Samar i moderne tid
6. februar er den samiske nasjonaldagen. Då feirar vi ein gammal og stolt kultur som er ein viktig del av det norske fellesskapet. Bli meir kjend med samane i dag.
Frå skam til stoltheit
Mykje av den samiske kulturen forsvann mellom 1700-talet og byrjinga av 1900-talet. Dette skjedde fordi samane vart tvinga inn i den norske kulturen. Og det blir kalla fornorsking. Samisk språk og religion vart nesten borte.
I ettertid opplevde mange samar mykje skam for det som skjedde. Mange følte at det ikkje var bra nok å vera same, og prøvde å skjula den opphavlege identiteten sin. I dag er det stadig fleire samar som stolt viser fram identiteten sin.
Eit moderne samfunn
I dag fungerer det samiske samfunnet på same måte som andre moderne samfunn. Nomadelivet er erstatta med fast bustad. Langt færre enn tidlegare lever av reindrift. Det bur samar over heile landet, men flest bur nord for Saltfjellet.
Sametinget
Det samiske flagget
Samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland har eit felles flagg. Fargane i flagget er raudt, gult, grønt og blått. Fargane kjem frå den samiske drakta, samekufta. Sirkelen i midten symboliserer sola og månen. Måneringen er blå, solringen raud.
Samekufta
Samekufta, eller samedrakta, er eit viktig symbol for identitet og kultur. Ho blir brukt på tvers av landegrensene. Forma, fargen og mønsteret på kufta varierer frå eitt område til eit anna. Kufta blir boren med belte. Opphavleg vart kufta laga i skinn, men i nyare tid blir det brukt ull. Ein kan òg sy kufta i bomull eller silke. Mannsdrakta er kortare enn kvinnedrakta. Det er òg ulike luer for menn og kvinner. Både kufter og luer blir dekorerte med band, blonder, broderi av tinntråd og skinn. Dekoren viser kvar ein kjem frå, kva familie ein høyrer til, og om ein er gift eller ugift.
Samefolkets dag
6. februar er samefolkets dag. Dagen er felles for alle samar. Dagen er for å minna om det første samiske landsmøtet, som vart halde i Trondheim i 1917, nettopp den 6. februar. Det var første gong samar var samla for å arbeida med felles interesser på tvers av landegrensene. 6. februar er ein flaggdag.
Samisk språk
I Noreg finst tre ulike samiske språkdialektar – nordsamisk, sørsamisk og lulesamisk. Dialektane har forskjellar i grammatikk og ordforråd. Mange stader i Nord-Noreg har vegskilt med både norske og samiske stadnamn.
Samisk ungdom fører kulturen videre
Fleire og fleire samiske ungdommar er stolte av bakgrunnen sin og ønskjer å visa identiteten sin. Ei av desse er Ella Marie Hætta Isaksen, som vann Stjernekamp i 2018. Ein annan er Fred Buljo frå gruppa Keiino, som deltok i Melodi Grand Prix i 2019. Stor merksemd var det òg rundt Disney-filmen «Frost 2», som også kom på samisk. «Dette gjer samisk kultur meir synleg», seier forskaren Kajsa Kemi Gjerpe, som jobbar ved Universitetet i Tromsø.
Kjelder:
- NTNU (22.01.2021): Fakta og kart [om samene]
https://www.ntnu.no/c/document_library/get_file?uuid=18f6ea20-6415-4db2-a05a-dc2544d587a4&groupId=10476
- Gaski, Harald: samedrakt i Store norske leksikon på snl.no.
Henta 20. januar 2021 frå https://snl.no/samedrakt
- Utdanningsdirektoratet (22.01.2021): Retten til opplæring i og på samisk
https://www.udir.no/laring-og-trivsel/samisk-i-skolen/retten-til-opplaring-i-og-pa-samisk/
- Utdanning.no (22.01.2021): Samisk utdanning i Norge
https://utdanning.no/tema/nyttig_informasjon/samisk_utdanning_i_norge
- Universitetet i Tromsø (22.01.2021): – Det samiske har blitt mye mer synlig
https://uit.no/nyheter/artikkel?p_document_id=665753
Bilde- og videorettar:
-
-
Christina Gjertsen / Sametinget (CC BY 2.0)
-
Sametinget (CC BY 2.0)
-
Åse M.P. Pulk / Sametinget (CC BY 2.0)
-
Sametinget (CC BY 2.0)
-
Sametinget (CC BY 2.0)
-
Getty Images
-
Getty Images / NRK Skole
-
Jan Helmer Olsen / Sametinget / NRK Skole (CC BY 2.0)
-
Tore Sætre (CC BY-SA 4.0)
-