på null komma niks:
Del 6: Realismen
Skjønnlitteraturen endra seg på midten av 1800-talet. Forfattarar ville fortelje noko om samfunnet i bøkene sine. Dette var store forfattarar som Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Amalie Skram og Camilla Collett.
Åpen bok ligger på et skrivebord med stabler av bøker på hver side, og sidene i boka avgir et skinnende lys.
Georg Brandes
«Det at en Litteratur i vore Dage lever, viser sig i, at den sætter Problemer under Debat. Saaledes sætter George Sand Ægteskabet under Debat, Voltaire, Byron og Feuerbach Religionen, Proudhon Eiendommen, den yngre Alexander Dumas Forholdet mellom de to Kjøn og Emil Augier Samfundsforholdene. At en Literatur Intet sætter under Debat er det samme som, at den er ifærd med at tabe al Betydning.»
Det var den danske kritikaren Georg Brandes som sa dette. Det blir knytt til starten på realismen. Han sa dette fleire gonger i forelesingane sine. Der kritiserte han dei skjønnlitterære forfattarane i Danmark, som han meinte låg langt bak resten av Europa.
📷 Portrett av Georg Brandes
Realismen under utvikling
Men du, her må vi nemne noko viktig. Realismen har vore i utvikling. Vi deler han inn i fem ulike variantar. Denne artikkelen handlar om tre av dei: poetisk realisme, kritisk realisme og naturalisme.
📷 «Vinternatt i Rondane» av Harald Sohlberg.
Vinternatt i Rondane, maleri av Harald Sohlberg
Frå romantikk til realisme
Realismen varte frå rundt 1830 til 1890. Det som gjorde at realismen starta, var at forfattarane ikkje lenger berre ville skrive tekstar som beskreiv alt det fine og vakre. Dei ville at tekstane skulle ha eit mål. Dei skulle forandre samfunnet!
📷 «Labrofossen» av Thomas Fearnley, 1837
Labrofossen, maleri av Thomas Fearnley, 1837
Poetisk realisme
Skiftet frå romantikk til realisme skjedde gradvis. I ein periode skreiv ein del forfattarar ein kombinasjon av romantisk og realistisk. Det fekk namnet poetisk realisme.
Scenebilde fra filmen Synnøve Solbakken, en mann og en kvinne som står ved en skigard
Kva var kritikkverdig i samfunnet?
Romanane i den kritiske realismen skulle peike på det som var urettferdig i samfunnet. Dette galdt ikkje alle romanane, likevel er det dei som er symbolet på starten på det moderne.
Gammelt blomstermønster i burgunder og gull
Litteraturen – eit talerøyr for politiske meiningar
Realisme blir kopla til Norden og litteraturen frå 1870- og 80-åra. Forfattarane ville få fram dei dystre sidene i samfunnet. Dei prøvde å beskrive eit så ekte og verkeleg samfunn som mogleg. Dei skrev om dobbeltmoralen hos borgarskapet. Korleis leiarar misbrukte makta dei hadde. Dei skreiv om fattigdom, klasseskilje og om undertrykking av kvinner.
📷 «Kampen for tilværelsen» av Christian Krohg (1888–89)
Samfunnsdebatt
Litteraturen gav ei stemme til folk som elles ikkje ville blitt høyrde. Forteljingane skulle ikkje berre underhalde. Dei skulle bidra til diskusjon.
📷 «Sovende mor med barn» av Christian Krohg (1883)
Albertine i politilegens venteværelse, maleri av Christian Krogh
Determinisme
Eit viktig omgrep i naturalistiske tekstar er determinisme. Det betyr at ein ikkje kan endre på skjebnen. Fattige blir verande fattige. Du blir i det miljøet du er fødd inn i. Determinisme skil naturalisme frå realisme.
Gullalderen i norsk litteraturhistorie
Det er mange som hevdar at den realistiske perioden er gullalderen i litteraturhistoria i Noreg. Store forfattarar frå denne perioden er Amalie Skram, Alexander Kielland, Jonas Lie, Camilla Collett, Bjørnstjerne Bjørnson og Henrik Ibsen.
Gammelt blomstermønster i burgunder og gull
Realistiske forfattarar i dag òg
I dag er samfunnet annleis, med andre utfordringar. Forfattarane i dag skriv ulikt. Ikkje alle er realistar. Men det finst mange av dei òg. Dei bruker litteraturen for å få fram politiske meiningar og beskriv livet i samfunnet, på godt og vondt.
Gammelt blomstermønster i burgunder og gull
Kjelder:
- Undheim, Inga Henriette: bondefortelling i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 14. september 2023 fra https://snl.no/bondefortelling
- Norges historie (14.09.2023): Henrik Ibsen – Et dukkehjem
https://www.norgeshistorie.no/kilder/industrialisering-og-demokrati/K1555-Henrik-Ibsen–Et-dukkehjem.html
- Bokselskap (14.09.2023): Albertine
https://www.bokselskap.no/boker/albertine/kap7
- Hagen, Erik Bjerck: realisme (litteratur) i Store norske leksikon på snl.no.
Hentet 14. september 2023 fra https://snl.no/realisme_-_litteratur
- Andersen, Per Thomas: Norsk litteraturhistorie ( 2012)
Oslo. Universitetsforlaget.
Bilde- og videorettar:
-
-
freepik.com
-
digitaltmuseum.no (CC BY-SA 4.0)
-
Nasjonalgalleriet / Offentlig eiendom
-
Lillehammer kunstmuseum / Offentlig eiendom
-
Foto: Ukjent / Oslo Museum (CC BY-SA 4.0)
-
Getty Images
-
Nasjonalmuseet / Offentlig eiendom
-
KODE / Offentlig eiendom
-
Nasjonalgalleriet / Offentlig eiendom
-