
Digital revolusjon
Nokre skular bevegar seg i ei anna retning. Nytenking innan undervisning, kommunikasjon og teknologi har fullstendig forandra arbeidsmiljøet for mange elevar verda over, og vi har langt meir i vente. Ein nærare kikk på dette klasserommet openberrar fleire detaljar ein ikkje nødvendigvis oppdagar med éin gong. Dei handskrivne lappane blir heller utførte på eit nettbrett med ein stylus-penn, der handskrifta blir konvertert til redigerbar tekst, og det endelege dokumentet blir lagra i skya. Tavla er interaktiv, og ho kan mellom anna vise nettsider og videoar som læraren kan styre med sin eigen berbare maskin.

Dame ligger med mac i fanget

Læring ved hjelp av Smart brett
Oppdatert kunnskap
Internett er ein verdifull læringsressurs og blir ofte brukt i klasseromma. Det er lenge sidan lærarane måtte setje seg på venteliste for å låne den einaste TV-en og videospelaren på skulen for å sjå ein film om livssyklusen til sommarfuglen eller presidentar i Amerika. Læraren kan lettare finne og ta i bruk nyttige og aktuelle ressursar for elevane. Dette er ikkje berre meir engasjerande enn tjue år gamle videoopptak, men det blir lettare å inspirere til diskusjonar om ulike emne.
Meir interaksjon
Dei teknologiske framstega forandrar ikkje berre arbeidsmetodane til lærarane. Elevane blir oppmoda til meir gruppearbeid, og det blir lagt vekt på interaksjon, mellom anna med teknologiske hjelpemiddel. Lærarrolla bevegar seg mot å leggje til rette og klargjere, slik at læring og utvikling kan skje hos eleven. Dette er ei rørsle bort frå eleven som mottakar av kunnskapsformidlinga til læraren, og når teknologien blir tilgjengeleg, blir tendensen styrkt.

Elever i klasserommet
Virtuelle læringsrom
Snart vil det ikkje vere nødvendig å forlate klasserommet for å dra på museum. VR-briller gir elevane moglegheit til å reise verda rundt, dykke i havet og sveve gjennom rommet. Når denne teknologien blir rimelegare og fleire virtuelle læringsrom blir utvikla, vil undervisninga bli meir engasjerande og oppslukande enn nokon gong. Elevane kan lære om vulkanar frå kanten av Etna, besøkje arkeologiske utgravingar i Egypt og gjere ei reise gjennom menneskekroppen for å lære om anatomi.

Jente med VR briller
Kjelder:
- Ny vitenskap (2017-1)
Orage Forlag AS
Bilet- og videorettar
-
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
Getty Images
-
ThinkstockPhotos
-