Lite nytt på lenge  

Dagens klasserom er ikkje så ulike klasserom på 1800-talet. Læraren står fremst, vend mot elevane. Læraren stiller spørsmål og svarer på spørsmål. Elevane jobbar ofte med handskrivne oppgåver. Dei grunnleggjande prinsippa i skulen har ikkje forandra seg. Læraren har kunnskap om noko som han/ho formidlar til elevane.

Og det er rart. Mennesket har landa på månen og er på veg til Mars. Det er skapt superdatamaskinar vi kan ha i lomma. Kvifor har ikkje metodane for undervisning endra seg sidan 1800-talet?

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Barn rekker opp hånden i klasserom

Digital revolusjon  

Nokre skular bevegar seg i ei anna retning. Teknologien har fleire stader i verda forandra skuledagen og klasserommet. Ein nærare kikk på dette klasserommet viser at teknologien har endra på noko. Dei handskrivne lappane blir utførte på eit nettbrett med ein stylus-penn, der handskrifta blir konvertert til redigerbar tekst. Tavla er interaktiv, og ho kan mellom anna vise nettsider og videoar som læraren kan styre med sin eigen berbare PC.

Dame ligger med mac i fanget
Dame ligger med mac i fanget

Lettare skulesekk  

Undervisninga går stort sett føre seg som ho alltid har gjort, men teknologien har forbetra henne. Lærebøker på papir er framleis viktig, men digitale bøker blir meir og meir vanleg. Elevane har alt av pensum på eit nettbrett dei låner av skulen. Her kan dei søkje på internett, skrive notat og markere viktig lærestoff. Utan å øydeleggje lærebøkene. I tillegg slepp dei å øydeleggje ryggen!

Dei digitale bøkene kan krydre læringa og gjere at ho sit betre. Med desse kan elevane fordjupe seg på ein heilt annan måte, og prøvene kan vere digitale. Med eit tastetrykk kan læraren sjekke korleis elevane jobbar og ha full kontroll på tidsbruk og poeng under ei prøve. Det blir lettare å tilpasse undervisninga til kvar enkelt elev.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt
Læring ved hjelp av Smart brett
Læring ved hjelp av Smart brett

Oppdatert kunnskap  

Internett er ein verdifull læringsressurs og blir ofte brukt i klasseromma. Det er lenge sidan lærarane måtte setje seg på venteliste for å låne den einaste TV-en og videospelaren på skulen for å sjå ein film om presidentar i Amerika. No kan læraren lettare finne og ta i bruk dagsaktuelle tema for elevane. Slik blir det lettare å inspirere til diskusjonar om oppdatert kunnskap.

Meir interaksjon  

Teknologien forandrar ikkje berre arbeidsmetodane til lærarane. Elevane blir oppmoda til meir gruppearbeid og interaksjon (samhandling) med hjelp av teknologiske hjelpemiddel. Læraren blir ein som skal leggje til rette for at læring og utvikling kan skje hos eleven. Då er det ikkje lenger slik at lærarar berre  formidlar kunnskap. Dei hjelper også elevane til å finne kunnskapen.

Elever i klasserommet
Elever i klasserommet

3D og spelteknologi  

3D-printing gir både lærarar og elevar moglegheit til å laga eige læringsmateriell på få minutt. Undervisninga i 3D-modellering kan gå frå teikning til prototype på nokre få timar. Biologilæraren kan printe ut kranium frå oldtidsdyr og sende rundt i klasserommet. Elevane kan lagre alt dei gjer i «skya» og unngår derfor å miste noko. Bruken av chatterom til prosjektsamarbeid blir meir og meir vanleg.

Både lærarar og foreldre ser ofte på dataspel som unødvendig. Elevane blir avhengige, og spela har liten verdi for læring og utvikling. Likevel har mange spel funne vegen til klasseromma, i form av læremiddel. Eit døme er Minecraft. Dei barna som vanlegvis bruker mykje tid på spel, får dermed større glede av læringa. Bruk av spel i undervisninga vil auke i tida framover.

Forrige avsnitt

1 / 2

Neste avsnitt

Virtuelle læringsrom  

Snart vil det ikkje vere nødvendig å forlate klasserommet for å dra på museum. VR-briller gir elevane moglegheit til å reise verda rundt, dykke i havet og sveve gjennom rommet. Når denne teknologien blir billigare å kjøpe, kan undervisninga bli meir engasjerande og oppslukande enn nokon gong. Elevane kan besøkje arkeologiske utgravingar i Egypt, og dei kan gjere ei reise gjennom menneskekroppen for å lære om anatomi.

Jente med VR briller
Jente med VR briller

Kjelder:

  • Ny vitenskap (2017-1)
    Orage Forlag AS
     

Bilet- og videorettar

    1. Getty Images
    2. Getty Images
    3. Getty Images
    4. Getty Images
    5. Getty Images
    6. Getty Images
    7. ThinkstockPhotos