Reformasjonen – ei forandring

Reformasjonen var ei stor religiøs omvelting i Europa på 1500-talet. Det førte til at kyrkja vart delt inn i den katolske og den protestantiske.

Accessibility icon Reformasjonen – ei forandring

Avlatshandel

På begynnelsen av 1500-talet oppstod den såkalla reformasjonen. Den tyske presten Martin Luther hadde vore på pilegrimsreise til Roma. Under denne reisa såg han at det var enorm forskjell på rike og fattige. Folk var redde for å bli straffa av Gud. Dei kunne betale pengar til kyrkja for å unngå straff. Kyrkja selde noko som vart kalla avlatsbrev. Luther meinte at denne ordninga var feilaktig.

Martin Luther kom heim til Tyskland og protesterte mot det han hadde sett på reisa si.

Vi seier at reformasjonen starta 31. oktober 1517 i den tyske byen Wittenberg. Det var då Martin Luther offentleggjorde meiningane sine om avlatshandelen. Han skreiv 95 setningar (tesar) om dette som han presenterte for kyrkja.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En statue av Martin Luther som peker på en bok
En statue av Martin Luther som peker på en bok

Reformasjon

Målet med denne protesten var å reformere (forandre) den katolske kyrkja. Paven godtok ikkje protestane, og Martin Luther vart bannlyst av den katolske kyrkja.

📷  Riksdagen i Worms 1521.

Keisaren i Tyskland var katolikk og støtta ikkje Martin Luther. Dette skapte opprør mellom katolikkar og Luther sine støttespelarar.

Keisaren måtte til slutt gi seg. Han tillét at folk kunne velje si eiga tru. Den protestantiske kyrkja begynte derfor å vekse.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Munken Martiun Luther i krangel med biskoper.
Munken Martiun Luther i krangel med biskoper.

Protestantisme

Omgrepet protestant meiner vi oppstod på begynnelsen av 1500-talet. Ordet kjem av at folk protesterte mot ulike sider av den katolske trua.

Reformasjonen vart eit skilje der kristendommen i Vest-Europa vart delt mellom katolikkar og protestantar.

Ordet protestantisme vart nokså raskt teke i bruk i Skandinavia og andre deler av Europa. Det vart brukt som eit felles ord for dei kyrkjesamfunna som følgde Martin Luthers lære.

Danmark-Noreg innførte Luthers lære ved reformasjonen i 1536-37, og avslutta samarbeidet med den katolske kyrkja. Av den grunn kallar vi folkekyrkja i Noreg for  evangelisk-luthersk.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Lite trekors ligger på kanten av en oppslått Bibel.
Lite trekors ligger på kanten av en oppslått Bibel.

Trettiårskrigen

Etter reformasjonen var det fleire krigar i Europa på grunn av religion. Trettiårskrigen (1618-1648) var ein religionskrig mellom protestantiske og katolske land. Bakgrunnen var at tyske protestantar gjorde opprør mot den franske kongen som var katolikk.

📷  Slaget om Lützen i 1632.

Keisarkrigen

Keisarkrigen viser til Danmark-Noregs deltaking i trettiårskrigen. Kong Christian IV tok Danmark-Noreg inn i krigen på protestantane si side.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Ryttere til hest flykter fra slaget om Lützen i 1632.
Ryttere til hest flykter fra slaget om Lützen i 1632.

Nord-Irland

I Nord-Irland har protestantar og katolikkar hatt mange konfliktar, spesielt i perioden 1968-1998. Denne perioden  blir kalla “The Troubles”.

Nord-Irland er ein del av Storbritannia, og utgangspunktet for konfliktane har vore politisk styre av området.

På den eine sida i konfliktane stod katolikkane, der eit klart fleirtal ville lausrive seg frå Storbritannia. På den andre sida stod protestantane, der dei fleste ønskte  å høyre til Storbritannia.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Hvit bil brenner med store oransje flammer og sort røyk.
Hvit bil brenner med store oransje flammer og sort røyk.

Ein kort introduksjon til reformasjonen.

Klipp miniatyrbilde

Kjelder:

Bilde- og videorettar

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. NRK Skole