Skape orden av kaos

Kvifor er dag og natt delt i 12 timar, og kvar time i 60 minutt? Kven har eigentleg bestemt kor lang ein meter er? Kvifor er det så viktig å kunne vege ting nøyaktig – og kvifor seier vi at det er nøkkelen til økonomisk suksess? Kvifor er tid pengar?

Måling er eit menneskeleg behov. Det moderne livet vårt blir drive av nøyaktigheit. Måla har teke oss til månen og delt atomet. Vi måler verda fordi det er ein måte å forstå verda på. Det er å skape orden av kaos.

Til saman er det sju “gylne” einingar vi brukar: masse/vekt, avstand/lengd, tid, temperatur, lysstyrke, elektrisk straum og stoffmengde. Fleire av dei heng tett saman med kvarandre. Vekt og avstand har mykje til felles. Det same har elektrisk straum og lysstyrke.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt
Nærbilde av en snekker som bruker målebånd og blyant for å måle en planke.
Nærbilde av en snekker som bruker målebånd og blyant for å måle en planke.

Å vege ting nøyaktig er ofte heilt avgjerande

Dei første menneska skaffa seg det dei sjølve trong, gjennom jakt, fisking og sanking. Dei var nomadar som flytta rundt. Då befolkninga auka, og folk vart meir bufaste, vart det behov for eit system der ein kunne byte varer med kvarandre.

Då måtte ein få eit rettferdig system som gjorde at ein kunne samanlikne ulike varer med kvarandre. Dette behovet førte til utviklinga av vektstandardar.

På slutten av 1200-talet var det mange vekter rundt om i verda. Alle var baserte på vekta av korn. Utfordringa var å standardisere vektmåla.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Kvifor treng vi vekter?

Har du prøvd å samanlikne vekta av to ting gjennom å først løfte den eine, og deretter den andre? Nokre gongar er det lett å seie kva som er lettast og kva som er tyngst. Andre gongar er det vanskelegare.

Ofte er det enklare å vurdere vekt dersom ein held ein ting i kvar hand, men auga kan lure oss. Vi trur ofte at store ting veg meir enn mindre ting. Då må vi fram med vekta for å undersøkje.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
En gammel vekt
En gammel vekt

Å bruke vekter er rettferd

Det å bruke vekter var eit rettferdig system. I dag ser vi vektene òg som eit symbol i rettssystemet. Det er eit symbol på rettferd.

Men det var mange som prøvde å jukse med vektene, slik at dei fekk betre betalt enn dei skulle. I oldtida i Egypt vart dei som juksa med vekter, dømde til døden. Pengeutlånarar på 1700-talet vart sette i gapestokk om dei juksa.

vekt som symboliserer rettferdighet
vekt som symboliserer rettferdighet

Vekta av eit korn

Kva skulle ein bruke som utgangspunkt når ein skulle vege to ulike varer opp mot kvarandre?

Løysninga vart korn. Kvart korn har omtrent same størrelse og vekt uansett kvar ein er i verda. Korn vart standarden ein vog alt anna mot. Kan du tenkje deg nokre utfordringar med å bruke korn som vekteining?

Det var ganske upraktisk å telje opp talet på korn kvar gong ein skulle vege noko, og det tok lang tid. Ei unse er 437 korn – og veg i underkant av 30 gram. Tenk viss ein skulle vege opp fleire kilo?

Etter kvart erstatta ein derfor korna med steinar og metallgjenstandar som representerte ulike mengder korn. Dette var så effektivt at det vart kopiert over heile verda.

Forrige avsnitt

1 / 3

Neste avsnitt

Kiloen ser dagens lys

På 1700-talet hadde alle franske landsbyar sine eigne målereiskapar. Dei var ofte lenkja faste i kyrkjeveggen. Kvifor det, trur du?

Kva slags utfordringar ville det skapt i dag viss kvar by hadde sitt eige system for vekt?

Etter mykje prøving og feiling kom dei fram til at éin liter vatn skulle svare til éin kilo. Men vatn veg ulikt avhengig av om det er varmt eller kaldt, og kvar ein er i verda.

