Reint mjøl i posen
Mennesket lærte å dyrke korn for over 10 000 år sidan. Korleis hadde kosthaldet vore utan det? Korn og mjøl blir brukt over heile verda, og er heilt avgjerande for at folk skal overleve. Tenk litt på det neste gong du baker brød eller bollar. Kornet og mjølet du brukar, er noko av det viktigaste naturen har gitt oss.
Mølle
Kveite
Kveite er det kornslaget i verda som blir mest brukt, etter mais og ris. Vi brukar òg store mengder kveite i Noreg. Derfor er det viktig at flest mogleg har tilgang på god og rimeleg kveite.
Kveiten har gode eigenskapar når vi bakar brød som blir heva med gjær. Derfor er kveite mest brukt på kjøkkenet.
Kveite blir ikkje berre brukt til brød og kaker, men også til dyrefôr.
Hvete
Havre
Rug
Rug blir i hovudsak brukt til brød, men også til dyrefôr. Når du baker brød med rug, treng du surdeig for at deigen skal heve seg. I dei siste åra har baking med surdeig vorte veldig populært. Kvifor det, trur du?
Rug kan vere utsett for ein sopp som blir kalla mjølauke. Då blir korna giftige. Menneske og dyr kan få helseskadar av å ete giftig rug.
Bygg
Rug og kveite kom ikkje til Noreg før på 1800-talet. Fram til då var bygg det viktigaste matkornet. Bygg vart brukt til flatbrød, graut og øl. I dag blir ikkje bygg brukt så mykje i Noreg, men det burde vi. Bygg kan erstatte ris og pasta – og er derfor eit meir berekraftig alternativ. På verdsbasis er bygg den fjerde viktigaste kornsorten etter mais, ris og kveite.
Bygg inneheld mykje fiber som gjer at du held deg mett lenger. Det kan verke førebyggjande for hjartesjukdommar og diabetes.
Byggkorn
Mais
Mais er eit kornslag som kan bli opptil 6 meter høgt. Av alt kornet som blir brukt i verda, står mais for 40 prosent.
Mais inneheld ikkje gluten, og kan derfor ikkje brukast til å bake brød. Maismjølet kan derimot brukast til å lage tortillas og nachos. Men mais blir òg brukt som dyrefôr.
Kva skjer når vi varmar tørka maiskorn i olje eller smør?
Ris
Ris har vorte dyrka som kornslag i Asia i meir enn 5000 år. Det er det viktigaste matkornet for 50 prosent av befolkninga i verda.
Nesten all ris som blir hausta, blir eten av menneske. Dette skil seg frå andre kornslag som blir brukte til dyrefôr, drivstoff og sprit.
Risdyrking
Kjelder:
- Opplysningskontoret for brød og korn (03.09.21): Kornfakta
https://brodogkorn.no/kornfakta/
- Hovig, Ingrid Espelid, Asheim, Karianne: Brød i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. september 2021 frå https://snl.no/brød
- Holtet, Einar Kr.: Bygg i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 3. september 2021 frå https://snl.no/bygg
Bilde-og videorettar:
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Felleskjøpet Agri – YouTube
-