Derfor destillerte (reinsa) dei ei mengde vatn for å få bort uønskte stoff. Så målte dei vekta av dette vatnet. På bakgrunn av dette vart det i 1799 støypt ein prototype eller mal i platina for å vite kor mykje éin kilo skulle vere. Denne malen skulle gjelde overalt.

Tanken var god, men han hadde nokre manglar. Ein av eigenskapane til platina er at det er mjukt. Små bitar vart etter kvart slegne av dei første kopiane, og dei vart unøyaktige.

Etter fleire nye forsøk på å lage ein perfekt prototype kom ein fram til ein ny i 1889. Platina vart blanda med eit hardare metall (iridium), og denne prototypen vart brukt fram til 2019. Han blir oppbevart i nærleiken av Paris.

Etter 2019 har prototypen for ein kilo endra seg. No blir det ikkje lenger brukt ein fysisk metallbit, men elektriske målingar. Men framleis har ein ikkje funne den perfekte måten å fastsetje måleininga kilo. Kanskje det er du som løyser dette ein gong i framtida?

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Meteren

Omgrepet meter kjem frå det greske «metron» som betyr ‘mål’. I 1791 vart det bestemt at meteren  skulle vere ein timilliontedel av avstanden frå Nordpolen til ekvator. Før dette var det over 25 000 ulike måleiningar for lengde berre i Frankrike. Kvar by hadde si eiga måleining, sjølv om dei eigentleg skulle bruke målet til kongen.

2 jenter som holder en stor linjal mellom seg
2 jenter som holder en stor linjal mellom seg

Cubit

Det har vore mange ulike måleiningar for avstand. I det gamle Egypt hadde dei ein cubit som mål. Ein cubit var avstanden frå olbogen til Farao til tuppen av langfingeren hans. Kan du tenkje deg nokre utfordringar dette kunne gi når ein skulle måle noko?

Cubiten hjelpte egyptarane å måle ting med enorm presisjon – berre sjå på pyramidane. Egyptarane var blant dei første til å standardisere mål.

Det at egyptarane trong å måle avstand, hadde samanheng med at Nilen fløymde over kvart år. Når elva trekte seg tilbake, måtte ein finne ein måte å setje grensene mellom dei ulike bøndene på.

Ved fullmåne samla ein landmålarane, og dei målte sine eigne cubitar laga av tre, opp mot faraos cubit som var laga i granitt. Viss målet ikkje stemte, kunne dei ansvarlege bli avretta.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Pyramider
Pyramider

Korleis klarte dei å måle avstanden frå Nordpolen til ekvator?

To franske vitskapsmenn, Delambre og Mechain, fekk oppdraget å måle avstanden frå Nordpolen til ekvator. Då måtte dei måle avstanden mellom to punkt på ein breddegrad. Ein breddegrad er ei tenkt linje som går frå nord til sør på jordkloden. Klarte dei det, kunne dei òg berekne avstanden mellom Nordpolen og ekvator.

Forsøka skjedde under den franske revolusjonen på slutten av 1700-talet. Då kunne det vere farleg å tenkje nye tankar som kongen ikkje forstod. Delambre vart arrestert fleire gonger fordi han klatra opp i tårn med merkelege instrument. Var han ein spion?

Prosjektet tok sju år og førte til at meteren vart definert.

Prototypen til ein meter vart laga i platina i 1799, og han er no i Frankrike. Dessverre vart det gjort nokre småfeil i begynnelsen, så han er ikkje heilt korrekt.

For første gong fekk verda ein målestokk basert på noko dei trudde var uforanderleg – nemleg jordkloden.

Meteren innleidde overgangen til metersystemet. Det tok fleire tiår før meteren vart godteken som eit internasjonalt standardmål (1875).

Sjølv om det tok tid med å innføre den nye standarden for meter, bruker dei fleste land i verda i dag same mål.

Forrige avsnitt

1 / 4

Neste avsnitt

Kjelder:

  • Hofstad, Knut: unse i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/unse
  • Holtebekk, Trygve; Hofstad, Knut: cubit i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. februar 2022 frå https://snl.no/cubit

Bilde- og videorettar:

  1. Getty images
  2. Getty images
  3. Getty images
  4. Getty images
  5. Getty images
  6. Getty images
  7. Getty images
  8. Getty images
  9. Getty images